Forskrift om fiske i Riskedalsvatnet, Hjelmeland kommune, Rogaland.

DatoFOR-1996-10-02-934
PublisertII 1996 335
Ikrafttredelse02.10.1996
Sist endret
Endrer
Gjelder forHjelmeland kommune, Rogaland.
HjemmelLOV-1992-05-15-47-§34, FOR-1992-11-27-877
Kunngjort
KorttittelForskrift om fiske i Riskedalsvatnet

Kapitteloversikt:

Fastsett av fylkesmannen i Rogaland 2. oktober 1996 med heimel i lov av 15. mai 1992 nr. 47 om laksefisk og innlandsfisk § 34, jf. forskrift av 27. november 1992 nr. 877 om åpning for fiske etter anadrome laksefisk.

I

§ 1.Generelle fiskereglar

For fiske i Riskedalsvatnet gjeld dei generelle reglane om fisketid, reidskapsbruk m.m. for vassdrag som fører anadrome laksefisk (laks og sjøaure). I tillegg er slikt fiske som nemnt under § 2 tillate.

§ 2.Særskilte reglar for innlandsfiske

I perioden frå og med 15. oktober til og med 30. november er det tillate å fiske innlandsfisk (røye og aure) med setjegarn i følgjande område:

A:Langs land på strekninga mellom utløpsosen og munninga av Riskedalsåna, minst 200 m frå begge elveosane.
B:Langs land på strekninga mellom utløpsosen og munninga av Bønaråna, minst 200 m frå begge elveosane.

Det kan kun nyttast botngarn som står på botn i heile si lengd, og med alle flytarar neddykte. Største lovlege maskevidde er 20 omfar (32 mm).

§ 3.Utkastingsplikt

Anadrome laksefisk som vert fanga under garnfiske skal straks kastast ut igjen.

II

Forskrifta trer i kraft 2. oktober 1996.