Forskrift om opning av fiske etter anadrome laksefisk i vassdrag, Hordaland

DatoFOR-2010-02-15-172
PublisertII 2010 hefte 1
Ikrafttredelse15.02.2010
Sist endretFOR-2012-05-10-438
EndrerFOR-2008-02-15-176
Gjelder forHordaland
HjemmelLOV-1992-05-15-47-§33, FOR-2003-06-20-736, FOR-1993-02-24-4337
Kunngjort18.02.2010   kl. 15.35
KorttittelForskrift om fiske i vassdrag, Hordaland

Heimel: Fastsett av fylkesmannen i Hordaland 15. februar 2010 med heimel i lov 15. mai 1992 nr. 47 om laksefisk og innlandsfisk m.v. § 33, jf. forskrift 20. juni 2003 nr. 736 om åpning for fiske etter anadrome laksefisk (åpningsforskriften) og delegeringsvedtak 24. februar 1993 nr. 4337. Endra med forskrifter 1 april 2011 nr. 441, 10 mai 2012 nr. 438.

§ 1.
0Endra med forskrift 1 april 2011 nr. 441, opphevd med forskrift 10 mai 2012 nr. 438.
§ 2.
0Endra med forskrift 1 april 2011 nr. 441, opphevd med forskrift 10 mai 2012 nr. 438.
§ 3.Ved følgjande elveoser eller liknande vert det tillete å fiske etter laksefisk heile året:
-Hopsfossen i Nordåsvatnet i Bergen
-Utløpet frå kraftverket i Sima i Eidfjord
-Langfossen i Åkrafjorden i Etne
-Utløpet av Henangervassdraget i Sævareid i Fusa
-Utløpet av Skjelbreidvassdraget i Eikelandsosen i Fusa
-Utløpskanalen frå kraftverket i Austrepollen i Kvinnherad
-Utløpet frå kraftverket i Matre i Kvinnherad
-Furubergfossen i Maurangerfjorden i Kvinnherad
-Utløpet frå kraftverket i Matre i Masfjorden
-Utløpet frå kraftverket i Fotlandsvåg i Osterøy
-Utløpet frå i sitt kraftverk i Ulvik
-Utløpet frå Fossmark kraftverk i Vaksdal.
§ 4.
0Opphevd med forskrift 10 mai 2012 nr. 438.
§ 5.
0Opphevd med forskrift 10 mai 2012 nr. 438.
§ 6.Fylkesmannen i Hordaland kan i serlege tilfelle gje dispensasjon frå paragrafane i denne forskrift.
§ 7.Fiske utanom dei fastsette fisketider er straffbart, jf. lov 15. mai 1992 nr. 47 om laksefisk og innlandsfisk m.v. § 49.
§ 8.Forskrifta vert sett i verk frå 15. februar 2010. Samstundes vert forskrift 15. februar 2008 nr. 176 om opning av fiske etter anadrome laksefisk i vassdrag, Hordaland oppheva.