Forskrift om fiske i vassdrag med laks og sjøaure, Rogaland

DatoFOR-2010-02-17-367
PublisertII 2010 hefte 2
Ikrafttredelse17.02.2010
Sist endretFOR-2012-05-10-438
EndrerFOR-2008-02-27-183
Gjelder forRogaland
HjemmelLOV-1992-05-15-47-§15, LOV-1992-05-15-47-§33, FOR-2003-06-20-736, LOV-2009-06-19-100-§15, LOV-2009-06-19-100-§16
Kunngjort18.03.2010   kl. 15.10
KorttittelForskrift om fiske i vassdrag, Rogaland

Kapitteloversikt:

Heimel: Fastsett av Fylkesmannen i Rogaland 17. februar 2010 med heimel i lov 15. mai 1992 nr. 47 om laksefisk og innlandsfisk m.v. § 15 og § 33, jf. forskrift 20. juni 2003 nr. 736 om åpning for fiske etter anadrome laksefisk (åpningsforskriften) og lov 19. juni 2009 nr. 100 om forvaltning av naturens mangfold (naturmangfoldloven) § 15 og § 16. Endret ved forskrift 10 mai 2012 nr. 438.

Kapittel 1.

§ 1.
0Opphevd med forskrift 10 mai 2012 nr. 438.
§ 2.
0Opphevd med forskrift 10 mai 2012 nr. 438.
§ 3.
0Opphevd med forskrift 10 mai 2012 nr. 438.
§ 4.
0Opphevd med forskrift 10 mai 2012 nr. 438.
§ 5.
0Opphevd med forskrift 10 mai 2012 nr. 438.
§ 6.Fiske etter innlandsfisk i vatn med laks eller sjøaure

I Rogaland er det i vatn med laks eller sjøaure tillate å fiske innlandsfisk med stong og handsnøre heile året. Det er ikkje tillate å fiske etter ål. Utanom fisketida for laks og sjøaure er det ikkje tillate å fiske nærare elveos enn 100 m. Laks eller sjøaure fanga utanom sesongen skal straks settast ut at mest mogleg uskadd.

Fylkesmannen kan opne for fiske med anna reiskap enn stong og handsnøre i vatn med laks eller sjøaure. Det vil bli stilt krav om lokal driftsplan og fangstrapportering.

Kapittel 2. Særlege fiskereglar

§ 7.
0Opphevd med forskrift 10 mai 2012 nr. 438.
§ 8.
0Opphevd med forskrift 10 mai 2012 nr. 438.
§ 9.Fredingssoner i vassdrag

I fredingssonene er alt fiske forbode. Grensene for dei freda områda er merkte med boltar eller røyr. Alle som fiskar nær fredingssonene, pliktar å gjere seg kjende med sonegrensene før fisket tek til. 

Bjerkreimselva

Ved laksetrappene i Fotlandsfossen, Eigersund kommune

-Ovanfor fossen:

Det området som ligg nedanfor ei rett line frå eit merka punkt i ein fjellnakke på vestre side av elva, ca. 50 m ovanfor luka til den nye trappa, rett over elva til eit tilsvarande punkt i ei firkanta fjellblokk på motsett side av elva.

-Nedanfor fossen:

Det området som ligg ovanfor ei rett line frå eit merka punkt på ein framstikkande fjellkam ca. 3 m nedanfor bolten i fjellet og ca. 6 m nedanfor nedre side av den nye trappa, over nedre kant av den såkalla «Vassteinen» til eit tilsvarande punkt på motsett side av elva. 

Håelva

I Fotlandsfossen, Time kommune

-Ovanfor trappa:

Det området som ligg nedanfor ei rett line dregen over elva parallelt med vegbrua 20 m frå næraste kant.

-Nedanfor trappa:

Det området som ligg ovanfor ei rett line dregen tvers over elva 30 m frå utlaupet av den gamle trappa. 

Ved Stemmen nedanfor Fotlandsfossen, Time kommune

-Nedanfor Stemmen, mellom stemmuren og ei rett line trekt parallelt med muren over elva frå toppen av ein stor stein på vestre breidd, ca. 15 m nedanfor. 

Ulla

Ved laksetrappa i Storhoggfossen, Hjelmeland kommune

-Ovanfor trappa:

Den delen av elva som ligg nedanfor ei rett line trekt frå eit rissa kryss i fjellet på vestre side av elva, om lag 20 m ovanfor lukestammen i inntaket til trappa, til eit tilsvarande kryss i fjellet på austre breidd.

-Nedanfor trappa:

Den delen av elva som ligg nedanfor ei rett line trekt frå eit rissa kryss i fjellet på vestre side av elva, om lag 15 m frå utlaupet av laksetrappa, til eit tilsvarande kryss i fjellet på vestre breidd. 

Vikedalselva (Vindafjord kommune)

Ved laksetrappa i Opsalfossen

-Ovanfor trappa:

Området nedanfor ei rett line dregen tvers over elva frå midten av bekkeosen på venstre side av elva. Om lag 35 m ovanfor innlaupet til trappa.

-Nedanfor trappa:

Området ovanfor ei rett line dregen frå søre hjørne av Opsal sagbruk til eit punkt på «Skjeret» merka med jernbolt. Vidare frå denne bolten til munninga av bekken på sørsida av elva, om lag 25 m aust for sagbruket. 

I Håla

-På gnr. 44 bnr. 6. Området mellom ei line trekt frå søre spissen av Holmen rett vest over straumen til fastlandet og ei line trekt frå nordre spissen av Holmen rett nord til fastlandet. 

Ved laksetrappa i Ørnesfossen

-Ovanfor trappa:

Området nedanfor ei rett line trekt frå eit rissa kryss i fjellet på høgre side av elva og over til eit liknande kryss på venstre side. Lina går over to store steinar ute i elva, om lag 60 m ovanfor innlaupet til trappa.

-Nedanfor trappa:

Området ovanfor ei rett line frå eit rissa kryss i fjellet på høgre side av elva og over til eit liknande kryss i fjellet på venstre side av elva. Begge kryssa ligg om lag 40 m frå utlaupet av trappa.

§ 10.
0Opphevd med forskrift 10 mai 2012 nr. 438.

Kapittel 3. Dispensasjon, straff og ikraftsetjing

§ 11.Dispensasjon

Fylkesmannen kan i særlege tilfelle dispensere frå reglane i denne forskrifta.

§ 12.Straff

Brot på denne forskrifta er straffbart, jf. lov 15. mai 1992 nr. 47 om laksefisk og innlandsfisk m.v., § 49.

§ 13.Ikraftsetjing

Forskrifta trer i kraft straks. Samtidig blir forskrift 27. februar 2008 nr. 183 om fiske i vassdrag med laks og sjøaure, Rogaland oppheva.