Forskrift om freda sone ved utløp frå kraftstasjon til sjø i Møre og Romsdal.

DatoFOR-2006-03-31-417
PublisertII 2006 hefte 2
Ikrafttredelse31.03.2006
Sist endret
Endrer
Gjelder forMøre og Romsdal
HjemmelLOV-1992-05-15-47-§5, LOV-1992-05-15-47-§40, FOR-1992-11-27-864
Kunngjort20.04.2006
KorttittelForskrift om freda sone, Møre og Romsdal

Fastsett av Møre og Romsdal fylke 31. mars 2006 med heimel i lov 15. mai 1992 nr. 47 om laksefisk og innlandsfisk m.v. § 5 og § 40 jf. delegeringsvedtak 27. november 1992 nr. 864.

§ 1.Fiskeforbod

Fiske med stong er forbode i og utanfor utløpet til sjø frå kraftstasjonane nemnt i § 2. Forbodet gjeld frå land og båt i eit sjøområde 100 m frå utløpet av kanalen når kraftstasjonen er i drift i perioden frå og med 1. mai til og med 30. september.

§ 2.Lokalitetar

Denne forskrifta gjeld utløpet frå:

Tafjord kraftstasjon (k4) i Norddal kommune

Tussa kraftstasjon i Ørsta kommune

Valsøybotn kraftstasjon i Halsa kommune

Åmela kraftstasjon i Volda kommune.

§ 3.Straff

Brot på denne forskrifta er straffbart, jf. lov 15. mai 1992 nr. 47 om laksefisk og innlandsfisk m.v. § 49.

§ 4.Ikrafttreding

Forskrifta trer i kraft straks.