Forskrift om fiske ved utlaup av vassdrag med anadrome fiskeartar, Hordaland.

DatoFOR-1997-06-23-734
PublisertII 1997 356
Ikrafttredelse23.06.1997
Sist endret
EndrerFOR-1994-05-25-461, FOR-1992-03-24-241-§1
Gjelder forHordaland
HjemmelLOV-1992-05-15-47-§40, FOR-1992-11-27-864
Kunngjort
KorttittelForskr. om fiske ved vassdragsutlaup, Hordaland

Kapitteloversikt:

Fastsett av fylkesmannen i Hordaland 23. juni 1997 med heimel i lov av 15. mai 1992 nr. 47 om laksefisk og innlandsfisk § 40 og delegeringsvedtak av 27. november 1992 nr. 864.

§ 1.Fiskereglar

Utanfor alle vassdrag der det går anadrome laksefisk gjeld følgjande fiskeregel:

Ut til 100 meter frå grensa mellom elv og sjø (elvemunninga), er alt fiske forbode unnatak stongfiske frå land i fiskesesongen i vassdraget. Låssetting av fisk er ikkje å forstå som fiske, og er difor tillete så lenge det ikkje stengjer for oppgang av fisk til vassdraget.

I fredingssonene omtala under § 3 nedanfor gjeld følgjande fiskereglar utafor 100-metersona heile året:

Fiske etter anadrom fisk er berre tillete med følgjande reiskap:

Dorg, oter, stong eller handsnøre frå båt og land. Ved båtfiske må heile reiskapen og båten til ei kvar tid vere minst 100 meter frå grensa mellom elv og sjø (elvemunninga). Fiske med stong, handsnøre, eller dorg etter anadrome laksefisk frå båt, samt alt fiske med oter er berre tillete i den fisketida som elles er fastsett for slikt fiske.

Fiske etter marine artar er berre tillete med følgjande reiskap:

Nøter med maksimum maskevidde 17,5 mm halvmaske (36 omfar) når reiskapen vert sett ut av fiskarar oppførte i fiskarmanntalet og frå fartøy som er registrerte i merkeregisteret for norske fiskefartøy, jfr. lov om registrering av fiskefartøy av 5. desember 1917 nr. 1. Ingen del av reiskapen skal stå nærare grense mellom elv og sjø (elvemunning) enn 100 meter.

Alle andre elles tilletne fiskereiskaper enn dei foran nemnde for fiske etter marine artar, når heile fangstdelen alltid står minst 5 meter under havoverflata, og ikkje nokon del av reiskapen står nærare grense mellom elv og sjø (elvemunning) enn 100 meter. Nedsenkingspåbodet gjeld og for reiskapen til registrerte fiskarar. Påbodet om nedsenking til 5 meter djupne gjeld heile året og for garn av alle maskestorleikar, men gjeld ikkje for teiner utan ledegarn. Nedsenkingspåbodet gjeld heller ikkje ruser til fangst av marin fisk der ringar og ledegarn ikkje er høgre enn 60 cm, ledegarnlengde maksimalt er 9 meter og maksimum maskevidde er 17,5 mm halvmaske (36 omfar).

§ 2.Serskilte reguleringar

I tillegg til fiskereglane under § 1, gjeld ytterlegare restriksjonar på fiske utafor følgjande vassdrag:

Storelva i Arna, Eikangervassdraget, Loneelva, Ekso, Modalselva og Oselva: Forbod mot not- og garnfiske nærare grense elv - sjø enn 500 meter.

Daleelva i Vaksdal: Forbod mot not- og garnfiske i heile sona.

Granvinsvassdraget: Forbod mot notfiske nærare grense elv - sjø enn 500 meter.

Vossovassdraget: Forbod mot notfiske i heile fredingssona. Forbod mot alt garnfiske ut til hengjebrua ved Stamnes skule. I den delen av sona som ligg utafor hengjebrua må setjegarn av alle storleiker senkast til 15 meters djupne i perioden 1. mai til 31. august, og til 5 meter resten av året.

§ 3.Avgrensing av fredingssonene

Fredingssonene omfattar dei område som er nemnte i vedlegg og innteikna på vedlagde kart. Kartkoordinatene angir sonegrensene til næraste 100 meter. Nøyaktige grenser vil bli avmerkte med skilt.

