Grunnlovsforslag 22 (2011-2012), Dok.nr.12:22 (2011-2012) Grunnlovsforslag fra Anders Anundsen og Per-Kristian Foss om en nynorsk versjon av Grunnloven

Dato2012-09-28
Henvisninger i teksten Endr. av Grunnlovens språk (2014) | Endr. av Grunnlovens språk (2014) | Grunnlova (1814), §1, §2, §3, §4, §5, §6, §7, §8, §9, §10, §11, §12, §13, §14, §15, §16, §17, §18, §19, §20, §21, §22, §23, §24, §25, §26, §27, §28, §29, §30, §31, §32, §33, §34, §35, §36, §37, §38, §39, §40, §41, §42, §43, §44, §45, §46, §47, §48, §49, §50, §51, §52, §53, §54, §55, §56, §57, §58, §59, §60, §61, §62, §63, §64, §65, §66, §67, §68, §69, §70, §71, §72, §73, §74, §75, §76, §77, §78, §79, §80, §81, §82, §83, §84, §85, §86, §87, §88, §89, §90, §91, §92, §93, §94, §95, §96, §97, §98, §99, §100, §101, §102, §103, §104, §105, §106, §107, §108, §109, §110, §110a, §110b, §110c, §111, §112

 

Side 1

Til Stortinget

BAKGRUNN

Språklig fornyelse av Grunnloven har vært diskutert gjennom flere perioder. I den forbindelse nedsatte Stortingets presidentskap et utvalg (Graver-utvalget) som fikk i oppdrag å lage tekst til en fornyet språkform på Grunnloven uten at forslaget skulle endre Grunnlovens realitet på noe område, på bokmål og på nynorsk.

Forslaget fra Graver-utvalget er fremmet som grunnlovsforslag. Imidlertid kan forslaget skape debatt om den språkform som velges som bokmålsvariant. Forslagsstillerne har sammen med flere fremmet forslag til en fornyet grunnlovstekst på konservativt bokmål utarbeidet av Finn-Erik Vinje, for å sikre Grunnlovens autoritet også språklig i bokmålsformen. Forslaget ble også fremmet i 2007-2008.

Forslagsstillerne mener det er viktig at Stortinget får anledning til å diskutere språkformen og valg av språkform på bokmål fritt, og vil unngå en situasjon der en er bundet til Graver-utvalgets bokmålsutgave. Derfor vil forslagsstillerne fremme Graver-utvalgets forslag til nynorskversjon av Grunnloven som eget forslag, slik at Stortinget kan ta stilling til hvilken bokmålsversjon som en vil benytte seg av, samtidig som en kan vedta en nynorskversjon av Grunnloven.

FORSLAG

På denne bakgrunn fremmes følgende 

forslag: 

Norges Riges Grundlov skal på nynorsk lyde: 

Grunnlov for Kongeriket Noreg, gjeven i riksforsamlinga på Eidsvoll den 17. mai 1814, slik ho lyder etter seinare endringar, seinast grunnlovsvedtak av 21. mai 2012.

Kongeriket Noregs grunnlov

A. Om statsforma
§ 1

Kongeriket Noreg er eit fritt, sjølvstendig, udeleleg og uavhendeleg rike. Regjeringsforma er avgrensa og arveleg monarkisk.

§ 2

Verdigrunnlaget skal framleis vere den kristne og humanistiske arven vår. Denne grunnlova skal tryggje demokratiet, rettsstaten og menneskerettane.

B. Om den utøvande makta, om kongen og den kongelege familien og om religionen
§ 3

Den utøvande makta er hos kongen, eller hos dronninga dersom ho har fått krona etter reglane i § 6, § 7 eller § 48 i denne grunnlova. Når den utøvande makta såleis er hos dronninga, har ho alle rettar og plikter som kongen har etter denne grunnlova og lovene i landet.Side 2

§ 4

Kongen skal alltid vedkjenne seg den evangelisk-lutherske religionen.

