Forskrift om fredingssoner og nedsenking av garn i sjø, Rogaland.

DatoFOR-2004-04-29-694
PublisertII 2004 hefte 3
Ikrafttredelse15.05.2004
Sist endretFOR-2006-06-27-722
EndrerFOR-2003-05-28-650
Gjelder forRogaland
HjemmelLOV-1992-05-15-47-§40, FOR-1992-11-27-864, FOR-2003-06-20-736, FOR-2003-06-20-737
Kunngjort06.05.2004
KorttittelForskrift om fredingssoner og garn, Rogaland

Kapitteloversikt:

Fastsett av Fylkesmannen i Rogaland 29. april 2004 med heimel i lov 15. mai 1992 nr. 47 om laksefisk og innlandsfisk m.v. § 40, jf. delegeringsvedtak 27. november 1992 nr. 864, jf. forskrift 20. juni 2003 nr. 736 om åpning for fiske etter anadrome laksefisk og forskrift 20. juni 2003 nr. 737 om nedsenking av garnredskap. Endra 27 juni 2006 nr. 722.

Kap. I. Forbodssoner og fredingssoner i sjø

§ 1.Forbodssoner

Innanfor forbodssonene er alt fiske forbode heile året. Det er forbodssoner utanfor følgjande elvar i Rogaland: 

Sokndalselva: Frå «Gamle stranda bru» ut til ei line trekt frå austre hjørnet ytst på moloen som ligg på vestsida av elveutløpet og i rett vinkel til eit fast punkt på den austre moloen. 

Figgjoelva: Frå ca. 400 m sør til ca. 300 m nord for elvemunninga, når elva går i ei rett line frå utlaupet av svingen nedstraums hengjebrua, og ut til ein avstand på 200 m frå land.

32V 300600/6523830 - 32V 300413/6524520 (WGS 84). 

Imsa: Innafor ei line frå ytste punktet på Ims kai til eit punkt på sørsida av vågen 1,5 m aust for austre hjørne av gnr. 86 bnr. 34.

§ 2.Fredingssoner 

Frå og med 15. april til og med 15. oktober gjeld særskilde reglar for fiske i sjøen innanfor fredingssonene omtala under § 4. Berre slikt fiske som nemnt under er tillate. 

Frå grensa mellom elv og sjø og ut til ein avstand på 100 m:

-Fiske med stong eller handsnøre frå land i den tida fiske er tillate i elva.
-Fiske etter ål med tradisjonelle reiskapar. 

Utanfor ein avstand på 100 m frå grensa mellom elv og sjø til yttergrensa for fredingssona:

-Fiske med setjegarn etter andre fiskeslag enn anadrome laksefisk, når garna er sette slik at overtelna til ei kvar tid er minst 5 m under havoverflata.
-Fiske med tradisjonelle reiskapar etter krabbe, hummar og ål, samt fangst av leppefisk med ruser.
-Fiske med stong eller handsnøre.
-Med unntak av fredingssonene utanfor Høleåna, Fossandåna, Espedalselva, Dirdalselva og Frafjordelva er det opna for fiske med landnot eller nøter på minst 150 m lengde og 30 m djupne etter sild, brisling og makrell, når reiskapen blir sett ut av fiskarar oppførte i fiskarmanntalet, blad B, og frå fartøy som er registrerte i merkeregisteret for norske fiskefartøy, jf. lov 26. mars 1999 nr. 15 om retten til å delta i fiske og fangst (deltakerloven).
0Endra ved forskrift 27 juni 2006 nr. 722.
§ 3.Kilenotfiske i fredingssonene

Fiske med kilenot i fredingssonene er berre tillate utanfor følgjande elvar: Ognaelva, Fuglestad, Håelva og Figgjoelva. Fangstdelen til nota skal stå minimum 400 m frå grensa mellom elv og sjø.

§ 4.Avgrensing av fredingssonene

Kartkoordinatar for M711-serien er oppgitt, saman med årstal for kartutgåva. 

Sira: Innanfor ei line tvers over fjorden der den er på det smalaste ved Løyningshammaren, ca. 2 km frå munningen av Logsbekken.

32VLK 347850/6463375 - 347900/6463200 (1967) 

Sokndalselva: Innanfor ei line frå sør-vestre spissen på fastlandet på austsida av Vammelsundet, til fyrlykta på austre pynten på Langholmen, vidare til vestre punktet på Grasholmen, og derifrå omlag beint nordover til eit punkt på fastlandet.

