Ikraftsetjing av lov 5. mai 1995 nr. 20 og lov 28. juni 1996 nr. 55 om endringer i plan- og bygningslova. Bortfall av reglene i lov 19. juni 1970 nr. 59 om handverksnæring. Gebyr for fråsegn om branntekniske forhold. Overføring av kompetanse etter plan- og bygningslova §§ 92a, 92b og 109 og kapittel XVIII og XIX.

DatoFOR-1997-03-21-228
DepartementKommunal- og moderniseringsdepartementet
PublisertAvd I 1997 550
Ikrafttredelse01.07.1997, 01.04.1997
Sist endret
EndrerLOV-1970-06-19-59
Gjelder forNorge
HjemmelLOV-1995-05-05-20, LOV-1996-06-28-55
Kunngjort
KorttittelIkrafttr. av lover 1995:20 og 1996:55 (plbl.)

Kapitteloversikt:

Fastsett ved kgl.res. 21. mars 1997 med heimel i lov 5. mai 1995 nr. 20 om endringer i plan- og bygningsloven av 14. juni 1985 nr. 77 kapittel III nr. 1 og lov 28. juni 1996 nr. 55 om endringer i plan- og bygningsloven m.m. kapittel III. Fremja av Kommunal- og arbeidsdepartementet.

I

Lov 5. mai 1995 nr. 20 om endringer i plan- og bygningsloven, med unntak av kapittel II nr. 2, tek til å gjelde 1. juli 1997. Lov 28. juni 1996 nr. 55, med unntak av § 98a, tek til å gjelde 1. juli 1997.

II

Lov 5. mai 1995 nr. 20 om endringer i plan- og bygningsloven kapittel II nr. 2 tek til å gjelde 1. april 1997. Lov 28. juni 1996 nr. 55 om endringer i plan- og bygningsloven § 98a tek til å gjelde 1. april 1997.

III

Søknad om godkjenning i medhald av lov 24. oktober 1952 om godkjenning av entrepenører som driv med husbygging eller anna byggarbeid, som har kome inn før 1. april 1997, handsamast etter same lov.

IV

1)Reglane om røyrleggjarfaget i lov 19. juni 1970 nr. 59 om handverksnæring med forskrifter, gjort gjeldande i kongeleg resolusjon av 12. desember 1986 nr. 2175 punkt 2, blir oppheva 1. april 1997.
2)Godkjenning av røyrleggjarar etter lov 19. juni 1970 nr. 59 om handverksnæring med forskrifter, gjeve etter søknad som har kome inn før 1. april 1997, gjeld fram til 1. juli 1999.

V

Frå 1. juli 1997 kan det krevjast gebyr etter forskrift til lov 10. februar 1967 om behandlingsmåten i forvaltningssaker § 27a gjeve i kongeleg resolusjon av 16. desember 1988 nr. 1034 for fråsegn gjeve av Statens bygningstekniske etat etter forskrift om saksbehandling og kontroll i byggsaker § 34 gjeve av Kommunal- og arbeidsdepartementet.

IV

Kompetansen som er tillagt departementet som plan- og bygningsstyresmakt etter plan- og bygningslova kapittel XVIII og XIX leggjast, så langt det gjeld forhold som blir omfatta av kapittel III-VIIa i lova, til Miljøverndepartementet. Det samme gjeld kompetanse etter §§ 92a, 92b, 109 og kapittel I og II for saker som gjeld ansvarsområdet til Miljøverndepartementet.