Ikraftsetjing og overgangsreglar til lov av 4. juli 2003 nr. 84 om frittståande skolar (friskolelova).

DatoFOR-2003-07-04-896
DepartementKunnskapsdepartementet
PublisertI 2003 hefte 10
Ikrafttredelse01.10.2003
Sist endretFOR-2005-05-20-437
Endrer
Gjelder forNorge
HjemmelLOV-2003-07-04-84-§8-1, LOV-2003-07-04-84-§2-1, LOV-2003-07-04-84-§2-2
Kunngjort08.07.2003
KorttittelIkrafts. og overg.regler til friskolelova

Fastsett ved Kronprinsreg.res. 4. juli 2003 med heimel i lov av 4. juli 2003 nr. 84 om frittståande skolar (friskolelova) § 7-7 og § 7-9. Fremja av Utdannings- og forskingsdepartementet. Endra 20 mai 2005 nr. 437. 

1)Lov av 4. juli 2003 nr. 84 om frittståande skolar (friskolelova) trer i kraft 1. oktober 2003.
2)For skolar som er godkjende etter lov 14. juni 1985 nr. 73 om tilskot til private grunnskular og private skular som gjev vidaregåande opplæring (privatskulelova), gjeld § 1-1 første ledd frå 1. oktober 2005. § 2-1 fjerde ledd og § 2-2 femte ledd gjeld frå 1. januar 2006.
3)Lov av 14. juni 1985 nr. 73 om tilskot til private grunnskular og private skular som gjev vidaregåande opplæring (privatskulelova) vert oppheva 1. oktober 2003.
4)Endringar i lov av 17. juli 1998 nr. 61 om grunnskolen og den vidaregåande opplæring (opplæringslova) § 1-1 andre ledd og § 2-8, samt endringar i lov av 17. juli 1992 nr. 100 om barneverntjenester § 6-4 tredje ledd trer i kraft 1. oktober 2003.
0Endra ved forskrift 20 mai 2005 nr. 437.