Forskrift om grense elv - sjø utanfor munningen av Driva og Litledalselva, Sunndal kommune, Møre og Romsdal.

DatoFOR-1996-03-12-250
PublisertII 1996 87
Ikrafttredelse12.03.1996
Sist endret
Endrer
Gjelder forSunndal kommune, Møre og Romsdal.
HjemmelLOV-1992-05-15-47-§31
Kunngjort
KorttittelForskrift om grense - fiske etter laks, Sunndal

Fastsatt av fylkesmannen i Møre og Romsdal 12. mars 1996 med heimel i lov av 15. mai 1992 nr. 47 om laksefisk og innlandsfisk m.v. § 31.

§ 1.Den nye grensa mellom elv og sjø utanfor utløpet av Driva og Litledalselva følgjer ei rett line frå sørvestre hjørne av kaianlegget til Hydro Aluminium Sunndal (UTM 769 505, kart 711/32 V/MQ, kartblad 1420 III) mot nordvest til eit sjømerke (grønn stake, UTM 768 506) og vidare i rett line mot sørvest til eit punkt på vestre side av Sunndalsfjorden 100 m sør for Hammarkaia sitt sydaustlege hjørne (UTM 756 497, markert med skilt «grense sjø - elv»).
§ 2.Denne forskrifta trer i kraft straks. Samstundes vert tidlegare grensefastsetjing oppheva.