Forskrift om ferdsels- og fiskeforbod, Fedje kommune, Hordaland.

DatoFOR-2006-09-21-1093
PublisertII 2006 hefte 4
Ikrafttredelse21.09.2006
Sist endret
Endrer
Gjelder forFedje kommune, Hordaland.
HjemmelLOV-1984-06-08-51-§6, FOR-1998-12-11-1273-§1-11
Kunngjort28.09.2006
KorttittelForskrift om ferdsels- og fiskeforbod, Fedje

Fastsett av Fiskeri- og kystdepartementet 21. september 2006 med heimel i lov 8. juni 1984 nr. 51 om havner og farvann m.v. § 6 og forskrift 11. desember 1998 nr. 1273 om sjøtrafikk i bestemte farvann (sjøtrafikkforskriften) § 1-11.

§ 1.(formål)

Formålet med denne forskrifta er å hindre at gjenstandar eller personar kjem i kontakt med vraket av ubåten «U-864» eller havbotnen ved vraket og å sikre at Kystverket sitt arbeid på vraket ikkje vert hindra.

§ 2.(forbod mot fiske, ankring og dykking)

Det er ikkje tillete å fiske, ankre eller dykke ved Fedje innanfor ein sirkel med radius på 500 meter rundt posisjonen 60° 46,19′ N, 004° 37,24′ Ø.

Det er ikkje tillete å sette ut fastståande fiskereiskapar, drivgarn, snurrevad, trål, ringnot, botnreiskap eller annan reiskap som kan komme i kontakt med havbotnen i området nemnt i første ledd.

Det er heller ikkje tillete å bruke miniubåt, undervassutstyr som «Remotely Operated Vehicles» eller liknande i området nemnt i første ledd. Dette forbodet gjeld ikkje undersøkingar og arbeid på eller ved vraket av «U-864» på oppdrag frå Kystverket.

§ 3.(midlertidig forbod mot bruk av farvatnet)

Fedje trafikksentral kan innføre midlertidig ferdselsforbod innanfor ein sirkel med radius på 500 meter rundt posisjonen 60° 46,19′ N, 004° 37,24′ Ø.

Det midlertidige forbodet vil gjelde all ferdsel i området og alle typar fartøy.

§ 4.(unntak)

Midlertidig ferdselsforbod etter § 3 gjelder ikkje for:

a)Forsvaret, ambulanse-, politi-, rednings- eller offentleg oppsynsverksemd, og
b)fartøy som foretar undersøkingar og arbeid på eller ved vraket av «U-864» på oppdrag frå Kystverket.
§ 5.(dispensasjon)

Fedje trafikksentral kan gi dispensasjon frå eit midlertidig ferdselsforbod etter § 3 når særlege grunnar føreligg. Trafikksentralen kan likevel berre gi dispensasjon for verksemd som ikkje kjem i strid med formålet med denne forskrifta.

§ 6.(straffeføresegn)

Forsettleg eller aktlaus overtreding av denne forskrifta er straffbar etter lov 8. juni 1984 nr. 51 om havner og farvann m.v. § 28.

§ 7.(iverksetjing)

Forskrifta trer i kraft straks.