Forskrift om fiske etter sild med garn til eige bruk av agn på kyststrekningen frå Stad til Lindesnes, Sogn og Fjordane, Hordaland, Rogaland og Vest-Agder.

DatoFOR-1982-07-06-1189
PublisertII 1982 s 509
Ikrafttredelse06.07.1982
Sist endret
Endrer
Gjelder forStad til Lindesnes, Sogn og Fjordane, Hordaland, Rogaland og Vest-Agder
HjemmelFOR-1981-12-22
Kunngjort
KorttittelForskrift om sildefiske, Stad til Lindesnes

Med heimel i § 2 i føresegner gjevne av Fiskeridepartementet 22. desember 1981 har Fiskeridirektøren 6. juli 1982 fastsatt desse føresegnene:

§ 1.På kyststrekningen frå Stad til Lindesnes kan fiskarar som står på blad a eller b i fiskarmanntal fiska sild med garn til eige bruk av agn frå 8. juli 1982 kl. 1200.
§ 2.Fiske nemnd i § 1 kan ikkje drivast med meir enn to fastståande garn med ei samla lengde på inntil 60 meter. Farty som vert nytta må vera fiskerimerka.
§ 3.Desse føresegnene tek til å gjelde straks.