Forskrift om utvida nedsenkingspåbod av garnreiskap i Hardangerfjorden og fjordane rundt Osterøy, Hordaland.

DatoFOR-2006-02-24-242
PublisertII 2006 hefte 1
Ikrafttredelse01.03.2006
Sist endret
EndrerFOR-2000-06-29-842.
Gjelder forHordaland
HjemmelLOV-1992-05-15-47-§49, LOV-1992-05-15-47-§41, FOR-2003-06-20-737-§2
Kunngjort24.02.2006
KorttittelForskrift om nedsenkingspåbod av garnreiskap, Hardangerfjorden

Fastsett av fylkesmannen i Hordaland 24. februar 2006 med heimel i lov 15. mai 1992 nr. 47 om laksefisk og innlandsfisk m.v. § 49 og § 41, jf. forskrift 20. juni 2003 nr. 737 om nedsenking av garnredskap § 2. 

Denne forskrifta gjeld i Hardangerfjorden, innafor ei line mellom Bleiknes ved Husnes og Ystadnes ved Ølve, og i heile fjordsystemet rundt Osterøy, innafor Nordhordlandsbrua. Utanfor desse områda gjeld forskrift 20. juni 2003 nr. 737 om nedsenking av garnredskap.

§ 1.Utvida nedsenkingspåbod for setjegarn i Hardangerfjorden og fjordane rundt Osterøy

I perioden frå og med 1. mars til og med 30. september skal alle garn, uansett maskevidde, senkast slik at heile fangstdelen står minst 3 meter under havoverflata til ei kvar tid.

§ 2.Yrkesfiske

Påbodet om nedsenking gjeld ikkje for reiskap som under utøving av yrkesfiske er sett ut for å fanga anna enn laksefisk av fiskarar som er oppførte i fiskarmanntalet, frå fartøy som er registrerte i merkeregisteret for norske fartøy, jf. lov 26. mars 1999 nr. 15 om retten til å delta i fiske og fangst (deltakerlova).

§ 3.Dispensasjon

Fylkesmannen kan i særlege tilfelle dispensera frå reglane i denne forskrifta.

§ 4.Straff

Brot på denne forskrifta er straffbart, jf. lov 15. mai 1992 nr. 47 om laksefisk og innlandsfisk m.v. § 49.

§ 5.Iverksetjing

Forskrifta gjeld frå og med 1. mars 2006. Samstundes vert forskrift 29. juni 2000 nr. 842 om utvida nedsenkingspåbod av garnreiskap i Hardangerfjorden og fjordane rundt Osterøy, Hordaland, oppheva.