Delegering av mynde etter lov 28. juni 1974 nr. 58 om odelsretten og åsetesretten

DatoFOR-2011-02-11-137
DepartementLandbruks- og matdepartementet
PublisertI 2011 hefte 2
Ikrafttredelse11.02.2011
Sist endret
EndrerFOR-1975-12-19-2, FOR-1989-12-15-1243, FOR-2006-12-08-1362, FOR-1980-12-12-3966
Gjelder forNorge
HjemmelLOV-1974-06-28-58-§30, LOV-1974-06-28-58-§31, LOV-1974-06-28-58-§32, LOV-1974-06-28-58-§33
Kunngjort15.02.2011   kl. 14.45
Rettet01.03.2011 (heimel)
KorttittelDelegering til LMD etter odelslova

Kapitteloversikt:

Heimel: Fastsett ved kgl.res. 11. februar 2011 med heimel i lov 28. juni 1974 nr. 58 om odelsretten og åsetesretten § 30, § 31, § 32 og § 33. Fremja av Landbruks- og matdepartementet.

I

Delegering av mynde

Landbruks- og matdepartementet skal ha dei fullmakter som etter lov 28. juni 1974 nr. 58 om odelsretten og åsetesretten er lagde til Kongen eller departementet.

II

Ikraftsetjing og oppheving av andre vedtak

Endringane trer i kraft straks. Frå same tidspunkt blir følgjande vedtak oppheva:

1.Kongeleg resolusjon 19. desember 1975 nr. 2 Ikrafttredelse av lov 19. desember 1975 nr. 70 om brigde i odelsretten og åsetesretten m.m. Del. av fullmakt avsnitt II pkt. 1–7.
2.Kongeleg resolusjon 15. desember 1989 nr. 1243 Delegering av Kongens myndighet til Landbruksdepartementet etter odelsloven § 31 første ledd annet punktum, kongeleg resolusjon 8. desember 2006 nr. 1362 Delegering av myndighet til Landbruks- og matdepartementet etter odelslova § 16 og § 31 og kongeleg resolusjon 12. desember 1980 nr. 3966 Delegering av myndighet etter jordloven.