Forskrift om fiske etter innlandsfisk i Svelavatnet, Bjerkreim kommune, Rogaland.

DatoFOR-2003-05-28-649
PublisertII 2003 hefte 3
Ikrafttredelse01.06.2003
Sist endret
Endrer
Gjelder forBjerkreim kommune, Rogaland.
HjemmelLOV-1992-05-15-47-§34, FOR-1992-11-27-864
Kunngjort05.06.2003
KorttittelForskr. om innlandsfiske, Svelavatnet, Bjerkreim

Fastsett av Fylkesmannen i Rogaland 28. mai 2003 med heimel i lov av 15. mai 1992 nr. 47 om laksefisk og innlandsfisk m.v. § 34, jf. delegeringsvedtak av 27. november 1992 nr. 864.

§ 1.Fiske med botngarn og flytegarn

Fiske med botngarn etter innlandsfisk er tillate i perioden 15. mai - 15. juli og 1. oktober - 31. desember. I perioden 15. mai - 15. juli skal garn og flytarar stå minimum 2 m under overflata.

Fiske med flytegarn etter innlandsfisk er tillate i perioden 15. mai - 15. juli. Garn og flytarar skal stå minimum 3 m under overflata.

Største tillate maskevidde for garn er 32 mm (20 omfar).

§ 2.Fiske med not og ruser

Det er tillate å fiske innlandsfisk med not og ruser heile året.

§ 3.Fiske med oter

Fiske med oter etter innlandsfisk er tillate i perioden 15. mai til 15. juli.

§ 4.Minsteavstand til elveos

Fiske med garn, not, ruser eller oter er ikkje tillate nærare enn 150 m frå følgjande elveos: Hofreisteåna, Sjevelandsåna, Svelabekken og utløpsosen. For andre laks-/sjøaureførande elveos gjelder ein minsteavstand på 100 m.

§ 5.Merking av fastståande reiskap

Alle fastståande fiskereiskapar skal vere tydelig merkte med namn og adresse.

§ 6.Aktsemd og utsettingspåbod

Fastståande reiskap må ikkje setjast på ein slik måte at ein må rekne med å fange laks eller sjøaure.

Laks og sjøaure fanga på annan reiskap enn stang eller handsnøre, eller utanfor lovleg fisketid for Bjerkreimselva, skal straks settast ut. Påbodet gjeld om fisken er daud eller levande.

§ 7.Dispensasjon og pålegg om rapportering

Fylkesmannen kan i særlege tilfelle dispensere frå reglane i denne forskrifta.

Fylkesmannen kan krevje rapport av fangst tatt på anna reiskap enn stong og handsnøre. Manglande rapportering kan føre til utestenging frå fisket.

§ 8.Straff

Brot på denne forskrifta er straffbart, jf. § 49 i lov om laksefisk og innlandsfisk m.v.

§ 9.Ikraftsetjing

Forskrifta gjeld frå og med 1. juni 2003.