Delegering av mynde etter lov 15. juni 2001 nr. 70 om fastsetjing og endring av kommune- og fylkesgrenser (inndelingslova)

DatoFOR-2016-03-18-266
DepartementKommunal- og moderniseringsdepartementet
PublisertI 2016 hefte 4
Ikrafttredelse18.03.2016
Sist endret
EndrerFOR-2007-01-18-47
Gjelder forNorge
HjemmelLOV-2001-06-15-70-§17
Kunngjort18.03.2016   kl. 15.50
KorttittelDeleg. av mynde etter inndelingslova

Heimel: Fastsett ved kgl.res. 18. mars 2016 med heimel i lov 15. juni 2001 nr. 70 om fastsetjing og endring av kommune- og fylkesgrenser (inndelingslova) § 17. Fremja av Kommunal- og moderniseringsdepartementet. 

Kongens mynde etter inndelingslova § 6 og § 7 blir delegert til departementet.

Kongens mynde etter inndelingslova § 17 til å fastsetje nærmare reglar for gjennomføring av grenseendring etter § 4, § 5 eller § 6, medrekna det å gjere unntak frå gjeldande reglar i lov eller forskrift, blir delegert til departementet. Fullmakta etter føregåande punktum kan ikkje delegerast vidare.

Vedtak 18. januar 2007 nr. 47 om delegering av mynde etter lov 15. juni 2001 nr. 70 om fastsetjing og endring av kommune- og fylkesgrenser, blir oppheva.