Grunnlovsforslag 20 (2015-2016), Dok.nr.12:20 (2015-2016) Grunnlovsforslag fra Martin Kolberg, Jette F. Christensen og Gunvor Eldegard om språklige justeringer i enkelte paragrafer i Grunnloven på nynorsk

Dato2016-09-30
Henvisninger i teksten Grunnlova (1814), §6, §15, §19, §21, §22, §23, §25, §28, §29, §30, §31, §36, §41, §50, §51, §53, §57, §67, §75, §77, §79, §80, §81, §86, §90, §91, §100, §105, §114, §115, §117, §119, §121

 

Side 1

Til Stortinget

BAKGRUNN

Grunnlovsspråkutvalget (det såkalte Graver-utvalget) utarbeidet på oppdrag fra Stortingets presidentskap en versjon av Grunnloven på bokmål og nynorsk i 2012 (Dok.nr.19 (2011-2012)). Det ble fremsatt flere grunnlovsforslag basert på utvalgets rapport, herunder Dok.nr.12:22 (2011-2012) fra Anders Anundsen og Per-Kristian Foss om en nynorsk versjon av Grunnloven. Nevnte forslag ble 6. mai 2014 vedtatt av Stortinget med grunnlovsmessig flertall.

Den vedtatte nynorske grunnlovstekst, som forslagsstillerne forutsatte var identisk med Graver-utvalgets nynorske lovutkast, har senere vist seg å avvike fra utvalgets utkast på enkelte punkter. Ulikhetene som har oppstått har ingen rettslig betydning. Det har heller ikke skjedd noe konstitusjonelt feil - den versjonen som ble fremmet i grunnlovsforslaget var også den som senere ble vedtatt. Forskjellene mellom Graver-utvalgets nynorskversjon og den nynorske grunnlovsteksten som ble vedtatt i Stortinget, er således kun av språklig karakter og endrer ikke meningsinnholdet i Grunnloven.

Forslagsstillerne mener likevel det er ønskelig at korrekt versjon av Graver-utvalgets forslag til Grunnloven på nynorsk blir vedtatt, og fremmer med dette forslag til endringer i de grunnlovsbestemmelser der det har oppstått et avvik.

Forslagsstillerne fremmet er alternativt forslag til § 75 b der «ta opp lån» er erstattet av «opne lån». Bakgrunnen for dette er at det er blitt påpekt at «å ta opp lån på rikets kreditt» innebærer en realitetsendring i forhold til «å åpne lån på rikets kreditt». Etter bestemmelsens etablerte meningsinnhold er det ikke Stortinget selv, men regjeringen, som rent praktisk tar opp lån etter fullmakt.

FORSLAG

På denne bakgrunn fremmes følgende 

forslag: 

Følgende bestemmelser skal på nynorsk lyde: 

§ 6 første ledd annet punktum skal lyde:

Berre barn av dronning eller konge, eller av nokon som sjølv har arverett, kan arve, og barnet må vere født i lovleg ekteskap. 

§ 6 annet ledd skal lyde:

Den ufødde har òg arverett, og barnet tek sin plass i arvefølgja så snart det kjem til verda. 

§ 15 tredje ledd skal lyde:

Når Stortinget har gjort vedtak om mistillit, kan statsrådet berre utføre dei gjeremåla som trengst for forsvarleg embetsførsle. 

§ 19 skal lyde:

Kongen ser til at eigedommane og regala til staten blir nytta og forvalta slik Stortinget har fastsett, og på den måten som er nyttigast for samfunnet. Side 2

§ 21 tredje punktum skal lyde:

Embetsmenn som ikkje er norske borgarar, kan ved lov få fritak frå denne plikta. 

§ 22 første ledd første punktum skal lyde:

Statsministeren, dei andre medlemmene av statsrådet og statssekretærane kan utan dom avsetjast av kongen etter at han har høyrt kva statsrådet meiner om det. 

§ 23 første ledd første punktum skal lyde:

Kongen kan gje ordenar til kven han vil, til påskjøning for framifrå gagnsverk, som må kunngjerast offentleg. 

§ 25 annet ledd skal lyde:

Landvernet og andre troppar som ikkje kan reknast som linetroppar, må aldri brukast utanfor grensene til riket utan samtykke frå Stortinget. 

§ 28 tredje punktum skal lyde:

Det kan likevel gjerast unntak frå behandling i statsråd for eigentlege militære kommandosaker i den mon kongen fastset. 

§ 29 første ledd skal lyde:

Hindrar lovleg forfall ein statsråd frå å møte og målbere saker som høyrer til hennar eller hans fagområde, skal sakene målberast av ein annan statsråd, som kongen konstituerer til det. 

§ 30 annet ledd annet punktum skal lyde:

Kongen har plikt til å høyre meininga, men kan ta avgjerd etter eige omdømme. 

