Forskrift om fiske etter innlandsfisk i innsjøar med anadrome laksefisk, Møre og Romsdal.

DatoFOR-1996-06-13-560
PublisertAvd II 1996 Nr. 6
Ikrafttredelse13.06.1996
Sist endretFOR-2015-06-11-640
EndrerFOR-1983-06-03
Gjelder forMøre og Romsdal
HjemmelLOV-1992-05-15-47-§34, FOR-1992-11-27-864
Kunngjort
KorttittelForskrift om fiske i innsjøar, Møre og Romsdal

Kapitteloversikt:

Fastsett av fylkesmannen i Møre og Romsdal 13. juni 1996 med heimel i lov av 15. mai 1992 nr. 47 om laksefisk og innlandsfisk m.m. § 34, jf. kgl.res. av 27. november 1992 nr. 864. Endra med forskrifter 18 juni 1998 nr. 641, 20 juni 2001 nr. 747, 17 feb 2005 nr. 208, 20 april 2005 nr. 350, 11 juni 2015 nr. 640 (i kraft 1 aug 2015).

§ 1.I innsjøar og vatn der det går laks og sjøaure er garnfiske etter innlandsfisk berre tillate med botngarn med største maskevidde 26 mm (24 omfar). Dette fisket er berre tillate i perioden frå og med 1. september til og med 15. desember. Garna skal stå på botnen i større avstand enn 300 m frå elve- og bekkeos og alle flytarar skal vere neddykte. Desse føresegnene gjeld óg for sund eller delar av vatn eller innsjøar der breidda er mindre enn 300 m målt på tvers av sundet, vatnet eller innsjøen si retning ved middels sommarvasstand.
§ 2.I Eikesdalvatnet i Nesset kommune, Brusdalsvatnet i Ålesund kommune og Bjørkedalsvatnet i Volda kommune er det i tillegg tillate å fiske med botngarn (største maskevidde 26 mm) i perioden frå og med 1. juli til og med 31. august når øvste del av garna står minst 3 m under overflata.

I Eikesdalvatnet i Nesset kommune er botngarnfisket berre tillate mellom grenselinene a) frå utløpet av Røndøla elv på vestsida av vatnet til ytste punkt på neset på nordsida ved øverås til b) frå eit punkt i strandkanten ved Kuhamaren på vestsida av vatnet omlag 500 m frå Aura elv til utløpet av Tyvikgrova på austsida av vatnet.

I Brusdalsvatnet i Ålesund kommune er botngarnfisket berre tillate utanfor ei rett line mellom a) eit punkt i strandkanten på nordsida 500 m frå utløpet i vestenden av vatnet til b) eit punkt i strandkanten 200 m aust for utløpet av Årsetbekken på sørsida av vatnet.

I Bjørkedalsvatnet i Volda kommune er botngarnfisket berre tillate i ein større avstand enn 300 m frå inn- og utløpsos.

I Storevatnet i Volda kommune er det tillatt å fiske med botngarn (største maskevidde 26 mm/24 omfar) i perioden frå og med 1. juli til og med 31. august når øvste del av garna står minst 3 m under overflata. Botngarnfisket er berre tillatt i ein større avstand enn 300 m frå inn- og utløpsos.

I Vatnevatnet i Ørsta kommune er det tillatt å fiske etter innlandsfisk med botngarn med største maskevidde 26 mm (24 omfar) i perioden 1. mai til og med 15. desember. Garna skal stå på botnen i større avstand enn 300 m frå elve- og bekkeos og alle flytarar skal vere neddykte.

I Andestadvatnet, Sykkylven kommune, er det tillatt å fiske etter innlandsfisk med botngarn med største maskevidde 26 mm (24 omfar) i perioden frå og med 1. juni til og med 15. desember. Dette fisket skal gå føre seg aust for ei rett line mellom a) eit punkt 300 m frå utløpet av Aureelva på nordsida av vatnet til b) eit tilsvarande punkt 300 m fra innløpet av Aurdalselva på sørsida av vatnet. Garna skal stå på botnen og alle flytarar skal vere neddykte. Forbod mot garnfiske gjeld óg dei delar av vatnet der breidda er mindre enn 200 m.