§ 5

Kongens person er heilag; han kan ikkje lastast eller skuldast for noko. Ansvaret ligg på rådet hans.

§ 6

Arvefølgja er lineal. Berre barn av ei dronning eller ein konge, eller av nokon som sjølv har arverett, kan arve, og barnet må vere født i lovleg ekteskap. Den nærare lina går føre den fjernare og den eldre i lina føre den yngre.

Den ufødde har òg arverett, og tek sin plass i arvefølgja så snart ho eller han kjem til verda.

Arverett har likevel berre dei som ættar frå foreldra til den sist regjerande dronninga eller kongen.

Når ei prinsesse eller ein prins med arverett til Noregs krone blir fødd, skal namnet og fødselstidspunktet gjerast kjent for Stortinget og førast inn i protokollen der.

For dei som er fødde før 1971, gjeld likevel § 6 slik han vart vedteken den 18. november 1905. For dei som er fødde før 1990, gjeld likevel at mann går føre kvinne.

§ 7

Finst det ingen prinsesser eller prinsar med arverett, kan kongen gjere framlegg om etterfølgjar for Stortinget, som kan avgjere valet dersom framlegget frå kongen ikkje blir stødd.

§ 8

Myndig alder for kongen blir fastsett i lov.

Så snart kongen har nådd den lovfeste alderen, lyser han seg myndig.

§ 9

Så snart kongen, som myndig, tek til med regjeringa, gjer han denne eiden for Stortinget: «Eg lovar og sver at eg vil regjere Kongeriket Noreg i samsvar med konstitusjonen og lovene, så sant hjelpe meg Gud den allmektige og allvitande!»

Er det ikkje samla noko storting på den tida, blir eiden gjeven skriftleg i statsrådet, og kongen tek han høgtidleg opp att på fyrste storting.

§ 10

(Oppheva ved grunnlovsvedtak 14. mars 1908.)

§ 11

Kongen skal bu i riket og kan ikkje utan samtykke frå Stortinget vere utanfor riket meir enn seks månader om gongen utan at han personleg misser retten til krona.

Kongen må ikkje ta imot ei anna krone eller regjering utan samtykke frå Stortinget, og til det krevst to tredjedelar av røystene.

§ 12

Kongen vel sjølv eit råd av røysteføre norske borgarar. I dette rådet skal det vere ein statsminister og minst sju andre medlemmer.

Kongen fordeler gjeremåla mellom medlemmene av statsrådet slik han meiner det er tenleg. Til å ta sete i statsrådet ved sida av dei faste medlemmene kan kongen i særlege høve kalle inn andre norske borgarar, men ingen medlemmer av Stortinget.

Ektefolk, foreldre og born eller to sysken må ikkje ha sete i statsrådet samstundes.

§ 13

For den tida kongen reiser i riket, kan han overlate styringa av riket til statsrådet. Dette skal føre regjeringa i kongens namn og på hans vegner. Det skal ubryteleg følgje så vel føresegnene i denne grunnlova som dei særskilde instruksane som kongen gjev i samsvar med dei.

Sakene blir avgjorde med røysting. Står røystene likt, har statsministeren eller, om han er borte, den fyrste av statsrådane som er til stades, to røyster.

Statsrådet skal gje melding til kongen om dei sakene som blir avgjorde på denne måten.

§ 14

Kongen kan utnemne statssekretærar til å hjelpe medlemmene av statsrådet med gjeremåla deira utanfor statsrådet. Kvar statssekretær handlar på vegner av den medlemmen av statsrådet som ho eller han er knytt til, så langt denne medlemmen fastset.

§ 15

Kvar medlem av statsrådet har plikt til å levere avskilssøknad etter at Stortinget har gjort vedtak om mistillit til denne statsråden åleine eller til heile statsrådet.

Kongen skal gje avskil etter ein slik søknad.