§ 31 annet punktum skal lyde:

I militære kommandosaker skal avgjerdene kontrasignerast av den som har målbore saka, men elles av statsministeren eller, om statsministeren ikkje var til stades i statsrådet, av den fyrste av dei medlemmene som var det. 

§ 36 annet ledd skal lyde:

Handlar ho eller han i strid med dette, misser vedkommande retten til Noregs trone for seg sjølv så vel som for etterkommarane sine. 

§ 41 første punktum skal lyde:

Er kongen utanfor riket utan å vere i felt, eller er han så sjuk at han ikkje kan ta seg av regjeringa, skal den næraste arvingen til trona stå for regjeringa som mellombels utøvar av kongemakta, så framt ho eller han har nådd myndig alder for kongen. 

§ 50 annet ledd skal lyde:

I kva mon norske borgarar som på valdagen er busette i utlandet, men elles stettar vilkåra ovanfor, skal ha røysterett, blir fastsett i lov. 

§ 51 skal lyde:

Reglar om manntalsføring og om innføring av dei røysteføre i manntalet blir fastsette i lov. 

§ 53 skal lyde:

Røysteretten misser

a)den som blir dømd for strafflagde handlingar, i samsvar med føresegner om dette i lov,
b)den som går i teneste for ei framand makt utan samtykke frå regjeringa. 

§ 57 annet ledd skal lyde:

Riket blir inndelt i 19 valdistrikt. 

§ 57 femte ledd første punktum skal lyde:

Talet på stortingsrepresentantar som skal veljast frå kvart valdistrikt, blir utrekna på grunnlag av høvet mellom innbyggjartalet og flatevidda i distriktet på den eine sida og innbyggjartalet og flatevidda i heile riket på den andre sida. 

§ 67 skal lyde:

Representantane som er valde på den ovannemnde måten, utgjer Kongeriket Noregs Storting. 

Alternativ 1:

§ 75 skal lyde:

Det høyrer Stortinget til

a)å gje og oppheve lover; å fastsetje skattar, avgifter, toll og andre offentlege bører, som likevel ikkje gjeld etter 31. desember året etter, om dei ikkje blir uttrykkeleg fornya av eit nytt storting;
b)å ta opp lån på rikets kreditt;
c)å føre oppsyn med pengestellet i riket;
d)å løyve dei pengesummane som trengst til statsutgiftene;
e)å fastsetje kor mykje kongen skal få utbetalt til hoffstaten sin kvart år, og fastsetje den kongelege familiens apanasje, som ikkje kan vere i fast eigedom;
f)å få seg førelagt protokollane frå statsrådet og alle offentlege meldingar og papir;
g)å få melding om dei folkerettslege avtalene som kongen har gjort med framande makter for staten;
h)å kunne gje kven som helst påbod om å møte for seg i statssaker, så nær som kongen og den kongelege familien; likevel kan dei kongelege prinsessene og prinsane kallast inn dersom dei har embete;Side 3
i)å revidere lister over mellombels løner og pensjonar og gjere dei endringane som Stortinget meiner trengst;
k)å utnemne fem revisorar som skal sjå gjennom statsrekneskapane kvart år og kunngjere utdrag av dei på prent; revisorane skal få rekneskapane tilsende innan seks månader etter utgangen av det året som Stortinget har gjeve løyvingar for; og å gje føresegner om ordninga av desisjonsmakta overfor rekneskapstenestemennene til staten;
l)å utnemne ein som ikkje er medlem av Stortinget, som etter nærare føresegner fastsette i lov skal føre kontroll med den offentlege forvaltninga og alle som er i offentleg teneste, for å hindre at det blir gjort urett mot den einskilde borgaren;
m)å gje innføddsrett. 

Alternativ 2:

§ 75 skal lyde:

Det høyrer Stortinget til

a)å gje og oppheve lover; å fastsetje skattar, avgifter, toll og andre offentlege bører, som likevel ikkje gjeld etter 31. desember året etter, om dei ikkje blir uttrykkeleg fornya av eit nytt storting;
b)å opne lån på rikets kreditt;
c)å føre oppsyn med pengestellet i riket;
d)å løyve dei pengesummane som trengst til statsutgiftene;
e)å fastsetje kor mykje kongen skal få utbetalt til hoffstaten sin kvart år, og fastsetje den kongelege familiens apanasje, som ikkje kan vere i fast eigedom;
f)å få seg førelagt protokollane frå statsrådet og alle offentlege meldingar og papir;
g)å få melding om dei folkerettslege avtalene som kongen har gjort med framande makter for staten;
h)å kunne gje kven som helst påbod om å møte for seg i statssaker, så nær som kongen og den kongelege familien; likevel kan dei kongelege prinsessene og prinsane kallast inn dersom dei har embete;
i)å revidere lister over mellombels løner og pensjonar og gjere dei endringane som Stortinget meiner trengst;
k)å utnemne fem revisorar som skal sjå gjennom statsrekneskapane kvart år og kunngjere utdrag av dei på prent; revisorane skal få rekneskapane tilsende innan seks månader etter utgangen av det året som Stortinget har gjeve løyvingar for; og å gje føresegner om ordninga av desisjonsmakta overfor rekneskapstenestemennene til staten;
l)å utnemne ein som ikkje er medlem av Stortinget, som etter nærare føresegner fastsette i lov skal føre kontroll med den offentlege forvaltninga og alle som er i offentleg teneste, for å hindre at det blir gjort urett mot den einskilde borgaren;
m)å gje innføddsrett. 

