Forskrift om fiske etter innlandsfisk i innsjøar med anadrome laksefisk i Sogn og Fjordane.

DatoFOR-2005-06-30-767
PublisertII 2005 hefte 3
Ikrafttredelse30.06.2005
Sist endret
Endrer
Gjelder forSogn og Fjordane
HjemmelLOV-1992-05-15-47-§34, FOR-1992-11-27-864
Kunngjort06.07.2005
KorttittelForskrift om innlandsfiske, Sogn og Fjordane

Fastsett av Fylkesmannen i Sogn og Fjordane 30. juni 2005 med heimel i lov 15. mai 1992 nr. 47 om laksefisk og innlandsfisk m.v. § 34, jf. delegeringsvedtak 27. november 1992 nr. 864.

§ 1.Virkeområde

Denne forskrifta fastsett reglar for fisket etter innlandsfisk i innsjøar med anadrome laksefisk (laks og sjøaure) i Sogn og Fjordane. Dersom ikkje anna er nemnd, gjeld dei reglane som er fastsett for fisket etter laks og sjøaure også for innlandsfisket.

§ 2.Hovudregel

Fiske etter innlandsfisk er tillate med botngarn med største maskevidd 31 mm (20 omfar) i tidsrommet 15. mai-31. august. I innsjøar med røye er det også tillate å fiske med garn med største maskevidd 31 mm seinka ned til minst 10 m djupne i tidsrommet 1. september-15. desember. Garna skal stå på botnen og med alle flytarar under vatn.

Fiske med stong og handsnøre etter innlandsfisk er tillate heile året.

Fiske etter ål er tillate heile året med dei reiskap som er vanleg for slikt fiske. Fylkesmannen kan gi nærare reglar for kva reiskapstypar som er tillate.

§ 3.Særreglar og unntak frå hovudregel

Reglane i § 1 og § 2 gjeld så sant ikkje anna er nemnd.

Fisket etter innlandsfisk i Vassbygdvatnet i Aurlandsvassdraget (Aurland kommune), Årdalsvatnet i Årdalsvassdraget (Årdal kommune) og Eidsvatnet i Fortunsvassdraget (Luster kommune) følgjer dei reglane som er fastsett for fisket etter laks og sjøaure. 

Østerbøvassdraget (Høyanger kommune):

I Østerbøvatnet er garnfiske berre tillate etter marin fisk med garn som er nedseinka minst 3 m heile året. Fiske med stong og handsnøre i vatnet og i utløpskanalen er tillate heile året. Dette gjeld både marin fisk og laksefisk. 

Flekke-/Guddalsvassdraget:

Oterfiske er tillate i tidsrommet 15. mai-31. august. 

Osenvassdraget (Flora og Gloppen kommunar):

Oterfiske er tillate i tidsrommet 15. mai-31. august. Endestadvatnet (ovanfor 100 m frå grena mellom utløpselva og vatnet) og vatn og elvestrekningar oppstrøms blir forvalta som innlandsfiskvassdrag. 

Hornindalsvatnet i Hornindalsvassdraget (Eid og Hornindal kommunar):

Aust for ei line mellom merke ved Bakkeneset (UTM 32V 348515 6867605) i syd og merke på ein godt synleg stein ved Grønløkjen (UTM 32V 348926 6868034) i nord er det tillate å fiske med botngarn og flytegarn med største maskevidd 39 mm i tidsrommet 15. mai-25. september og med botngarn og neddykte garn med største maskevidd 31 mm elles i året. Mellom denne grenselina og ei grenseline frå merke på godt synleg stein vest for Årvikneset (UTM 32V 348308 6868210) og rett syd til merke vest for Andeneset (UTM 32 V 348270 6868073), er det tillate å fiske med botngarn og neddykte garn med største maskevidd 31 mm heile året. Det er tillate å fiske aure og røye med oter i perioden 15. mai-25. september. Fisket med stong i vatnet følgjer reglane i § 2, men i Storelva (Horndøla) er det tillate å fiske med stong i perioden 15. mars-30. september. Nedanfor vestre grenseline følgjer fisket dei reglane som er fastsett for fisket etter laks og sjøaure. 

Strynevassdraget (Stryn kommune):

I Strynevatnet er det tillate å fiske innlandsfisk med oter i perioden 15. mai-31. august. I Nedrefloen er garnfiske berre tillate med største maskevidd 26 mm nedseinka til 5 m djup i tidsrommet 15. mai til 15. september og nedseinka til minst 10 m djupne i tidsrommet 15. september til 15. desember. 

Dalsbøvassdraget (Selje kommune):

Ervikvatnet følgjer dei reglane som er fastsett for fisket etter laks og sjøaure. Dalsbøvatnet, Morkavatnet og Sætrevatnet: Under røyefisket med nedseinka garn kan garna fortøyast i land med tau, men garna skal stå minst 2 m frå land. Det er tillate å fiske innlandsfisk med oter i perioden 15. mai-31. august.

§ 4.Unntak for elveos, kanalar og sund

Garnfiske er berre tillate i større avstand enn 100 m (i luftline) frå lakse- eller sjøaureførande elveos eller kanal. Garna må ikkje dekkje meir enn ein fjerdedel av breidda på innsjøen eller sundet på den aktuelle staden. Garnfiske er ikkje tillate i sund eller delar av innsjøar der breidda er mindre enn 100 m målt på tvers av sundet eller innsjøen ved middels sommarvasstand.

I Hornindalsvatnet ved utløpet av Storelva (Horndøla) er garnfiske tillate inn til merke i syd ved naustvegg (UTM 32V 369966 6873277) og i nord til merke ved land (UTM 32 V 369835 6873368). Grenselina i syd går i retning saga ved sjøen i vest (UTM 32V 369438 6872624), og grenselina i nord i retning loddrett vegg på Kjøsahammaren (UTM 32V 366908 6871911). Begge grenselinene er avskåre av ei line frå Svor-museet i syd (UTM 32V 370153 6872793) til hus på Ytrehorn i nord (UTM 32V 369297 6873638).

Fiske med stang og handsnøre er berre tillate i ein avstand på minst 100 m (i luftline) frå lakse- eller sjøaureførande elveos eller kanal i den tida det ikkje er opna for fiske etter laks eller sjøaure.

Oterfiske er berre tillate i ein avstand på minst 100 m (i luftline) frå lakse- eller sjøaureførande elveos eller kanal.

§ 5.Merking av fiskereiskap

Alle garnlenker skal merkast med fiskaren sitt namn eller gards- og bruksnummer på endeflotøren mot land.

§ 6.Gjenutsettingsplikt

Laks eller sjøaure som er fanga med reiskap som er ulovleg til fangst av slik fisk eller utanom lovleg fisketid for denne, skal straks settast ut att, jf. § 47 i lov om laksefisk og innlandsfisk m.v.

§ 7.Fangstrapportering

Fylkesmannen kan påleggje fiskerettshavarane å rapportere fangstar og fangstinnsats.

§ 8.Dispensasjon

Fylkesmannen kan gi løyve til å fiske med anna reiskap og til andre tider dersom det ligg føre ein samla plan (driftsplan) for og kontroll av fisket.

Fylkesmannen kan i spesielle tilfelle dispensere frå reglane i denne forskrifta.

§ 9.Straff

Brot på denne forskrifta er straffbart, jf. § 49 i lov om laksefisk og innlandsfisk m.v.

§ 10.Ikrafttreden

Denne forskrifta trer i kraft straks.