Forskrift om fiske i vassdrag med laks og sjøaure, Sogn og Fjordane

DatoFOR-2010-02-24-685
PublisertII 2010 hefte 3
Ikrafttredelse24.02.2010
Sist endretFOR-2012-05-10-438
EndrerFOR-2008-02-19-181
Gjelder forSogn og Fjordane
HjemmelLOV-2009-06-19-100-§15, LOV-2009-06-19-100-§16, LOV-1992-05-15-47-§15, LOV-1992-05-15-47-§33, FOR-2003-06-20-736, FOR-1993-02-24-4337
Kunngjort20.05.2010   kl. 14.20
KorttittelForskrift om fiske i vassdrag, Sogn og Fjordane

Heimel: Fastsett av Fylkesmannen i Sogn og Fjordane 24. februar 2010 med heimel i lov 19. juni 2009 nr. 100 om forvaltning av naturens mangfold (naturmangfoldloven) § 15 og § 16, lov 15. mai 1992 nr. 47 om laksefisk og innlandsfisk m.v. § 15 og § 33, jf. forskrift 20. juni 2003 nr. 736 om åpning for fiske etter anadrome laksefisk (åpningsforskriften) og delegeringsvedtak 24. februar 1993 nr. 4337. Endret ved forskrift 10 mai 2012 nr. 438.

§ 1.
0Opphevet ved forskrift 10 mai 2012 nr. 438.
§ 2.
0Opphevet ved forskrift 10 mai 2012 nr. 438.
§ 3.
0Opphevet ved forskrift 10 mai 2012 nr. 438.
§ 4.Særreglar for fiske etter innlandsfisk

I tillegg til oppgitt tid for fiske etter laks og/eller sjøaure, er det på spesifiserte område i følgjande vassdrag tillate å fiske etter innlandsfisk i dei oppgitte tidsromma (frå og med - til og med): 

Gaula (ovanfor Alværfossen): 1. mai-31. mai.

Loelva (frå hengebrua ved Haugen til Lovatnet): 20. juni-30. juni.

§ 5.Fredingssoner ved fisketrapper

For fisketrapper som ikkje er oppført med særreglar nedanfor, er alt fiske forbode på ei strekning frå 50 m nedanfor til 50 m ovafor trappa (jf. § 15 i lov om laksefisk og innlandsfisk).

For fisketrappene opplista nedanfor er alt fiske forbode innanfor dei definerte områda: 

Sjurhaugfossen i Lærdalselvi, Lærdal kommune:

Avgrensa nedstraums av ei rett line mellom jordfaste merke på begge sider av elva ca. 25 m nedanfor nedste kant av utløpstunnelen. Avgrensa oppstraums av ei rett line mellom jordfaste merke på begge sider av elva ca. 25 meter ovanfor trappeinntaket. 

Husumfossen i Lærdalselvi, Lærdal kommune:

Avgrensa nedstraums av ei rett line mellom jordfaste merke på begge sider av elva ca. 10 m nedanfor utløpet av trappa. Avgrensa oppstraums av ei rett line mellom jordfaste merke på begge sider av elva ca. 25 meter ovanfor trappeinntaket. 

Fossfossen i Sogndalselvi, Sogndal kommune:

Avgrensa nedstraums av ei rett line over elva frå nedsida av Rundeknubben på nordsida av elva og tvers over elva til eit merke nedanfor nedre trappa på sørsida av elva. Avgrensa oppstraums av ei rett line trekt over elva frå ein stein framom trappeinntaket på nordsida av elva og tvers over elva til merke på motsatt side. 

Ingafossen (Skjellestadfossen) i Sogndalselvi, Sogndal kommune:

Avgrensa nedstraums frå eit merke 5 m nedanfor nedste trappa og tvers over elva til ei fjellhylle på motsatt side. Avgrensa oppstraums av ei rett line frå eit merke 5 meter ovanfor den øvste trappa til merke på skjær midt i elva. 

Flugheimfossen i Sogndalselvi, Sogndal kommune:

Avgrensa nedstraums av ei rett line trekt frå merke på fjellnabb nr. 2, 20 meter nedanfor trappa og tvers over elva til merke på fjellnabb på motsatt side. Avgrensa oppstraums frå merke på fjellnabb 10 m ovanfor trappa og på skrå over dammen til ein stein på motsatt side. 

Osfossen i Gaula, Gaular kommune:

Avgrensa nedstraums av ei rett line frå merke på søndre elvebreidd ca. 60 m nedanfor trappeutløpet, til den mest synbare knaus midt i nedre del av fossen og vidare til eit merke på lite nes på nordre elvebreidd nedanfor gamal kraftstasjon. Avgrensa oppstraums av ei rett line over elva mellom to brukar. 