32VLK 341325/6467225 - 341150/6467250 - 340850/6467800 - 340850/6467850 (1967) 

Hellelandselva: Innanfor ei line frå vestre punkt på Lindøy i nord til Vardbergodden i sør.

32VLK 324425/6482950 - 324325/6482425 (1966) 

Bjerkreimselva

Nordra Sundet: Innanfor ei line tvers over sundet rett før sundet vidar seg ut ved Leidland.

32V 323114/6484922 - 323034/6484685 (WGS 84) 

Søra Sundet: Innanfor ei line tvers over sundet om lag 75 m sør for Eigerøy bru.

32V 323717/6483951 - 323654/6483907 (WGS 84) 

Hellvikelva: Innanfor ei line frå vestre punkt på Svartholodden, og tvers over fjorden til næraste punkt på sørsida.

32VLK 317075/6486500 - 317225/6486300 (1966) 

Ognaelva: Innanfor ei line frå Vardeskjær til ytre punktet på Litle Ognaholmen og vidare til Persodden.

32VLK 312300/6491900 - 312100/6491325 - 312700/6489325 (1962) 

Fuglestadelva: Eit 200 m breitt belte langs land frå eit punkt 1 km nord for elvemunningen til eit punkt 1 km sør for elvemunningen.

32VLK 308675/6493225 - 310675/6493100 (1962) 

Kvassheimselva: Eit 200 m breitt belte langs land frå eit punkt ca. 750 m nord for elvemunningen til eit punkt ca. 650 m sør for elvemunningen.

32VLK 306200/6494950 - 307100/6494025 (1962) 

Varhaugelvane: Eit 200 m breitt belte langs land frå 1 km nord for Søre Varhaugelva til eit punkt 1 km sør for nordre Varhaugelva.

32VLK 302525/6503225 - 303800/6500575 (1962) 

Håelva: Eit 200 m breitt belte frå eit punkt på eit nes omlag 850 m nord for Håtangen fyrlykt i nord, til Obrestad fyr i sør.

32VKL 299650/6509475 - 299975/6507275 (1962) 

Orreelva: Eit 200 m breitt belte langs land frå Skårtangen i nord til Krossatangen i sør.

32VKL 298225/6515750 - 298525/6514300 (1962) 

Figgjoelva: Innanfor ei line frå Skarsteinen som ligg i Sele hamn til Feistein fyr, og vidare til Litle Fuglingen i sør.

32VLL 300300/6525200 - 32VKL 298350/6526150 - 32VLL 300125/6521750 (1967) 

Storåna i Sandnes: Innanfor ei line tvers over fjorden 1 km utanfor elvemunningen.

32VLL 312500/6529375 - 312850/6529375 (1967) 

Imsa: Innanfor ei line frå Godfarneset i nord til øvste punktet på Skjeggreiholmen, og vidare til Storekleiv i sør.

32VLL 325800/6533875 - 326900/6534025 - 326025/6533400 (1967) 

Høleåna: Innanfor ei line frå ytste punktet på Høleneset til eit punkt 500 m vest for elvemunningen.

32VLL 327550/6533075 - 326975/6532650 (1967) 

Dirdalselva: Innanfor ei line frå Mulen til eit punkt på vestsida av bukta, om lag 1 km frå elvemunningen.

32VLL 337725/6526125 - 336700/6525725 (1967) 

Frafjordelva: Innanfor ei line tvers over fjorden omlag 1 km utanfor elvemunningen.

32VLL 340175/6526725 - 340175/6525650 (1967) 

Espedalselva: Eit 200 m breitt belte langs land frå neset sør for Rossavik nord for elvemunningen, til Grimsnes sør for elvemunningen.

32VLL 335000/6529000 - 336475/6527400 (1967) 

Forsandåna: Eit 200 m breitt belte langs land frå eit punkt 500 m sør for elvemunningen til eit punkt 500 m nord for elvemunningen.

32VLL 332975/6532250 - 333300/6531375 (1967) 

Eianeelva: Innanfor ei line frå eit punkt 500 m nord for elvemunningen til eit punkt omlag 500 m vest for elvemunningen.

32VLL 337575/6539425 - 336825/6538875 (1967) 

Lyseelva: Innanfor ei line tvers over fjorden 1 km utanfor elvemunningen.

32VLL 364125/6548675 - 364125/6548050 (1965) 

Jørpelandselva: Innanfor ei line frå Håhammaren sør for elvemunningen til Jørpelandsholmen. Derfrå vidare til Strandvik om lag 300 m vest for munningen av Fiskåna.

