Forskrift om fiske etter innlandsfisk i innsjøar med anadrome laksefisk, Hordaland.

DatoFOR-2007-02-13-162
PublisertII 2007 hefte 1
Ikrafttredelse13.02.2007
Sist endret
EndrerFOR-1956-01-20-11, FOR-1981-06-24-4814, FOR-1983-03-23-748, FOR-1990-04-03-251, FOR-1995-06-14-544
Gjelder forHordaland
HjemmelLOV-1992-05-15-47-§34, FOR-1992-11-27-864
Kunngjort15.02.2007
KorttittelForskrift om innlandsfiske, Hordaland

Kapitteloversikt:

Fastsett av Fylkesmannen i Hordaland 13. februar 2007 med heimel i lov 15. mai 1992 nr. 47 om laksefisk og innlandsfisk m.v. § 34, jf. delegeringsvedtak 27. november 1992 nr. 864.

I

Forskrifta gjeld for fiske etter innlandsfisk med stong, handsnøre, oter, setjegarn, not, ruser og fastståande reiskap, i innsjøar i vassdrag eller delar av vassdrag der det også går anadrome laksefisk (laks, sjøaure, sjørøye).

§ 1.Innsjø

Som innsjø i anadrom del av vassdraget reknast dei vatn som er klassifiserte som innsjø i det offentlege innsjøregisteret, med areal større enn 0,1 kvadratkilometer ved middels sommervassføring.

§ 2.Fiske med stong og handsnøre

Fiske med stong og handsnøre etter innlandsfisk er tillete heile året i innsjøar.

I følgjande innsjøar er det utanom lovleg fisketid for anadrome laksefisk ikkje tillete å fiska nærare enn 100 meter frå inn- og utos til elver der det går anadrome laksefisk:

Stordalsvatnet og Litledalsvatnet i Etne

Eidfjordvatnet

Granvinsvatnet

Alle aktuelle innsjøar i Osvassdraget

Evangervatnet og Vangsvatnet i Vossavassdraget

Hopevatnet og Sleirsvatnet i Masfjorden.

§ 3.Fiske med oter

Fiske med oter etter innlandsfisk er tillete frå 15. mai til 15. juli i innsjøar. Heile fiskereiskapen skal til ei kvar tid vera minst 100 meter frå inn- og utos til elver der det går anadrome laksefisk.

§ 4.Fiske med not, ruse og fastståande reiskap

Fylkesmannen kan etter søknad gje løyve til fiske etter innlandsfisk med not, ruse og annan fastståande reiskap.

Fiske etter ål i innsjøar er tillete med vanleg åleruse, der ringer og ledegarn ikkje er høgare enn 60 cm og ledegarnet ikkje er meir enn 9 meter langt, og maksimum maskevidde er 36 omfar (17,5 mm). Heile reiskapen må stå minst 5 meter under vassyta.

Det er ikkje tillete å fiska ål med ruse på elvestrekningar eller nærare enn 200 meter frå inn- og utos til elver der det går anadrome laksefisk.

§ 5.Fiske med setjegarn (botngarn, flytegarn). Generelle reglar

Største lovlege maskevidde i garn er 29 mm (22 omfar). Minste lovlege maskevidde er 21 mm (30 omfar). Maskevidde målast frå knute til knute i våt tilstand.

Garn skal til ei kvar tid stå minst 200 meter frå inn- og utos til elver der det går anadrome laksefisk.

Garn må ikkje setjast ut slik at det fiskar i meir enn fjerdedelen av vassdraget si minste breidd på fiskeplassen, også medrekna avstand til øy/holme/skjer i vassdraget.

Garn må ikkje setjast eller nyttast på måter som gir nærliggjande fare for fangst av anadrome laksefisk, eller som hindrar fri gang for anadrome laksefisk.

Kvart garn skal merkast med synleg flottør, med fiskaren sitt namn, og med adresse eller telefonnummer.

§ 6.Fiske med setjegarn i innsjøar der det ikkje er bestand av røyr (røye)

I innsjøar der det ikkje er bestand av røyr (røye) er garnfiske tillete frå 15. mai til 15. juli.