I Hanemsvatnet, Tingvoll kommune, er det tillatt å fiske etter innlandsfisk med botngarn med største maskevidde 26 mm (24 omfar) i perioden frå og med 1. juni til og med 15. desember. Garna skal stå på botnen i større avstand enn 300 m frå elve- og bekkeos og alle flytarar skal vere neddykte. Desse føresegnene gjeld óg for sund eller delar av vatn eller innsjøar der breidda er mindre enn 300 m på tvers av sundet, vatnet eller innsjøen si retning ved middels sommarvasstand

I Osvatnet, Molde og Nesset kommune, er det tillatt å fiske etter innlandsfisk med botngarn med største maskevidde 26 mm (24 omfar) frå og med 1. mai til og med 15. desember. Garna skal stå på botnen i større avstand enn 300 m frå elve- og bekkeos og alle flytarar skal vere neddykte.

0Endra med forskrifter 18 juni 1998 nr. 641, 20 juni 2001 nr. 747, 17 feb 2005 nr. 208, 20 april 2005 nr. 350.
§ 3.I Nåsvatnet i Eide kommune er det berre tillate å fiske med botngarn (største maskevidde 26 mm) i perioden frå og med 1. juli til og med 30. september. Garnfisket er berre tillate i den delen av innsjøen som ligg mellom grenselinene a) frå eit punkt i strandkanten 300 m nordvest for utløpet av Nåselva i ei rett line mot nordaust parallelt med grensa for Fuglefredningsområdet og vidare i rett line forbi Kallaneset til eit punkt på nordsida av vatnet til b) ei rett line mellom to punkt i strandkanten, eit på kvar side 500 m frå utløpet av Oselva i vestenden av vatnet.
§ 4.Fetvatnet i Sykkylven kommune, Grimstadvatnet i Hareid kommune og Frelsvatnet i Fræna kommune er unnateke denne forskrifta med omsyn til garnfiske og fylgjer dei føresegner som til ei kvar tid gjeld for lakse- og sjøaurefisket i vassdraget.
§ 5.Fiske med stong og handsnøre etter innlandsfisk er tillate heile året.

For Nåsvatnet i Eide kommune gjeld følgjande: I fredningstida for anadrome laksefisk i vassdraget er det berre tillate å fiske med stong og handsnøre etter innlandsfisk mellom grenselinene a og b.

a)Ved utløpet av Nåsvatnet: frå eit punkt i strandkanten 300 m nordvest for utløpet av Nåselva i ei rett line mot nordaust parallelt med grensa for Fuglefredningsområdet og vidare i rett line forbi Kallaneset til eit punkt på nordsida av vatnet.
b)Ved innløpet: ei rett line mellom to punkt i strandkanten, eit på kvar side 500 m frå utløpet av Oselva i vestenden av vatnet.
Endra med forskrift 11 juni 2015 nr. 640 (i kraft 1 aug 2015).
§ 6.Fisket etter ål er tillate med dei reiskap som er vanleg for slikt fiske. Fylkesmannen kan gje nærmare bestemmelser om kva reiskapstyper som er tillate.
§ 7.Brot på denne forskrifta er straffbart, jfr. § 49 i lov om laksefisk og innlandsfisk m.v. av 15. mai 1992 nr. 47.
§ 8.Denne forskrifta trer i kraft straks. Samstundes vert forskrift D 102 dagsett 3. juni 1983 om særreglar for innlandsfiske i vassdrag der det går laks og sjøaure oppheva for Møre og Romsdal. 

Kartvedlegg: 

lf-19960613-0560-01-01.png

0Tilføyd med forskrift 11 juni 2015 nr. 640 (i kraft 1 aug 2015).