Forskrift om felles adressesystem for kommunane Askvoll, Fjaler og Hyllestad, Sogn og Fjordane

DatoFOR-2015-10-02-1182
PublisertII 2015 hefte 4
Ikrafttredelse14.10.2015
Sist endret
Endrer
Gjelder forAskvoll, Fjaler og Hyllestad kommunar, Sogn og Fjordane
HjemmelLOV-2005-06-17-101-§21
Kunngjort14.10.2015   kl. 16.00
KorttittelForskrift om felles adressesystem for Askvoll, Fjaler og Hyllestad

Heimel: Fastsett av Askvoll kommune 2. september 2015, Fjaler kommune 7. september 2015 og Hyllestad kommune 2. oktober 2015 med heimel i lov 17. juni 2005 nr. 101 om eigedomsregistrering (matrikkelloven) § 21.

§ 1.Felles adresseringsområde

Kommunane Askvoll, Fjaler og Hyllestad utgjer eit felles adresseringsområde etter § 58 i matrikkelforskrifta.

§ 2.Adressemynde

Administrasjonssjefane i kommunane i adresseringsområdet er kommunen sitt adressemynde og har ansvar for adresseforvaltninga i kommunen. Ansvaret inneber tildeling av offisielle adresser etter reglane i matrikkellova og tilhøyrande sentral og lokal forskrift. I tillegg kjem førebuande arbeid knytt til fastsetjing av adressenamn og skrivemåten for stadnamn/adressenamn etter reglane i lov om stadnamn.

§ 3.Namnemynde

Formannskapa er namnemynde i kvar sin kommune og har ansvaret for fastsetjing av adressenamn i kommunen.

Ei felles namnenemnd1 (1 frå kvar kommune og 1 vara) oppnemnd av kommunestyra skal førebu adressenamnsakene for aktuell administrasjonssjef.

