Forskrift om fiske utanfor vassdrag med laks og sjøaure og nedseinking av garn, Sogn og Fjordane.

DatoFOR-2002-06-21-881
PublisertII 2002 hefte 5
Ikrafttredelse21.06.2002
Sist endret
EndrerFOR-1989-04-18-308, FOR-1990-08-07-648, FOR-1989-05-03-315, FOR-1992-07-17-564, FOR-1987-07-28-657, FOR-1983-09-07-1461.
Gjelder forSogn og Fjordane
HjemmelLOV-1992-05-15-47-§40, LOV-1992-05-15-47-§41, FOR-1992-11-27-877, FOR-1989-04-28-289
Kunngjort15.08.2002
KorttittelForskr. fiske utanf vassdrag, Sogn og Fjordane

Fastsett av Fylkesmannen i Sogn og Fjordane 21. juni 2002 med heimel i lov av 15. mai 1992 nr. 47 om laksefisk og innlandsfisk m.v. § 40 og § 41, jf. kgl.res. av 27. november 1992 nr. 877 og kgl.res. av 28. april 1989 nr. 289.

§ 1.Fiskereglar

Utanfor vassdrag med anadrom fisk gjeld følgjande fiskereglar: 

A.Frå grensa mellom elv og sjø og ut til ein avstand på 100 m i luftline er alt fiske forbode med følgjande unntak:
-Fiske med stong frå land i den tida fiske er tillate i vassdraget.
-Fiske frå båt med handsnøre (ikkje dorging) etter marin fisk.
-Fiske etter ål med tradisjonelle reiskapar.

Låssetting av fisk er ikkje å forstå som fiske, og er difor tillate så lenge det ikkje stenger for oppgang av fisk til vassdraget. 

B.I munningssonene utanfor 100-meterssona (jf. § 2) er alt fiske forbode med følgjande unntak:
-Fiske med stong og handsnøre frå land er tillate heile året.
-Fiske frå båt med stong og handsnøre etter andre fiskesortar enn anadrome laksefisk er tillate heile året. Fiske frå båt med stong og handsnøre etter anadrome laksefisk er berre tillate i den fastsette fisketida. Fiske med dorg og oter er berre tillate i den fastsette fisketida for slikt fiske. Ved båtfiske må heile reiskapen og båten til ei kvar tid vere minst 100 m frå grense elv/sjø (elvemunninga).
-Nøter til fiske etter sild, brisling og makrell med maksimum maskevidde 17,5 mm halvmaske (36 omfar) når reiskapen blir sett ut av fiskarar oppført i fiskarmantallet og frå fartøy som er registrerte i merkeregisteret for norske fiskefartøy, jf. lov om registrering av fiskefartøy av 5. desember 1917 nr. 1. Ingen del av reiskapen skal stå nærare grense elv/sjø enn 100 m.
-Fiske med andre elles tillate reiskapar etter andre fiskeslag enn anadrome laksefisk, når heile fangstdelen står minst 3 m under havoverflata, og ikkje nokon del av reiskapen står nærare grense elv/sjø enn 100 m. Nedseinkingspåbodet gjeld også for reiskapen til registrerte fiskarar. Påbodet om nedseinking til 3 m djupne gjeld heile året og for alle maskestorleikar, men gjeld ikkje for teiner utan ledegarn. Nedseinkingspåbodet gjeld heller ikkje ruser for fangst av ål og marin fisk der ringar og ledegarn ikkje er høgre enn 60 cm, ledegarnet maksimalt er 9 m langt og maksimum maskevidd er 17,5 mm halvmaske (36 omfar).
-Fangst av krabbe, hummar og sjøkreps med tradisjonelle reiskapar.

Fylkesmannen kan etter ei konkret vurdering av tilhøva i og omkring vassdraget opne for fiske med kilenot og sitjenot. 

§ 2.Avgrensing av munningssonene

Munningssonene omfattar følgjande område (UTM-koordinatane gir endepunkta for ytterlina i munningssona): 