§ 4.Dispensasjonar

Fylkesmannen kan gje dispensasjon til ytterlegare fiske etter saltvassfisk i fredingssonene og i 100-metersona dersom det har vore drive slikt fiske av noko omfang i området tidlegare, og dersom eit slikt fiske ikkje beskattar laksefisk. Søknad om dispensasjon skal sendast gjennom fiskerisjefen.

§ 5.Stopp i fisket

Fylkesmannen kan stoppe alt fiske i fredingssonene med omgåande verknad dersom vannføringen eller andre serskilte tilhøve gjer det naudsynt.

§ 6.Straff

Brot på denne forskrifta er straffbart, jfr. lov av 15. mai 1992 nr. 47 om laksefisk og innlandsfisk, § 49.

§ 7.Iverksetjing

Forskrifta gjeld frå 23. juni 1997. Samstundes vert følgjande forskrifter oppheva:

Kgl.res. av 1. september 1866 om fiske ved utlaup Storelva i Arna.

Forskrift av 16. april 1973 om fiske ved utlaup Åreidelva.

Kgl.res. av 24. oktober 1924 om fiske ved utlaup Eio.

Forskrift av 24. juni 1981 om fiske ved utlaup Etneelva.

Kgl.res. av 6. april 1956 med endring av 27. august 1981 om fiske ved utlaup Kjærelva.

Kgl.res. av 24. juli 1884 om fiske ved utlaup Fjellvassdraget.

Kgl.res. av 28. september 1928 om fiske ved utlaup Granvinselva.

Kgl.res. av 25. mars 1960 om fiske ved utlaup Jondalselva.

Kgl.res. av 20. januar 1956 om fiske ved utlaup Steinsdalselva/Movatn.

Forskrift av 24. mars 1976 om fiske ved utlaup Øysteseelva.

Kgl.res. av 12. januar 1899 om fiske ved utlaup Andvikelva.

Forskrift av 14. mars 1968 om fiske ved utlaup Frøysetelva.

Kgl.res. av 6. oktober 1933 om fiske ved utlaup Opo.

Forskrift av 25. mai 1994 nr. 461 om fredningssone i sjøen ved munninga av Oselva, Os kommune, Hordaland.

Kgl.res. av 17. mars 1900 om fiske ved utlaup Loneelva.

Forskrift av 20. mai 1976 om fiske ved utlaup Tysseelva.

Forskrift av 1. desember 1966 om fiske ved utlaup Frugardselva.

Kgl.res. av 18. januar 1872 om fiske ved utlaup Kinso.

Forskrift av 1. desember 1966 om fiske ved utlaup Daleelva.

Kgl.res. av 14. april 1866, 26. mai 1882, 6. desember 1890, 21. april 1893, 23. mars 1895 om fiske ved utlaup Vossovassdraget.

Forskrift av 24. mars 1992 nr. 241 om fisket etter anadrome laksefisk i Vossovassdraget, Voss kommune, Hordaland, § 1.1

Forskrift av 28. juni 1978 om fiske ved utlaup Svendsbøelva.

1Forskriften var tidsbegrenset, gjaldt t.o.m. 23 mars 1997.

Vedlegg: Fredingssoner for vassdrag i Hordaland

(UTM-koordinatane er gitt opp etter ED50-rutenettet, og gir endepunkta for ytterlinja for fredingssona dersom ikkje anna er sagt.)

