Forskrift om delegering av myndigheit etter lov av 6. juni 1975 nr. 31 om utnytting av rettar og lunnende m.m. i statsallmenningane (fjellova).

DatoFOR-1995-07-01-679
DepartementLandbruks- og matdepartementet
PublisertI 1995 1001
Ikrafttredelse01.07.1995
Sist endretFOR-2014-09-22-1223
EndrerFOR-1975-12-19
Gjelder forNorge
HjemmelLOV-1975-06-06-31-§38, FOR-1975-11-21-4
Kunngjort
KorttittelForskrift om delegering etter fjellova

Hjemmel: Fastsett av Landbruksdepartementet (nå Landbruks- og matdepartementet) 1. juli 1995 med heimel i lov av 6. juni 1975 nr. 31 om utnytting av rettar og lunnende m.m. i statsallmenningane (fjellova) § 38 og kgl.res. av 21. november 1975.
Endringer: Endra ved forskrifter 14 des 2000 nr. 1298, 22 sep 2014 nr. 1223.

§ 1.Innleiing

I denne forskrifta videredelegerast til Statskog SF og Landbruksdirektoratet, med einskilde unntak, den myndigheit departementet og Kongen har etter lov av 6. juni 1975 nr. 31 om utnytting av rettar og lunnende m.m. i statsallmenningane (fjellova), og som i kgl.res. av 21. november 1975 er delegera til Landbruksdepartementet.

Forskrifta gjev i §§ 2, 3, 4 og 5 ei fullstendig oversikt over myndigheitsfordelinga mellom Statskog SF, Landbruksdirektoratet, Landbruksdepartementet og Kongen etter fjellova.

Den myndigheit som i kap. XI og XII er lagt til departementet, og som i §§ 25, 26 og 29 er lagt til Kongen, ligg etter kgl.res. av 21. november 1975 til Miljøverndepartementet, og er såleis ikkje omfatta av denne forskrifta.

0Endra ved forskrifter 14 des 2000 nr. 1298 (i kraft 1 jan 2001), 22 sep 2014 nr. 1223.
§ 2.Vidaredelegering av myndigheit lagt til departementet

Myndigheit lagt til departementet etter følgjande reglar i fjellova vidaredelegerast frå Landbruksdepartementet til Statskog SF:

-§ 9 andre punktum om avgjerd av tvistar mellom fjellstyret og allmenningsstyret.
-§ 11 andre stykket første punktum om framlegging av rekneskap, og tredje stykket om samtykke til løyving av midlar til allmennyttige føremål.
-§ 12 andre stykket om grunndisponeringstiltak, og tredje stykket om bruken av grunneigarinntektene etter nærare retningsliner som vert gjevne av departementet.
-§ 20 andre stykket om samtykke til overføring av utvist tilleggsjord.
-§ 21 første stykket om samtykke til overføring av utvist tilleggsjord til jordbrukar(ar) utan beiterett i allmenningen, og tredje stykket om utleige av jord skikka til dyrking eller kulturbeite til jordbrukar(ar) utan beiterett i allmenningen.
-§ 34 andre stykket om høve til å krevje skjøn før det vert teke avgjerd etter § 12 første stykket og § 21 fjerde stykket.
-§ 36 andre stykket om godkjenning av oppsynsordning.

Myndigheit lagt til departementet etter § 10 i fjellova, om klagesakshandsaming og omgjering av fjellstyrevedtak, delegerast til Landbruksdirektoratet.

For utvising av grunn som er skikka til dyrking eller til kulturbeite som tilleggsjord, jfr. § 19 i fjellova, gjeld reglane i kapittel II i forskrift av 22. juni 1984 nr. 1302 om seter og tilleggsjord m.m. i statsallmenningane.

0Endra ved forskrifter 14 des 2000 nr. 1298 (i kraft 1 jan 2001), 22 sep 2014 nr. 1223.
§ 3.Vidaredelegering av myndigheit lagt til Kongen

Myndigheit lagt til Kongen etter følgjande reglar i fjellova vidaredelegerast frå Landbruksdepartementet til Statskog SF:

-§ 3 fjerde stykket om fastsetjing av grensene for området der allmenningen ligg, og sjette stykket om fastsetjing av representasjon for reindriftsnæringa i fjellstyret.
-§ 4 første punktum om fastsetjing av om det skal veljast eit eller fleire fjellstyre når det er fleire statsallmenningar innan ein kommune.
-§ 5 første og andre stykket om avgjerd av om det skal vere eit felles fjellstyre når ein statsallmenning ligg i to eller fleire kommunar, og fjerde stykket om unntak for talet på fjellstyremedlemer etter tredje stykket.
-§ 6 første stykket om avgjerd om forsterka fjellstyre når allmenningsbruken ligg til bygd eller grend i andre kommunar enn den allmenningen ligg i.
-§ 10 første stykket om fastsetjing av nærare reglar om førehandsvarsel og kunngjering av eller melding om fjellstyrevedtak, og tredje stykket om fråvik frå lovens regel om når fjellstyrevedtak tek til å gjelde.
-§ 11 andre stykket tredje punktum om fastsetjing av nærare reglar om rekneskapsføring og revisjon av fjellkassa.
-§ 14 andre punktum om stadfesting av vedtekter om bruken av allmenningen.
-§ 23 andre stykket om fastsetjing av grensene for det området der allmenningen ligg.
-§ 28 andre stykket om fastsetjing av grensene for det område der allmenningen ligg.
§ 4.Vidaredelegering av myndigheit frå Statskog SF til distriktskontora

Den myndigheit som etter denne forskrifta er lagt til Statskog SF kan delegerast vidare til det einskilde distriktskontor.

§ 5.Myndigheit etter fjellova som ligg til Landbruksdepartementet

Den myndigheit som ligg til departementet etter § 17 andre stykket, om stadfesting av fjellstyrevedtak om tamreinbeite i statsallmenning utanom reinbeiteområde etter tamreinlova, skal liggje til Landbruksdepartementet.

§ 6.Myndigheit etter fjellova som ligg til Kongen

Den myndigheit Kongen har etter § 1, til å bestemme at fjellova heilt eller delvis skal gjelde for andre område som tilhøyrer staten, vert ikkje omfatta av denne forskrifta.

Det same gjeld § 38 første punktum om fastsetjing av forskrifter til gjennomføring av lova.

§ 7.Klage

For klage på einskildvedtak gjort med heimel i denne forskrifta gjeld lov 10. februar 1967 om behandlingsmåten i forvaltningssaker (forvaltningslova).

Landbruksdirektoratet er klageinstans for einskildvedtak fatta av både Statskog SF sentralt og av det einskilde distriktskontor når myndigheit er vidaredelegert etter § 4 i denne forskrifta.

0Endra ved forskrifter 14 des 2000 nr. 1298 (i kraft 1 jan 2001), 22 sep 2014 nr. 1223.
§ 8.Ikraftsetjing og oppheving

Denne forskrifta tek til å gjelde frå 1. juli 1995.

Forskrifta avløyser forskrift av 19. desember 1975 om delegering av myndigheit til Direktoratet for statens skoger.