KommuneVassdragSoneforklaring Koordinatfesting: UTM (EUREF 89)Storleik (ca meter)
FloraOsenelvaFrå grense elv/sjø ut til utløpet av Osstrupen (frå Osstrupen Sør 306280 6830219 til Osstrupen Nord 306308 6830333).2500
HøyangerDaleelvaInnafor ei line mellom Sæbøneset og utløp av elv frå Mjåtunga (frå 343040 6789800 til 341994 6790007).500
VikVikjaInnafor ei line frå punkt ved Kyrelvi rett over fjorden til eit punkt på vestsida av fjorden (frå 370133 6775581 til 369281 6775551).600
BalestrandVetlefjordelvaInnafor ei line frå eit punkt på nes om lag 200 m nord for Stølsskreda på vestsida av fjorden til eit punkt på austsida om lag 300 m sør for Ramsteinskreda (frå 368688 6797657 til 369450 6797638).1000
SogndalÅrøyelvaInnafor ei line frå eit punkt ved utløpet av Skoddøla på austsida av fjorden i nordvestleg retning til lite nes ved Sundhella (frå 401754 6792347 til 400751 6793053).1500
SogndalSogndalselvaInnafor ei line mellom ytste nes ved Stedje til eit punkt ved austre side av munninga av Barsnesfjorden (frå 398207 6788962 til 399008 6789996).700
SogndalStorelva (Fjærland)Innafor ei line frå punkt på lite nes ved utløp av elv frå Geitshjellen til eit punkt om lag 100 m nord for Toskeskredene (frå 379570 6810268 til 380349 6810138).1100
AurlandNærøydalselvaInnafor ei line frå eit punkt på Hestaneset på vestsida av fjorden i sydaustleg retning til eit lite nes på austsida av fjorden (frå 383353 6752271 til 383794 6752005).1000
AurlandFlåmselvaInnafor ei line i nordvestleg retning frå Dorganeset til eit punkt på vestsida av fjorden (frå 399090 6749801 til 398244 6750099).1500
AurlandAurlandselvaInnafor ei line mellom Otnes og Neset (frå 400842 6753434 til 401785 6754689).1100
LærdalLærdalselvaInnafor ei line frå punkt ved Flaskheller i nordleg retning over fjorden til punkt ved utløpet av elv frå Timmergjelet (frå 416585 6776366 til 416368 6775608).1500
ÅrdalHæreid/UtlaInnafor ei line mellom Raudnobbi til et nes ved Kloppurdi (frå 429386 6789389 til 430461 6788533).750
LusterFortunselva og MørkridselvaInnafor ei line frå utløpet av Sagagrovi på vestsida av fjorden i søraustleg retning til eit punkt på austsida av fjorden (frå 423913 6817636 til 425030 6817151).1600
LusterJostedølaInnafor ei line frå nordvestre tunnelmunninga ved Lammaskori til eit punkt ved Hotla (frå 408683 6807291 til 409478 6807861).500
FjalerFlekkeelvaInnafor ei line frå eit punkt på nes ved Grottehaugen på vestsida av fjorden i austleg retning til eit punkt på nes på austsida av fjorden (frå 303848 6804636 til 304000 6804650).2000
FjalerDalselva (Dale)Innafor ei line i nordaustleg retning frå eit lite nes aust for Bjerga til Nishammaren (frå 306474 6808696 til 307669 6809610).600
GaularGaulaInnafor ei line strekt frå nord til sør over munninga av Svædsundet (frå 320426 6809052 til 320454 6808910)2000
FørdeJølstraInnafor ei line frå nes ved Kyrkjeteigen på vestsida av fjorden i nordaustleg retning til trigonometrisk punkt på austsida av fjorden (frå 329425 6819332 til 329876 6819601).2000
NaustdalNaustaInnafor ei line frå eit nes ved vegen mot Kringla til Strileverpet (frå 324220 6823317 til 325664 6823193).600
SeljeErvikelvaInnafor ei line i nordaustleg retning frå eit punkt på nes ved Hovden til eit punkt på nes på austsida av Ervika (frå 296875 6898776 til 297642 6899180).500
EidEidselvaInnafor ei line i nordleg retning frå nes ved Nibba til punkt ytst på nes ved Eide på nordsida av Eidsfjorden (frå 340521 6866719 til 341312 6867960).1000
GloppenGloppenelvaInnafor ei line mellom Arnestad og eit punkt på nes ved Austrheim (frå 350452 6851856 til 351838 6853189).1600
GloppenÅelva/Ommedalselva og HopselvaInnafor ei line i vestleg retning frå nes ved Liafjellet på austsida av Hyefjorden til vestre punkt av 250 m-grensa for Straumselva (frå 337558 6849164 til 337043 6849316 ).1000
StrynLoelvaInnafor ei line frå nordre tunnelmunning ved Tyvaneset i nordleg retning til punkt på nordsida av Lobukta (frå 385586 6861375 til 385597 6862158).1100
StrynStryneelvaInnafor ei line frå eit punkt om lag 700 m nord for Staveneset på austsida av Strynebukta til eit punkt på ved Nedreberg på vestsida (frå 378639 6864115 til 379484 6863942).1600
StrynOldenelvaInnafor ei line i austleg retning frå utløp av elv frå Indre Skarstein på vestsida av Oldebukta til utløp av elv på austsida (frå 384135 6858978 til 384884 6858981).1100
§ 3.Merking

Grensepunkta for munningssonene skal merkast med skilt (jf. oppgitte koordinatar i § 2).

§ 4.Dispensasjonar

Fylkesmannen kan gi dispensasjon til ytterlegare fiske etter saltvassfisk i munningssonene dersom det har vore drive slikt fiske av noko omfang i området tidlegare, og dersom eit slikt fiske ikkje fangar laksefisk.

§ 5.Stopp i fisket

Fylkesmannen kan stoppe alt fiske i munningssonene med omgåande verknad dersom vassføring eller andre spesielle tilhøve gjer det nødvendig.