KommuneVassdragSoneforklaringStorleik
(ca. meter)
BergenStorelva i ArnaFrå grense elv/sjø (elvemunninga)
i Storelva og ut til ei linje som
går i austleg retning på tvers
av Arnavågen frå nordpynten av
Holmen og derfrå kortaste av-
stand til eigedom gnr. 86/bnr. 214.
(UTM: LN052 053 til LN053 053)1600
BergenVassdrag somHeile Nordåsvatnet (UTM midt-
munner ut ipunkt: KM965 930) og Sælen-
Sælenvatnet ogvatnet (UTM midtpunkt: KM945
Nordåsvatnet955) ut til Straume bru
(Fellessone)(UTM midtpunkt: KM941 932).2500
BømloÅreidelvaFrå grense elv/sjø (elvemun-
ninga) i Åreidelva og ut til ei
linje som går tvers over
Åreidbukta i vestleg retning
frå eit nes ca. 280 meter frå
elveosen på austsida til
eit nes ca. 310 meter frå
elveosen på vestsida av
bukta (UTM: KM904 293 til
KM901 293).300
EidfjordEioFrå grense elv/sjø (elvemun-
ninga) i Eio og ut til ei
linje som går i nord-austleg
retning over Hereidsjøen frå
eit punkt på Rossanes 2 km i
luftline frå elveosen, til
Svartahola (UTM: LN921 062
til LN954 067).2000
EidfjordSimaFrå grense elv/sjø (elvemun-
ninga) i Sima og ut til ei
linje som går tvers over
Simadalsfjorden i nordleg
retning frå Kalvanes til
Kjeanes. (UTM: LN968 079 til
LN971 083.)1150
EtneEtneelvaFrå grense elv/sjø (elvemun-
ninga) i Etneelva og ut til ei
linje som går på tvers av
Etnefjorden i sørleg retning
frå Fjøsaneset til Røynings-
neset. (UTM: LM262 192 til
LM263 183.)1300
EtneFjæraelvaFrå grense elv/sjø (elvemunninga)
i Fjæraelva og ut til ei linje som
går på tvers av Åkrafjorden i
nord-vestleg retning frå spissen
av Ømbesneset til nes midt mellom
Raudnabb og Lindenes. (UTM:
LM527 401 til LM524 402.)1100
FitjarKjærelvaFrå grense elv/sjø (elvemun-
ninga) i Kjærelva og ut til ei
linje som går tvers over
Hellandssjøen i nord-vestleg
retning frå sørenden av
Brattaberget til sørspissen av
Øskjeneset. (UTM: KM925 441
til KM923 443.)2000
Fitjar/Vassdrag somFrå grense elv/sjø (elvemun-
Stordmunner ut ininga) for vassdrag som
Dåfjordenmunner ut i Dåfjorden, og
(Felles-ut til ei linje som går i
sone)nordleg retning frå nordspissen
av Storaneset til sørspissen
av Fiskaneset. (UTM: KM946 356
til KM946 363.)4500
FjellFjellvassdragetFrå grense elv/sjø (elvemun-
ninga) i Fjellvassdraget og ut
til ei linje som går i nord-
vestleg retning frå sørspissen av
Mjåneset til Lerbotn innafor
Svarteberget (UTM: KM827 928
til KM825 928).500
FusaHopselvaFrå grense elv/sjø (elvemun-
ninga) i Hopselva og ut til ei
linje som går i nord-vestleg
retning frå sørspissen av
Nesodden til sørspissen av
det nordlige nes i Klure-
sundet. (UTM: LM154 898 til
LM152 900.)700
GranvinGranvinselvaFrå grense elv/sjø (elvemun-
ninga) i Granvinselva ut til ei
linje som går tvers over Gran-
vinsfjorden i nord-vestleg
retning frå ytterste Furunes
til Flisaskår. (UTM: LN743 113
til LN741 119.)750
JondalJondalselvaFrå grense elv/sjø (elvemun-
ninga) i Jondalselva og ut til
ei linje som går tvers over
Jondalsviki i nord-austleg
retning frå nordsiden av
Sætveitneset til sørenden av
Sjursvik. (UTM: LM472 856 til
LM477 863.)700
KvamMundheimselvaFrå grense elv/sjø (elvemun-
ninga) i Mundheimselva og ut
til ei linje som går tvers
over Mundheimsvika i vestleg
retning frå Sydnes til Storhammar.
(UTM: LM293 732 til
LM281 734.)850
KvamSteinsdalselvaFrå grense elv/sjø (elvemun-
ninga) i Steinsdalselva
(«Straumen» ved utl. Movatn) og
ut til ei linje som går i
nord-austleg retning frå tre-
kantpunkt ved Moldestad til nes
midt mellom Vallandsholmane og
Krægdeneset. (UTM: LM434 952
