Forskrift om freda sone ved Dragsundet og Holmsundet, Skodje og Eide kommunar, Møre og Romsdal

DatoFOR-2009-06-04-931
PublisertII 2009 hefte 4
Ikrafttredelse04.06.2009
Sist endret
Endrer
Gjelder forSkodje og Eide kommunar, Møre og Romsdal
HjemmelLOV-1992-05-15-47-§40, FOR-1992-11-27-864
Kunngjort02.07.2009   kl. 15.10
KorttittelForskrift om freda sone, Skodje og Eide

Heimel: Fastsett av Møre og Romsdal fylke 4. juni 2009 med heimel i lov 15. mai 1992 nr. 47 om laksefisk og innlandsfisk m.v., § 40 og delegeringsvedtak 27. november 1992 nr. 864.

§ 1.Dragsundet

I perioden frå og med 15. april til og med 30. september er det forbode å fiske med stang frå land og båt i Dragsundet innanfor grenselinene 1) vest for Dragsundet frå Lauvikneset til nordsida av Solnørvika og 2) nord for Dragsundet ved Åtlhøgda.

§ 2.Holmsundet

I perioden frå og med 15. april til og med 30. september er det forbode å fiske med stang frå bruene i Holmsundet og langs heile vegfyllinga frå bru til land på begge sider.

§ 3.Brot på denne forskriften er straffbart, jf. lov 15. mai 1992 nr. 47 om laksefisk og innlandsfisk m.v. § 49.
§ 4.Forskrifta tek til å gjelde straks.