§ 7.Fiske med setjegarn i innsjøar der det er bestand av røyr (røye)

I innsjøar som har bestand av røyr (røye) er garnfiske tillete heile året. Frå 16. juli til 14. mai skal heile fangstdelen til garnet vera minst 5 meter under vassyta.

Ved garnfiske i følgjande innsjøar i Osvassdraget skal heile fangstdelen til garnet alltid vera minst 5 meter under vassyta: Tyssdalsvatnet, Hetleflotvatnet med Skogavika, Gåssandvatnet/Bergstøvatnet og Røykenesvatnet.

Ved garnfiske i Eidfjordvatnet skal heile fangstdelen til garnet alltid vera minst 10 meter under vassyta.

§ 8.Forbod mot fiske

I Stordalsvatnet i Etne er fiske med setjegarn forbode heile året der vassdraget si breidd er mindre enn 200 meter.

I følgjande innsjøar er alt fiske forbode heile året, unnateke fiske med stong og handsnøre i lovleg fisketid for anadrome laksefisk: Movatnet i Norheimsund, Tyssdals-Sponga i Osvassdraget, Seimsvatnet i Vossavassdraget.

§ 9.Påbod om utsetjing

Anadrome laksefisk som vert fanga på annan reiskap enn stong eller handsnøre, eller utafor vassdragets lovlege fisketid for anadrome laksefisk, skal straks setjast ut att uskada.

§ 10.Dispensasjon og øvrige reglar

Fylkesmannen kan i særlege tilfelle dispensera frå reglane i forskrifta. Fylkesmannen kan for heile fylket eller for avgrensa område gje skjerpande og utfyllande reglar til forskrifta. Grunneigarar/fiskerettshavarar kan innafor eigne fiskerettar gje skjerpande reglar til forskrifta.

§ 11.Fiskaravgift

Når det vert fiska med stong eller handsnøre etter innlandsfisk i vassdragets lovlege fisketid for anadrome laksefisk, skal det betalast fiskaravgift til staten.

§ 12.Straff

Brot på denne forskrifta er straffbart, jf. § 49 i lov om laksefisk og innlandsfisk m.v.

§ 13.Iverksetjing

Forskrifta vert sett i verk straks.

II

Frå same tid vert følgjande forskrifter oppheva:

-forskrift 24. oktober 1924 om fiskeredskaper ved utløpet av Simodalselven i Eidfjord herred (C 15).
-forskrift 24. april 1931 om fiskeforbud ved laksetrappen ved Eidsfoss i Eksingedalselven (C 18).
-forskrift 9. april 1937 om fiskeforbud ved laksetrappene i Tysseelven i Samnanger (C 22).
-forskrift 26. september 1941 om fredningssoner ved laksetrappen i Seimsfossen, Kvinnherad (C 24).
-forskrift 4. mars 1949 om fiskeforbud ved laksetrappa i Eidsfossen i Opoelva, Odda (C 26).
-forskrift 7. mars 1952 om fisket i Nesvågen (C 27).
-forskrift 1. juli 1968 om fiskeregler for Nesvatnet i Manger, Radøy (F 1).
-forskrift 13. mai 1969 om fisket ved laksetrappa i Frugardselva, Stord (C 37).
-forskrift 20. januar 1956 nr. 11 om fredning for vassdrag, utløpet av Steindalsvassdraget og Movatnet, Kvam kommune, Hordaland.
-forskrift 24. juni 1981 nr. 4814 om freda sone ved utlaupet av Etneelva, Etne kommune, Hordaland.
-forskrift 23. mars 1983 nr. 748 om freda sone ved laksetrappa i Håfoss, Etneelva, Etne kommune, Hordaland (C52).
-forskrift 3. april 1990 nr. 251 om laksefisket og innlandsfisket ved Rongsfossen, Strandaelvi, Vosso, Voss kommune, Hordaland.
-forskrift 14. juni 1995 nr. 544 om fiske etter innlandsfisk i den anadrome delen av Osvassdraget, Bergen og Os kommuner, Hordaland.