til LM439 954.)1550
KvamØysteseelvaFrå grense elv/sjø (elvemunninga)
i Øysteseelva og ut til ei linje
som går i nord-austleg retning frå
Lundanes til vestre grense for
eigedom gnr. 44 bnr. 307. (UTM:
LM460 972 til LM465 978.)550
Kvinn-AustrepollelvaFrå grense elv/sjø (elvemunninga)
heradi Austrepollelva og ut til ei
linje som går tvers over Austre-
pollen i sør-vestleg retning frå
Solbuneset, vest for Rundesteinen,
Flatskjeret og Klovsteinane og
videre til nes ved fornminne
på Austrepollens sørside. (UTM:
LM504 693 til LM502 687.)600
Kvinn-OpsangervatnetFrå grense elv/sjø (elvemunninga)
heradved Opsangervatnets utlaup og ut
til ei linje som går tvers over
Opsangervågen i nordleg retning
frå vestspissen av Opsanger-
neset til Nesjaneset. (UTM: LM157
371 til LM158 376.)1100
Kvinn-BondhuselvaFrå grense elv/sjø (elvemunninga)
heradi Bondhuselva og ut til ei linje
som går i austleg retning frå
nordspissen av Musskjerneset til
nes aust for Sandvika. (UTM: LM477
680 til LM488 683.)250
Kvinn-GuddalselvaFrå grense elv/sjø (elvemunninga)1200
heradOmvikelvai kvar av elvane og ut til ei1200
Hattebergselvalinje som går i nordleg retning1600
Melselvafrå nordspissen av Ytreholmen1600
(Fellessone)ved Dimmelsvik til Tåneset mellom
Nes og Neslia. (UTM: LM310 508
til LM318 549.)
Kvinn-UskedalselvaFrå grense elv/sjø (elvemunninga)
heradi Uskedalselva og ut til veibroen
frå fastlandet til Flatholmen.
Vidare til ei linje som går frå
nordspissen av Flatholmen til
Børnes. (UTM: LM243 488 til
LM233 484.)900
Kvinn-ÆneselvaFrå grense elv/sjø (elvemunninga)
heradi Æneselva og ut til ei linje som
går i nord-austleg retning frå nes
ved svaberg nord for Stauraholo
til vestsiden av Ænestangen.
(UTM: LM389 651 til
LM397 659.)200
Kvinn-ØyreselvaFrå grense elv/sjø (elvemunninga)
heradi Øyreselva, og ut til ei linje
som går tvers over Nordrepollen
i nord-vestleg retning frå nes
nedenfor Jeskos til elveutlaup på
Flekkjeneset. (UTM: LM494 718 til
LM488 725.)800
Kvinn-ÅkraelvaFrå grense elv/sjø (elvemunninga)
heradi Åkraelva og ut til ei linje som
går i austleg retning frå sør-
spissen av Larsnes til sørspissen
av Vågsnes. (UTM: LM369 308 til
LM381 307.)850
LindåsEikanger-Frå grense elv/sjø (elvemunninga)
vassdrageti Eikangervassdraget og ut til ei
linje som går i nord-austleg
retning frå eigedom gnr. 214/bnr.
1-8 på vestsiden av Eikangervågen
til sørspissen av Grimsneset. (UTM:
LN032 237 til LN035 239.)1150
LindåsStorelviFrå grense elv/sjø (elvemunninga)
i Storelvi og ut til ei linje som
går frå Håneset tvers over
Lindevågen forbi nord-vestspissen
av Vabøneset og videre i rett
linje over Vabøvågen til Vabø.
(UTM: KN954 408 til
KN948 404.)900
MasfjordenAndvikelvaFrå grense elv/sjø (elvemunninga)
i Andvikelva og ut til ei linje
som går i nord-austleg retning frå
norligste nes ved Breimyr til
Dalsstongi. (UTM: LN024 484 til
LN029 489.)950
MasfjordenFrøysetelvaFrå grense elv/sjø (elvemunninga)
i Frøysetelva ut til veibroen over
Risnesstraumen (UTM midtpunkt:
KN941 517), og i hele Austevågen
(UTM midtpunkt: KN950 535).2300
MasfjordenHaugsdalselvaFrå grense elv/sjø (elvemunninga)
i Haugsdalselva og ut til ei linje
som går i nord-vestleg retning frå
nordspissen av Kolvikneset til
nord-austspissen av Kjølneset.
(UTM: LN111 526 til
LN109 530.)850
MasfjordenHopevassdragetFrå grense elv/sjø (elvemunninga)
i Hopevassdraget og ut til ei
linje som går tvers over Haugsvær-
fjorden langs kraftlinjen frå
Vågset til Haugsvær. (UTM: LN113
581 til LN115 579.)750
