Forskrift om fisket i Jølstravatnet, Jølster kommune, Sogn og Fjordane

DatoFOR-2007-08-08-969
PublisertII 2007 hefte 4
Ikrafttredelse10.08.2007
Sist endret
EndrerFOR-1999-08-25-937
Gjelder forJølster kommune, Sogn og Fjordane
HjemmelLOV-1992-05-15-47-§34, FOR-1992-11-27-864
Kunngjort16.08.2007
KorttittelForskrift om fisket i Jølstravatnet, Jølster

Fastsett av Fylkesmannen i Sogn og Fjordane 8. august 2007 med heimel i lov 15. mai 1992 nr. 47 om innlandsfisk og laksefisk m.v. § 34, jf. delegeringsvedtak 27. november 1992 nr. 864. 

Fylkesmannen i Sogn og Fjordane har fastsett forskrift for fisket i Jølstravatnet, Jølstra ned til Stakhaldefossen og tilløpselvane til vatnet så langt det er mogleg for aure frå vatnet å vandre opp.

§ 1.Alt fiske utanom stong og kastesnøre er forbode 16. september - 14. april.

Fiske med stong og kastesnøre er tillate heile året, utanom i tilløpselvane til Jølstravatnet der fisket er tillate 1. januar - 15. september og i utløpselva der fisket er tillate 15. april - 1. oktober.

Fiske med oter og djuprigg er tillate 1. juni - 10. august.

Fiske med not er tillate 1. juni - 15. juli og 20. august - 15. september.

Fiske med flytegarn er tillate 10. august - 15. september.

Fiske med botngarn og line er tillate 15. april - 15. september.

§ 2.Det skal midt i Jølstravatnet vere eit friløp der det ikkje kan setjast fastståande reiskap. Friløpet skal vere 1/3 av breidda på vatnet ved middels sommarvassmål, slik at garn eller line sett ut frå ei av sidene ikkje må gå lenger ut enn 1/3 av breidda på vatnet.
§ 3.Den enkelte fiskar/båtlag kan samla fiske med flytegarnslenker som i lengda utgjer opp til 2/3 av disponibel strandline. Rett til fiske med garn kan ikkje overførast frå eit gardsnummer til eit anna. Samla lengd på flytegarnslenker skal avgrensast til 400 meter. Grunneigarar/fiskarar som får avgrensingar etter maksimumsgrensa (400 meter) kan ikkje overføre «unytta» strandline til andre fiskarar.
§ 4.Det er til ei kvar tid forbode å nytta bunden reiskap med mindre maskestorleik enn 20 omfar (32 mm mellom knutane i våt tilstand). Maksimal høgde på botngarn er 2 meter og på flytegarn 6 meter.
§ 5.Det kan nyttast maksimalt 2 otrar per båt. Kvar oter kan ha opptil 10 fluger/spinnarar eller liknande.

Det kan nyttast djuprigg med maksimalt 2 fangsteiningar (sluk/agn) per båt.

§ 6.Alle garnlenker skal merkast med fiskaren sitt namn, adresse og telefonnummer på endeflotøren mot land.
§ 7.Blåser og liknande til fortøying av fiskereiskap kan tidlegast setjast ut ei veke før fisket startar og skal takast opp seinast to veker etter at fisket er avslutta.
§ 8.Fylkesmannen kan dispensere frå reglane i denne forskrifta.
§ 9.Brot på desse forskrifter er straffbart, jf. lov 15. mai 1992 nr. 47 om laksefisk og innlandsfisk m.v. § 49.
§ 10.Forskrifta tek til å gjelde 10. august 2007. Samstundes blir forskrift 25. august 1999 nr. 937 om fisket i Jølstravatnet, Jølster kommune, Sogn og Fjordane sett ut av kraft.