Rekvikfossen i Gaula, Gaular kommune:

Avgrensa nedstraums av ei rett line frå merke på nordre elvebreidd ca. 60 m nedanfor trappeutløpet til merke i fjellet på søndre elvebreidd. Avgrensa oppstraums av ei skrå line frå nes på søndre elvebreidd, via øvre kant av holme, til merke på nordre elvebreidd. 

Alværfossen i Gaula, Gaular kommune:

Frå nordleg elvebreidd til midtstrømslina innafor eit område avgrensa nedstraums av merke (bolt) på lite nes nedanfor nedste laksetrapp og til merke (bolt) oppstraums midt mellom laksetrapp og bru. Retninga på øvre og nedre sonegrense er gitt med tilsvarande boltar på søndre breidd. 

Sandefossen i Gaula, Gaular kommune:

Avgrensa nedstraums av ei rett line, vinkelrett på straumen, frå merke på framskote berg på nordre elvebreidd til merke på søndre elvebreidd. Avgrensa oppstraums av ei rett line over elva ved utløpet av øvre Sandefoss. 

Hovefossen i Nausta, Naustdal kommune:

Den delen av elva som ligg vestafor ei rett line trekt frå ein jernbolt i fjellet nedanfor (sønnafor) fossen (ca. 20 m frå trappeutløpet) i nordleg retning gjennom austre brukar til ein liknande bolt på neset i merket i eigedomsgrensa mellom Karl og Peder Hove. Elektrisitetsverkets inntaksdam blir unnateke frå fredinga. 

Evebøfossen i Gloppenelva, Gloppen kommune:

Avgrensa nedstraums av ei rett line trekt frå eit innhogd kryss i ein fjellskrent på høgre (nordre) elvebreidd, omtrent 50 m nedanfor trappeutløpet, til eit kryss på venstre (søndre) side av fossen innhogd i ein framspringande fjellknaus mellom hovudlaupet og ei vik som går forbi kraftstasjonen. Avgrensa oppstraums av Evebøfoss bru. 

Eidsfossen i Gloppenelva, Gloppen, kommune:

Avgrensa nedstraums av ei rett line på tvers av elva trekt i forlenginga av vestveggen på den nye kraftstasjonen. Avgrensa oppstraums av ei rett line på tvers av elva trekt over den gamle demninga ca. 100 meter ovanfor trappa. 

Trysilfossen i Gloppenelva, Gloppen, kommune:

Avgrensa nedstraums av ein sirkelsektor med radius 25 meter trekt frå vestre hjørne av trappa til midtstraumslina i Trysilfossen. Avgrensa oppstraums av ei rett line på tvers av elva mellom to boltar i fjellet 103 m ovanfor austre kant av brua over Trysilfossen. 

Maurstadelva, Vågsøy kommune:

Avgrensa nedstraums av ei rett line mellom to nedsette jernstenger på kvar side av elva 41 m nedanfor nedre trappeutløp. Avgrensa oppstraums av ei line mellom to nedsette boltar på kvar side av elva 22 meter ovanfor øvre trappeinntak. 

Kviafossen i Eidselva, Eid kommune:

Avgrensa nedstraums av ei rett line ca. 40 m frå nedste kulpen i trappa, som er trekt frå ein bolt i øvste enden av den nedste kvernmuren på sørsida av elva til eit punkt merkt med ein raud kross midt på fjerde karet i jernrøyrgata på nordsida av elva rekna frå kraftstasjonen. Avgrensa oppstraums av ei rett line tvers over elva, ca. 70 m ovafor demningsmuren, frå vestre kanten av bustadshuset på gnr. 4, bnr. 12 på sørsida til ei kraftleidningsmast på nordsida av elva. 

Laksetrappa v/Rv 15 i Hjalma (Naustdalselva), Eid kommune:

Avgrensa nedstraums av ei rett line på tvers over elva i sørleg retning frå austre kant av midtre brukar, og oppstraums av ei rett line tvers over elva 30 m ovanfor øvste punkt på trappa.

Fisketrappa i Svardalsfossen i Osenvassdraget, Flora kommune, har ikkje fredingssone.

§ 6.Dispensasjon

Fylkesmannen kan i spesielle tilfelle dispensere frå reglane i denne forskrifta.

§ 7.Straff

Brot på denne forskrifta er straffbart, jf. lov 15. mai 1992 nr. 47 om laksefisk og innlandsfisk m.v. § 49.

§ 8.Ikrafttreden

Forskrifta trer i kraft straks. Samtidig blir forskrift 19. februar 2008 nr. 181 om fiske i vassdrag med laks og sjøaure, Sogn og Fjordane oppheva.