Forskrift om fiske etter innlandsfisk i Sævareidvassdraget, Fusa kommune, Hordaland.

DatoFOR-2001-08-27-1043
PublisertII 2001 hefte 4
Ikrafttredelse01.09.2001
Sist endret
Endrer
Gjelder forFusa kommune, Hordaland.
HjemmelLOV-1992-05-15-47-§34, FOR-1992-11-27-864
Kunngjort20.09.2001
KorttittelForskrift om fiske i Sævareidvassdraget, Fusa

Fastsett av Fylkesmannen i Hordaland 27. august 2001 med heimel i lov av 15. mai 1992 nr. 47 om laksefisk og innlandsfisk m.v. § 34, jf. kgl.res. av 27. november 1992 nr. 864.

§ 1.Føremålet med denne forskrifta er å gje storauren i Henangervatnet, Skogseidvatnet, Gjønavatnet og tilstøtande elvestrekningar eit ekstra vern. Det er få slike storaurestammar på Vestlandet. Det er difor ekstra viktig å hindre overfiske.
§ 2.Fiske med garn er tillete berre i innsjøane. Garna skal vere nedsekte slik at heile fangstdelen er minst 5 meter under vannflata. Avstand til elvane nemd i § 3 skal vere minst 100 meter. Det er berre tillete å bruke garn med maskevidde 31 mm eller mindre, målt frå knute til knute.
§ 3.På fyljgjande elvestrekningar som vert nytta som gyteområde for storaurestammane i dei tre innsjøane nemnte i § 1, vert det ikkje tillete med noko form for fiske i tida 1. oktober - 30. november. Dette gjeld Kikedalselva, Gjønaelva, elva mellom Gjønavatn og Skogseidvatn, Årraelva og Hjortedalselva. Forbodet gjeld så langt gytefisken kan vandre. I henhald til § 37, punkt 6, i lov om laksefisk og innlandsfisk m.v., er det ikkje tillete å rykkje fisk eller nytte anna reidskap som ikkje har som føremål at fisken skal bite på eller svelge det.
§ 4.Faststående reiskap skal vere merkt med eigars navn og adresse.
§ 5.Brot på reglane i eller i medhald av denne forskrift kan straffast i følgje lov om laksefisk og innlandsfisk m.v. § 49.
§ 6.Fylkesmannen i Hordaland kan i serskilte høve gje unnatak frå reglane i denne forskrifta.
§ 7.Denne forskrifta vert sett i verk frå 1. september 2001.