§ 77 skal lyde:

Når Stortinget har gjort same lovvedtaket to gonger på rad, går vedtaket til kongen med oppmoding om sanksjon. 

§ 79 skal lyde:

Når to storting med eitt val og minst to storting imellom har gjort same lovvedtaket uendra utan at Stortinget i mellomtida har gjort avvikande endeleg lovvedtak, og det då blir lagt fram for kongen med dei orda at Hans Majestet ikkje vil nekte å sanksjonere eit lovvedtak som Stortinget etter ei grundig vurdering held for gagnleg, så blir det til lov endå om kongen ikkje gjev sanksjon før Stortinget skilst. 

§ 80 annet ledd skal lyde:

I samsvar med reglar i den ordenen Stortinget har vedteke, kan forhandlingane takast opp att, men dei blir avslutta seinast siste kvardagen i september. 

§ 80 tredje ledd skal lyde:

Innan den tid kunngjer kongen for Stortinget avgjerda si om dei lovvedtaka som ikkje alt er avgjorde (jf. §§ 77-79), med anten å stadfeste eller å forkaste dei. Alle dei han ikkje uttrykkeleg godkjenner, blir rekna som forkasta av kongen. 

§ 81 første punktum skal lyde:

Alle lover (så nær som dei etter § 79) blir utferda i namnet til kongen, under Noregs rikssegl og med desse orda: «Vi N.N. gjer kunnig: at Oss er førelagt vedtak frå Stortinget dagsett dato som lyder slik: (her kjem vedtaket). 

§ 86 fjerde ledd skal lyde:

Dei som har teke sete i Riksretten som valde av Stortinget, blir sitjande jamvel om tida dei er valde for, går ut før Riksretten har avslutta saka. Like eins blir høgsterettsdommarar sitjande i Riksretten jamvel om dei går av som medlemmer av Høgsterett. 

§ 90 skal lyde:

Ein høgsterettsdom kan ikkje i noko tilfelle ankast. 

§ 91 skal lyde:

Ingen kan utnemnast til medlem av Høgsterett før ho eller han er 30 år gammal. 

§ 100 annet ledd første punktum skal lyde:

Ingen kan haldast rettsleg ansvarleg for å ha motteke eller komme med opplysningar, idear eller bodskapar om det ikkje lèt seg forsvare halde opp imotSide 4 den grunngjevinga ytringsfridommen har i sanningssøking, demokrati og den frie meiningsdanninga til individet. 

§ 100 fjerde ledd annet punktum skal lyde:

Brevsensur kan ikkje setjast i verk, så nær som i anstaltar. 

§ 105 skal lyde:

Krev omsyn til samfunnet at nokon må gje frå seg sin faste eller rørlege eigedom til offentleg bruk, skal ho eller han få fullt vederlag av statskassa. 

§ 114 første ledd skal lyde:

Til embete i staten kan det berre utnemnast norske borgarar som talar språket i landet og

a)anten er fødde i riket av foreldre som då var norske statsborgarar,
b)eller er fødde i utlandet av norske foreldre som då ikkje var statsborgarar i noko anna land,
c)eller har opphalde seg i riket i 10 år,
d)eller får innføddsrett av Stortinget. 

§ 115 annet ledd skal lyde:

Føresegnene i denne paragrafen gjeld ikkje ved deltaking i ein internasjonal samskipnad der avgjerdene berre har reint folkerettsleg verknad for Noreg. 

§ 117 annet punktum skal lyde:

Dei nærare vilkåra for korleis han skal stå ved lag til størst mogleg nytte for staten og gagn for landallmugen, blir fastsette av det fyrste eller andre stortinget. 

§ 119 annet ledd skal lyde:

Korleis denne grunnsetninga skal gjennomførast, og kva unntak ho skal ha, blir fastsett i lov. 

§ 121 første ledd tredje punktum skal lyde:

Ei slik endring må likevel aldri stri mot prinsippa i denne grunnlova, men berre gjelde modifikasjonar i einskilde føresegner som ikkje endrar ånda i denne konstitusjonen, og to tredjedelar av Stortinget må vere samde i ei slik endring. 

30. september 2016 

Martin KolbergJette F. ChristensenGunvor Eldegard
 

-----

Referert i Stortingets møte 30. september 2016.

«Forslaget blir under presidentens ansvar å bekjentgjøre ved trykken for å komme til avgjørelse på første, annet eller tredje storting etter neste valg.» 

Olemic Thommessen

president