Når Stortinget har gjort vedtak om mistillit, kan statsrådet berre utføre dei gjeremåla som trengst for forsvarleg embetsutøving.

§ 16

Alle innbyggjarane i riket har fri religionsutøving. Den norske kyrkja, ei evangelisk-luthersk kyrkje, står ved lag som den norske folkekyrkja og blir stødd som det av staten. Nærare føresegner om kyrkjeskipnaden blir fastsette i lov. Alle trus- og livssynssamfunn skal bli stødde på lik line.Side 3

§ 17

Kongen kan gje og oppheve provisoriske lover om handel, toll, næringsvegar og offentleg forvaltning og regulering. Dei må ikkje stri mot konstitusjonen eller dei lovene Stortinget har gjeve. Dei gjeld til neste storting.

§ 18

Kongen lèt i regelen krevje inn dei skattane og avgiftene som Stortinget fastset.

§ 19

Kongen ser til at eigedomane og regala til staten blir nytta og forvalta slik Stortinget har fastsett, og på den måten som er nyttigast for samfunnet.

§ 20

Kongen har i statsrådet rett til å gje forbrytarar nåde etter at dom er fallen. Forbrytaren kan velje å ta imot kongens nåde eller ta den idømde straffa.

I saker som Stortinget reiser for Riksretten, kan det ikkje gjevast annan nåde enn fritak frå idømd dødsstraff, om ikkje Stortinget har gjeve samtykke til noko anna.

§ 21

Kongen vel og utnemner alle sivile og militære embetsmenn etter å ha høyrt statsrådet. Før innsetjinga skal dei sverje eller, om dei ved lov er fritekne frå å gjere eid, høgtidleg love lydnad og truskap til konstitusjonen og kongen. Embetsmenn som ikkje er norske borgarar, kan i lov få fritak frå denne plikta. Dei kongelege prinsessene og prinsane kan ikkje ha sivile embete.

§ 22

Statsministeren, dei andre medlemmene av statsrådet og statssekretærane kan, utan dom, få avskil av kongen etter at han har høyrt kva statsrådet meiner om det. Det same gjeld for dei embetsmennene som er tilsette ved statsrådskontora eller i utanrikstenesta, sivile overøvrigheitspersonar, sjefar for regiment og andre militære korps, kommandantar på festningar og høgstbefalande på krigsskip. Om embetsmenn som såleis er avsette, skal få pensjon, blir avgjort av det neste stortinget. I mellomtida får dei to tredjedelar av løna dei hadde før.

Andre embetsmenn kan berre suspenderast av kongen og skal då straks stemnast for domstolane. Dei kan ikkje avsetjast utan etter dom eller overflyttast mot sin vilje.

Alle embetsmenn kan gjevast avskil utan dom når dei har nådd ei aldersgrense fastsett i lov. Det kan fastsetjast i lov at visse embetsmenn, men ikkje dommarar, kan utnemnast på åremål.

§ 23

Kongen kan gje ordenar til kven han vil, til påskjøning for framifrå forteneste, som må kunngjerast offentleg. Kongen kan ikkje tildele annan rang og tittel enn den eit embete fører med seg. Ordenen fritek ingen for dei plikter og bører som er sams for statsborgarane, og gjev heller ikkje førerett til statlege embete. Embetsmenn som får avskil i nåde, får ha den tittelen og rangen dei hadde i embetet. Dette gjeld ikkje medlemmene av statsrådet eller statssekretærane.

Ingen må heretter få arvelege særrettar, personlege eller blanda.

§ 24

Kongen vel og avset etter eige skjøn hoffstaten sin og hoffbetjentane sine.

§ 25

Kongen har høgste befalinga over forsvarsmakta til riket. Denne makta må ikkje aukast eller minkast utan samtykke frå Stortinget. Ho må ikkje overlatast i framande makters teneste, og ingen krigsfolk frå framande makter, så nær som troppar til hjelp mot fiendsleg overfall, må dragast inn i riket utan samtykke frå Stortinget.

