Delegering av mynde til fylkesmennene etter inndelingslova.

DatoFOR-2007-04-19-422
DepartementKommunal- og moderniseringsdepartementet
PublisertI 2007 hefte 4
Ikrafttredelse19.04.2007
Sist endret
Endrer
Gjelder forNorge
HjemmelLOV-2001-06-15-70-§6, LOV-2001-06-15-70-§7, FOR-2007-01-18-47
Kunngjort24.04.2007
KorttittelDeleg. av mynde etter inndelingslova

Hjemmel: Fastsett av Kommunal- og regionaldepartementet (nå Kommunal- og moderniseringsdepartementet) 19. april 2007 med heimel i lov 15. juni 2001 nr. 70 om fastsetjing og endring av kommune- og fylkesgrenser (inndelingslova) § 6 og § 7, jf. delegeringsvedtak 18. januar 2007 nr. 47. 

Kommunal- og regionaldepartementet delegerer vidare til fylkesmannen mynde til å ta følgjande avgjerder:

1.Fylkesmannen treff vedtak i mindre saker om justering av kommunegrenser når det er semje om ei løysing, jf. § 6. Dersom kommunegrensa som saka gjeld er del av ei fylkesgrense, skal saka likevel avgjerast av departementet.
2.Fylkesmannen fastset kommunegrenser (på land og i sjø), jf. § 7. Dersom kommunegrensa som saka gjeld er del av ei fylkesgrense, skal saka likevel avgjerast av departementet.
3.I dei sakstypane fylkesmannen har fått delegert mynde til å fatte vedtak etter § 6 og § 7, avgjer fylkesmannen, jf. § 9, kor vidt det skal setjast i gang utgreiing på grunnlag av initiativ etter § 8.
4.I dei sakstypane fylkesmannen har fått delegert mynde til å fatte vedtak etter § 6 og § 7, avgjer fylkesmannen kor vidt utgiftene ved utgreiinga skal berast av ein eller fleire av dei interesserte kommunane, jf. § 11.
5.Fylkesmannen kan avvise søknad frå ein som ikkje har initiativrett, jf. § 9 andre avsnitt.
6.Fylkesmannen kan gjennomføre lovlegkontroll med budsjettvedtak etter at utgreiing om samanslåing er sett i gang, jf. § 28.