MasfjordenMatreelvaFrå grense elv/sjø (elvemunninga)
i Matreelva og ut til ei linje
som går tvers over Matrefjorden i
nord-vestleg retning frå nes på
fastlandet 400 meter sør-vest for
Matreøyen til Krabbestøneset.
(UTM: LN135 532 til LN134 538.)1100
ModalenModalselvaFrå grense elv/sjø (elvemunninga)
i Modalselva og ut til ei linje
som går tvers over Mofjorden i
nord-vestleg retning frå vest-
siden av Moneset til elveutlaup
ved Grønhaug. (UTM: LN254 461 til
LN250 464.)1000
OddaOpoFrå grense elv/sjø (elvemunninga)
i Opo og ut til ei linje som går
tvers over Sørfjorden i vestleg
retning frå Byrkjanes til sør-
spissen av Eitrheimsneset. (UTM:
LM638 633 til LM632 637.)1500
OsOselvaFrå grense elv/sjø (elvemunninga)
i Oselva og ut til ei linje som
går i nord-austleg retning frå eit
punkt 300 meter sør for Ferstad-
neset, forbi austsiden av Raud-
holmane, til Moldaneset. (UTM:
LM038 749 til LM063 777.)2000
OsLønning-Frå grense elv/sjø (elvemunninga)
dalselvai Lønningdalselva og ut til ei
linje som går i nord-austleg
retning frå Bjørndalens utlaup i
vik nedenfor Rødsliane til Furu-
neset. (UTM: LM100 848
til LM105 857.)600
OsterøyLoneelvaFrå grense elv/sjø (elvemunninga)
i Loneelva og ut til ei linje som
går i austleg retning frå nes ved
Salbustallen, forbi nordspissen av
Storholmen, til nordpynten av
Svenevikklubben. (UTM: LN070 158
til LN075 159.)1500
SamnangerTysseelvaFrå grense elv/sjø (elvemunninga)
Aldalselvai hver av de nevnte elver og ut
Ådlandselvatil ei linje som går på tvers av
(Fellessone)Samnangerfjorden i nord-vestleg
retning frå nordspissen av Forøy-
neset til Launeset. (UTM: LM205
979 til LM193 986.)2000
SamnangerStorelva m.fl.Frå grense elv/sjø (elvemunninga)
i Storelva og ut til ei linje som
går på tvers av Trengereidfjorden
i vestleg retning frå nes på sør-
spissen av Øyahaugen til berg
mellom Sundvika og Hytteneset.
(UTM: LM155 963 til
LM151 963.)1900
StordFrugardselvaFrå grense elv/sjø (elvemunninga)
i Frugardselva og ut til ei linje
som går i nord-austleg retning frå
nordspissen av moloen ved Teine-
vikjo til Noteskjeret. (UTM: LM042
323 til LM050 330.)800
UllensvangKinsoFrå grense elv/sjø (elvemunninga)
i Kinso og ut til ei linje som
går på tvers av Kinsarvikbukti i
nord-austleg retning frå Krossanes
til Kyrkjenes. (UTM: LM727 970
til LM739 979.)2000
UlvikAustdølaFrå grense elv/sjø (elvemunninga)
Norddølai Austdøla/Norddøla og ut til ei
(Fellessone)linje som går tvers over
Osafjorden i nord-vestleg retning
frå elveutlaup nedenfor Tellskreo
til sørspissen av Ryggsnes.
(UTM: LN915 175 til
LN910 179.)1200
VaksdalDaleelvaFrå grense elv/sjø (elvemunninga)
i Daleelva og ut til ei linje som
går frå eit punkt i Stanghelle kai
via austre pynten av Holmen og
videre i rett linje til eit punkt
ved Steinsvertet. (UTM: LN208 171
til LN206 176.)4000
VaksdalEksoFrå grense elv/sjø (elvemunninga)
i Ekso og ut til ei linje som går
på tvers av Eidsfjorden i nord-
vestleg retning frå Litlevikneset
til Långaskjere. (UTM: LN247 360
til LN244 363.)1400
Voss/Vossovass-Frå grense elv/sjø (elvemunninga)
Vaksdaldrageti Vossovassdraget og ut til ei
linje ved Stamnes som går i
nordleg retning frå nordspissen av
Kuvikneset til sørspissen av nes
vest for Hårahedlo. (UTM: LN219 296
til LN220 300.)ca. 13000
ØlenSvendsbøelvaFrå grense elv/sjø (elvemunninga)
i Svendsbøelva og ut til ei linje
som går frå nordpynten av Otter-
tangen til grense mellom eigedom
gnr. 134/bnr. 6 og eigedom gnr.
135/bnr. 3. (UTM: LM055 064
til LM056 065.)500