Landvernet og andre troppar som ikkje kan reknast som linetroppar, må aldri brukast utanfor riksgrensene utan samtykke frå Stortinget.

§ 26

Kongen har rett til å kalle saman troppar, byrje krig til forsvar av landet og slutte fred, inngå og seie opp folkerettslege avtaler og sende og ta imot sendemenn.

Traktatar om særleg viktige saker blir fyrst bindande når Stortinget har gjeve samtykke til det. Det same gjeld alle traktatar som etter konstitusjonen ikkje kan setjast i verk utan ei ny lov eller eit nytt stortingsvedtak.

§ 27

Alle medlemmene av statsrådet skal møte i statsrådet når dei ikkje har lovleg forfall. Inga avgjerd må takast i statsrådet når ikkje over helvta av medlemmene er til stades.

§ 28

Tilrådingar om embetsutnemningar og andre viktige saker skal målberast i statsrådet av den medlemmen som har det fagområdet dei høyrer til. Ho eller han skal ekspedere sakene i samsvar med avgjerda i statsrådet. Det kan gjerast unntak frå behandling i statsråd for eigentlege militære kommandosaker i den mon kongen fastset.Side 4

§ 29

Hindrar lovleg forfall ein statsråd i å møte og målbere saker som tilhøyrer hennar eller hans fagområde, skal sakene målberast av ein annan statsråd, som kongen konstituerer til det.

Hindrar lovleg forfall så mange frå å møte at ikkje fleire enn helvta av det fastsette talet på medlemmer er til stades, skal så mange andre personar som naudsynt konstituerast til å ta sete i statsrådet.

§ 30

I statsrådet blir det ført protokoll over alle saker som blir behandla der. Dei diplomatiske sakene som statsrådet vedtek å halde løynde, blir førte inn i ein særskild protokoll. Det same gjeld dei militære kommandosakene som statsrådet vedtek å halde løynde.

Kvar den som sit i statsrådet, har plikt til å seie si meining med frimod. Kongen har plikt til å høyre den, men kan ta avgjerd etter eige omdømme.

Meiner nokon medlem av statsrådet at avgjerda til kongen strir mot statsforma eller lovene i landet, har ho eller han plikt til å ta kraftig til motmæle og skrive si meining i protokollen. Den som ikkje har protestert såleis, blir rekna for å ha vore samd med kongen og er ansvarleg for det, slik som det sidan blir fastsett, og Stortinget kan setje vedkommande under tiltale for Riksretten.

§ 31

Alle avgjerder kongen ferdar ut, må kontrasignerast for å bli gyldige. I militære kommandosaker skal avgjerdene kontrasignerast av den som har målbore saka, men elles av statsministeren, og om statsministeren ikkje var til stades i statsrådet, av den fyrste av dei medlemmene som var det.

§ 32

Dei avgjerdene regjeringa tek når kongen ikkje er til stades, blir utferda i kongens namn og underskrivne av statsrådet.

§ 33

(Oppheva ved grunnlovsvedtak 12. august 1908.)

§ 34

Kongen gjev føresegner om titlar for dei som har arverett til krona.

§ 35

Så snart tronarvingen har fylt 18 år, har ho eller han rett til å ta sete i statsrådet, men utan røyst eller ansvar.

§ 36

Ei prinsesse eller ein prins med arverett til Noregs krone må ikkje gifte seg utan løyve frå kongen. Ho eller han må heller ikkje ta imot ei anna krone eller regjering utan samtykke frå kongen og Stortinget. Samtykke frå Stortinget krev to tredjedelar av røystene.

Handlar ho eller han i strid med dette, misser vedkommande retten til Noregs trone for seg så vel som for etterkommarane sine.

§ 37

Dei kongelege prinsessene og prinsane skal for sine personar ikkje svare for andre enn kongen eller den han set til dommar over dei.

