Ikrafttredelse av lov av 6. juni 1975 nr. 31 om utnytting av rettar og lunnende m.m. i statsallmenningane (fjellova). Del. av myndighet.

DatoFOR-1975-11-21-4
DepartementLandbruks- og matdepartementet
PublisertI 1975 805
Ikrafttredelse01.01.1976, 01.04.1976
Sist endret
Endrer
Gjelder forNorge
HjemmelLOV-1975-06-06-31-§3, LOV-1975-06-06-31-§4, LOV-1975-06-06-31-§5, LOV-1975-06-06-31-§6, LOV-1975-06-06-31-§10, LOV-1975-06-06-31-§11, LOV-1975-06-06-31-§14, LOV-1975-06-06-31-§23, LOV-1975-06-06-31-§25, LOV-1975-06-06-31-§26, LOV-1975-06-06-31-§28, LOV-1975-06-06-31-§29, LOV-1975-06-06-31-§38, LOV-1975-06-06-31-§39
Kunngjort
KorttittelIkrafttr. av fjellova. Delegering av myndighet

Kapitteloversikt:

Fastsett ved kgl.res. av 21. nov. 1975. Fremja av Landbruksdep.

1

Lova skal gjelde frå og med 1. januar 1976, likevel slik at føresegnene om jakt og fangst i kap. XI først skal gjelde frå og med 1. april 1976.

2

Landbruksdepartementet og Miljøverndepartementet vert tillagt og delegert makt etter lova i samsvar med følgjande:

1.Landbruksdepartementet skal ha den makt som er tillagt departementet i lova med unntak for kap. XI og XII.
2.Miljøverndepartementet skal ha den makt som er tillagt departementet i kap. XI og XII. Miljøverndepartementet skal dessutan vera klageinstans etter § 10 andre leden når det gjeld fjellstyrevedtak med heimel i kap. XI og XII.
3.Den makt som er tillagt Kongen i §§ 3, 4, 5, 6, 10, 11, 14, 23 og 28 blir delegert til Landbruksdepartementet.
4.Den makt som i § 38 er tillagt Kongen til å fastsetje overgangsføresegner i samband med iverksetjing av lova blir delegert til Landbruksdepartementet med unntak for iverksetjing av kap. XI og XII som Miljøverndepartementet får fullmakt til å gje overgangsføresegner om.
5.Den makt som er tillagt Kongen §§ 25, 26 og 29 blir delegert til Miljøverndepartementet.
6.Landbruksdepartementet kan delegere den makt departementet etter dette har med heimel i fjellova av 1975 til Direktoratet for statens skoger.
7.Miljøverndepartementet kan delegere den makt departementet etter dette har med heimel i fjellova av 1975 til Direktoratet for statens skoger.
7.Miljøverndepartementet kan delegere den makt departementet etter dette har med heimel i fjellova av 1975 til Direktoratet for vilt og ferskvannsfisk.
8.Vedtekter utferda med heimel i § 7 i den gamle fjellova skal gjelde til dei blir oppheva eller endra med heimel i § 14 i den nye fjelllova.