§ 6.Nedseinking av garn utanfor munningssonene

I Lustrafjorden og Årdalsfjorden innafor ei line over fjorden frå Ombadsnes (UTM EUREF 89: 413700 6784100) til Fodnes (UTM EUREF89: 412500 6780200) og i Vetlefjorden og Sværefjorden innafor ei rett line over fjorden frå Kolven (UTM EUREF 89: 368800 679250) til Menes (UTM EUREF 89: 369800 679300) skal alle garn seinkast ned i den tida nedseinkingspåbodet gjeld, uansett maskevidd og avstand til land, øy, holme eller skjer (jf. forskrift om nedseinking av garnredskap fastsett ved kgl.res. 28. april 1989 nr. 289).

Påbodet gjeld ikkje for reiskap som under utøving av yrkesfiske er sett ut for å fange anna enn laksefisk, av fiskarar som er oppførte i fiskarmantallet, frå fartøy som er registrerte i merkeregisteret for norske fartøy, jf. lov om registrering og merking av fiskefartøy av 5. desember 1917 nr. 1.

§ 7.Straff

Brot på denne forskrifta er straffbart, jf. lov av 15. mai 1992 nr. 47 om laksefisk og innlandsfisk m.v. § 49.

§ 8.Iverksetjing

Forskrifta tek til å gjelda straks. Samstundes vert følgjande forskrifter oppheva:

-Kgl.res. av 14. september 1872 om fredingsreglar utanfor Leirvikselva (Hyllestad kommune).
-Kgl.res. av 8. november 1873 om fredingsreglar utanfor Jølstra (Førde kommune)
-Kgl.res. av 1. april 1876 om fredingsreglar utanfor Dalselva (Fjaler kommune)
-H. R. 20. april 1903, med endring av 15. juli 1904 om fredingsreglar utanfor Vetleelven (Balestrand kommune).
-Kgl.res. av 3. april 1914 om fredingsreglar utanfor Aarøelven (Sogndal kommune).
-Kgl.res. av 20. mars 1936 om fredingsreglar utanfor Fortunselvi og Mørkridselvi (Luster kommune).
-Kgl.res. av 10. mars 1922 om fredingsreglar utanfor Osenelva i Kinn herred (Flora kommune).
-Forordning av 18. mars 1943 om fredingsreglar utanfor Osenelva i Bru herred (Flora kommune).
-Kronprinsregentens res. av 23. mars 1956 om fredingsreglar utanfor Vikja (Vik kommune).
-Kgl.res. av 21. mars. 1958 om fredingsreglar utanfor elvane i Hyen (Gloppen kommune).
-Kgl.res. av 20. februar 1959 om fredingsreglar utanfor Jostedalselva (Luster kommune).
-Kgl.res. av 13. mars 1959 om føresegner for fisket utanfor Loenelva (Stryn kommune).
-Kgl.res. av 17. mars 1961 om fredingsreglar utanfor Kvamselva, Bygstad (Gaular kommune).
-Forskrift av 5. april 1962 om fredingsreglar utanfor Gaula elv (Gaular kommune).
-Forskrift av 28. mai 1963 om fredingsreglar utanfor Flåmselva.
-Forskrift av 10. oktober 1988 om freda sone utanfor Strynselva (Stryn kommune).
-Forskrift av 3. mai 1966 med føresegner for fisket utanfor Oldenelva (Stryn kommune).
-Forskrift av 8. mai 1966 med endring av 12. juli 1966 om fredingsreglar utanfor Eidselva (Eid kommune).
-Forskrift av 17. april 1967 med endring av 3. januar 1986 om fredingssone ved utløpet av Daleelva (Høyanger kommune).
-Forskrift av 15. desember 1967 med føresegner for fisket utanfor Lærdalselva (Lærdal kommune).
-Forskrift av 12. juni 1970 med føresegner for fisket utanfor Maurstadelva (Vågsøy kommune).
-Forskrift av 14. oktober 1971 om fredningssone utanfor Hæreidselva (Årdal kommune).
-Forskrift av 25. mars 1976 med nye fredningsbestemmelser ved utløpet av Aurlandselvi (Aurland kommune).
-Forskrift av 28. juni 1994 om utvida nedseinkingspåbod i Lustrafjorden, Årdalsfjorden og Vetlefjorden.
-Forskrift av 18. april 1989 nr. 308 om fisket etter anadrome laksefisk i Gloppenelva, Stryneelva, Oldeenva, Loenelva og Årøyelva, Gloppen, n og Sogndal kommunar, Sogn og Fjordane.
-Forskrift av 7. august 1990 nr. 648 om fisket etter sjøaure i Lærdalsvassdraget, Lærdal kommune, Sogn og Fjordane.
-Forskrift av 3. mai 1989 nr. 315 om fisket i Lærdalsvassdraget, Lærdal kommune, Sogn og Fjordane.
-Forskrift av 17. juli 1992 nr. 564 om forbud mot fiske etter laks i Jølstra, Førde kommune, Sogn og Fjordane.
-Forskrift av 28. juli 1987 nr. 657 om opphevelse av ukefreding for fiske med oter i Nedrefloen, Stryn kommune, Sogn og Fjordane.
-Forskrift av 7. september 1983 nr. 1461 om utvida fisketid for Nærøydalselva, Aurland kommune, Sogn og Fjordane.