32VLL 329450/6546550 - 330725/6544900 (1974) 

Årdalselva: Innanfor ei line tvers over fjorden frå Liarneset på nordsida til Kjeatoneset på sørsida.

32VLL 337000/6560250 - 337025/6559100 (1974) 

Hjelmelandselva: Innanfor ei line frå Mula nord for vågen til Pundsneset sør for vågen.

32VLL 339000/6571250 - 337800/6569950 (1974) 

Vormo: Innanfor ei line frå Vindklov aust for bukta til Vigeneset vest for bukta.

32VLL 347725/6575125 - 346725/6574550 (1972) 

Førre: Innanfor ei line tvers over fjorden ein km utanfor elvemunningen.

32VLL 360175/6578475 - 360275/6578100 (1972) 

Ulla: Eit 200 m breitt belte langs land frå eit punkt på indre Ladberget aust for elvemunningen, til eit punkt på Kjerhammar vest for elvemunningen.

32VLL 353200/6579125 - 354600/6578900 (1972) 

Hålandselva: Eit område mellom Erfjord bru og ei line mellom Tennes og Åssjøen.

32VLL 342950/6580100 - 344025/6579750 (1972) (Tennes - Åssjøen) 

Suldalslågen: Eit 200 m breitt belte langs land frå Eidsneset i nord til Velabukta i sør.

32VLL 344275/6598500 - 344550/6595900 (1972) 

Saudaelvane: Innanfor ei line frå Svandalselva på vestsida av fjorden til Malldalselva på austsida av fjorden.

32VLM 347350/6612950 - 349375/6611100 (1961) 

Vikedalselva: Innanfor ei line frå Uppsalneset på nordsida av bukta til Sunnanåneset på sørsida.

32VLL 323550/6599550 - 323700/6598025 (1988) 

Sandeidelvane: Innanfor ei line frå Oterbergsteinen på vestsida av fjorden til eit punkt på austsida av fjorden omlag 850 m sør for munningen av Rødneelva.

32VLM 321625/6604200 - 323075/6603825 (1976) 

Åmselva: Innanfor ei line frå Skjervheim fyrlykt til Eikanesholmen og vidare til Eikanesklubben.

32VLL 315700/6596875 - 315400/6596200 (1981) 

Kvaleelva (Haugesund kommune): Eit 200 m breitt belte langs land frå eit punkt 500 m nord for elvemunningen til eit punkt 500 m sør for elvemunningen.

32VKL 286850/6595550 - 286775/6594500 (1981) 

Svendsbøelva (Ølen kommune): Frå grense elv-sjø i Svendsbøelva og ut til ei line som går frå nordre pynten av Ottertangen til grensa mellom eigedom gnr. 134/bnr. 6 og eigedom gnr. 135/bnr. 3.

UTM (ED50-rutenett): LM055 064 til LM056 065.

§ 5.Merking

Grensene for fredingssonene vil bli merkte.

Kap. II. Nedsenking av garn

§ 6.Utvida nedsenkingspåbod for setjegarn i Rogaland

I perioden med nedsenkingspåbod skal alle garn innanfor ein avstand på 40 meter frå land, øy, holme eller skjær, målt ved fjøre sjø, senkast ned slik at heile fangstdelen står minst 3 m under havoverflata til ei kvar tid. Utanfor 40 m gjeld dette påbodet berre for garn med maskevidde større enn 32 mm.

Tidsrommet for nedsenkingspåbod følgjer den til ein kvar tid gjeldande nasjonale forskrift om nedsenking av garn.

Påbodet om nedsenking gjeld ikkje for reiskap som under utøving av yrkesfiske er sett ut for å fange anna enn laksefisk av fiskarar som er oppførte i fiskarmanntalet, frå fartøy som er registrerte i merkeregisteret for norske fartøy, jf. lov 26. mars 1999 nr. 15 om retten til å delta i fiske og fangst (deltakerloven).

0Endra ved forskrift 27 juni 2006 nr. 722.

Kap. III. Dispensasjon, straff og iverksetjing

§ 7.Dispensasjon

Fylkesmannen kan i særlege tilfelle dispensere frå reglane i denne forskrifta.

§ 8.Straff

Brot på denne forskrifta er straffbart, jf. lov 15. mai 1992 nr. 47 om laksefisk og innlandsfisk m.v. § 49.

§ 9.Iverksetjing

Forskrifta gjeld frå og med 15. mai 2004. Samstundes blir forskrift 28. mai 2003 nr. 650 om fredingssoner og nedsenking av garn i sjø, Rogaland, oppheva.