1Den einskilde kommune kan ha si eiga namnenemnd og at leiar av denne er kommunen sin representant i den felles namnenemnda.
§ 4.Retningsliner for namneval og skrivemåte av namna (jf. sentral forskrift § 51)
1.Der veg kryssar grenser mot annan kommune og det ikkje er eit naturlig skilje, t.d. vegkryss, bru eller liknande, skal vegparsellane ha same namn i vedkomande kommune og adresseringsområdet.
2.Ein skal i størst mogleg grad unngå eksisterande vegadressenamn i nabokommunar/same «utrykkingsområde».
3.Adressenamna må passe inn i eit samordna adressesystem for adresseringsområdet. Namna bør vere lette å oppfatte, skrive og uttale og skal vere unike slik at dei ikkje kan forvekslast med andre eksisterande adressenamn.
4.Eit adressenamn bør ha lokal tilknyting på staden og så langt råd er byggje på lokal namnetradisjon.
5.Gjennom namnsettinga skal ein så langt råd er verne om og ta vare på lokal kulturarv.
6.Namnet bør ikkje verke støytande eller komisk.
7.Namn på personar som er i live bør ikkje brukast i adressenamn. Namn på døde personar skal berre brukast når det er spesielle grunnar for dette.
8.Forslag til namn skal leggjast ut til høyring og offentleggjerast i lokalavisa og på kommunane sine heimesider, slik at aktuelle grunneigarar, organisasjonar og einskildpersonar i adresseringsområdet får høve til å kome med innspel. Utrykkingsinstansane og Stadnamntenesta for Vestlandet skal ha forslaga til høyring.
§ 5.Retningsliner for utforming av adressesystemet og nummerering av adressene
1.Utgangspunktet for det samordna adressesystemet for adresseringsområdet er samanfallande med Førde kommune sitt adressesystem.
2.Startpunkt for nummertildeling av adresser til veg eller område med eige adressenamn, er normalt der vegen tek av frå overordna veg/er utgangspunkt for tilkomst til området. Der ein adresseparsell (veg/område) har to eller fleire tilknytingspunkt til overordna veg, skal utgangspunktet for nummereringa til vanleg vere det som ligg nærast utgangspunktet nemnd i nr. 1 rekna etter ferdselsåra.
3.Sidevegar til ein overordna veg, bør gjevast eige adressenamn dersom sidevegen er:
a.kortare enn 200 m og fører til minst 20 adresseeiningar
b.lengre enn 200 m og fører til minst 14 adresseeiningar eller
c.lengre enn 500 m og fører til minst 7 adresseeiningar som gjeld fast busetnad og verksemder
4.Nummereringa langs sidene til ein veg bør gå mest mogleg parallelt.
5.Der adresseeiningane mest tenleg kan knytast til eit naturleg avgrensa område, for eksempel ei øy, bør området ha eige adressenamn dersom det i område er minst 20 adresseeiningar (fleire øyar og veglaust areal kan samla utgjere eit område).
6.Der unntak i begge retningar frå dei grensene som er sette i nr. 3 og 4 gjer det enklare for ukjente å finna fram, kan kommunen gjera unntak frå desse grensene. Det same gjeld der ein ved dette kan unngå større endringar i det etablerte adressesystemet.
§ 6.Adresseplan
1.Som grunnlag for adresseringsarbeidet, skal det utarbeidast ein adresseplan på kart som syner inndelinga av vegsystemet i adresseparsellar med start- og endepunkt markert. For areal som skal ha områdeadresse, jf. sentral forskrift § 51, skal yttergrensene vere avmerka.
2.Forslag til planen skal leggjast ut til høyring og offentleggjerast i lokalavisa og på kommunane sine heimesider, slik at utrykkingsinstansane, aktuelle grunneigarar, organisasjonar og einskildpersonar i adresseringsområdet får høve til å kome med innspel før slutthandsaminga.
3.Adressemynde fremjar planen for formannskapa i kommunane, som gjer endeleg vedtak om registreringsområdet si namneparsellinndeling og grensene for areala som skal ha områdeadresse, jf. sentral forskrift § 52.
§ 7.Skilting (jf. matrikkelforskrifta § 57)
1.Adressestyresmakta skal setje opp og halde ved like vegnamnskilt og tilvisingsskilt for adresser med tilkomst frå fellesvegar som ikkje har eige adressenamn.
2.Skilta skal vere i samsvar med adresseskilta i skiltstandarden i skiltforskrifta til vegtrafikklova.
3.For områdeadresser skal adressemynde setje opp kartadresseskilt på tenleg stad (kai, felles parkeringsplass o.l.) Desse skilta skal òg vere i nasjonal standard om slik vert utarbeidd innan tida for skilting er inne. Dersom slik standard då ikkje er etablert, skal det nyttast den standarden som er i bruk i Nordhordland og Gulen, jf. vedlegg 1.1
4.Det skal nyttast standard monteringsutstyr ved oppsetting av skilt.
5.Ønskjer ein adresseeigar eit adressenummerskilt som ikkje er i samsvar med skiltstandarden, kan han søke adressemynde om godkjenning dersom dei nasjonale funksjonskrava er oppfylde for det ønska skiltet.
6.Det skal utarbeidast eigen samhandlingsavtale mellom adressemynde i den einskilde kommune og Statens vegvesen region Vest i høve det ansvar og dei plikter Statens vegvesen har etter § 57 i matrikkelforskrifta.
1Vedlegg utelatt.
§ 8.Skiltplassering
1.Adressemynde fastset plasseringa av alle offentlege adresseskilt.
2.Adressenummerskilta skal plasserast slik at dei tydleg viser kva bygning/eigedom dei er knytte til, og vere plassert slik at dei er lett synlege frå gate/veg. Der huset ikkje er synleg frå vegen, skal adresseeigar også setje opp eit skilt ved innkøyringa, t.d. på søppelskur eller portstolpe e.l.
3.Nummerskilt på hus skal som hovudregel stå ca. 2,5 m over bakken, og så vidt mogleg til høgre for hovudinngangsdøra. Skilta skal haldast heile og reine, med tydelege tal og eventuell bokstav (stor). Der skilt vanskeleg kan sjåast frå vegen, skal nummerskilt òg plasserast i høveleg høgd på port, inngjerding, stolpe eller anna eigna stad, og som regel til høgre for tilkomst. Skilta bør plasserast slik at dei er leselege i mørke.
§ 9.Frist for oppsetting av adressenummerskilt

For eksisterande bygg/eigedomar som får tildelt adressenummer, skal nummerskilt vere sett opp innan 6 md. etter at adresseeigar har fått tildelt vegadresse. For nye bygg skal nummerskilt vere oppsett før bygget vert teke i bruk.

§ 10.Skilttilsyn/mangelfull skilting
1.Kommunen sitt branntilsyn skal rapportera mangelfull skilting til adressemyndet.
2.Adressemynde rettar manglar kva gjeld sitt ansvar, jf. òg avtalen nemnd i § 7 nr. 6.
3.For mangelfull skilting som er adresseeigar sitt ansvar, gjev adressemynde eigaren skriftleg pålegg om turvande rettingar innan rimeleg tid. Kva som skal utførast og frist skal gå fram av pålegget. Vert ikkje pålegget teke til følgje, utfører adressemynde turvande retting på adresseeigaren sin kostnad etter å ha gjeve adresseeigaren skriftleg varsel om dette.
§ 11.Klage
1.Det er ingen klagerett på formannskapet sitt val av adressenamn, berre på valt skrivemåte av namnet. Slik klage følgjer stadnamnlova sine klagereglar.
2.Adresseeigar kan klaga adressenummertildelinga, på kva adresseparsell hans/hennes adresse er knytt til og på pålegg etter § 10 nr. 3 i denne forskrifta.
3.Det kan klagast på formannskapet sitt adresseplanvedtak av dei dette har verknad for.
4.Klage etter § 11 nr. 2 og 11 nr. 3 skal skje i samsvar med reglane i forvaltingslova.
§ 12.Iverksetjing

Forskrifta gjeld frå den dato ho er vedteken i dei tre kommunestyra og lovleg kunngjort.