§ 38

(Oppheva ved vedtak 18. november 1905.)

§ 39

Om kongen døyr og tronfølgjaren enno er umyndig, skal statsrådet straks kalle inn Stortinget.

§ 40

Til dess Stortinget kjem saman og innrettar regjeringa for den tida kongen er mindreårig, skal statsrådet stå for styringa av riket, i samsvar med Grunnlova.

§ 41

Er kongen utanfor riket utan å vere i felt, eller er han så sjuk at han ikkje kan ta seg av regjeringa, skal den næraste arvingen til trona stå for regjeringa som mellombels utøvar av kongemakta, men berre så framt ho eller han har nådd myndig alder for kongen. I motsett fall er det statsrådet som står for styringa av riket.

§ 42

(Oppheva ved vedtak 18. november 1905.)

§ 43

Stortinget skal velje formyndarar til å stå for regjeringa for den umyndige kongen.

§ 44

Den prinsessa eller prinsen som står for regjeringa i dei tilfella som er nemnde i § 41, skal skriftleg gjere denne eiden for Stortinget: «Eg lovar og sver at eg skal stå for regjeringa i samsvar med konstitusjonen og lovene, så sant hjelpe meg Gud den allmektige og allvitande!»Side 5

Blir det ikkje halde storting på denne tida, skal eiden gjevast skriftleg i statsrådet og sidan sendast til neste storting.

Den prinsessa eller prinsen som har gjort eiden, tek han ikkje opp att seinare.

§ 45

Dei som mellombels har stått for statsstyringa etter §§ 40, 41, 43 eller 48, skal så snart ho er over, gjere rekneskap for henne til kongen og Stortinget.

§ 46

Om ikkje statsrådet straks kallar saman Stortinget etter § 39, har Høgsterett så snart det er gått fire veker, ei vilkårslaus plikt til å syte for innkalling.

§ 47

Stortinget fastset korleis oppsedinga av den umyndige kongen skal styrast dersom begge foreldra er døde og ingen av dei har late etter seg ei skriftleg føresegn om det.

§ 48

Er kongsætta utdøydd og ingen tronfølgjar kåra, skal Stortinget velje ny dronning eller konge. I mellomtida gjeld § 40 for den utøvande makta.

C. Om borgarretten og den lovgjevande makta
§ 49

Folket utøver den lovgjevande makta gjennom Stortinget.

§ 50

Røysterett ved stortingsval har dei norske borgarane som har fylt 18 år eller fyller 18 år i det året valtinget blir halde.

I kva mon norske borgarar som på valdagen er busette utanlands, men elles stettar vilkåra ovanfor, skal ha røysterett, blir fastsett i lov.

Reglar om røysterett for elles røysteføre personar som på valdagen openbert lir av alvorleg psykisk svekking eller nedsett medvit, kan fastsetjast i lov.

§ 51

Reglar om manntalsføringa og om innføringa av dei røysteføre i manntalet blir fastsette i lov.

§ 52

(Oppheva ved grunnlovsvedtak 26. oktober 1954.)

§ 53

Røysteretten misser den som

a.blir dømd for strafflagde handlingar, i samsvar med føresegner om dette i lov,
b.går i teneste for ei framand makt utan samtykke frå regjeringa.
§ 54

Valtinga blir haldne fjerdekvart år. Dei skal vere avslutta seinast i september.

§ 55

Valtinga skal styrast slik det blir fastsett i lov. Valstyret avgjer tvistar om røysterett. Avgjerda kan klagast inn for Stortinget.

§ 56

(Oppheva ved grunnlovsvedtak 23. mars 1972.)

§ 57

Det skal veljast 169 stortingsrepresentantar.

Riket er inndelt i 19 valdistrikt.

150 av stortingsrepresentantane skal veljast som distriktsrepresentantar og 19 som utjamningsrepresentantar.

Kvart valdistrikt skal ha 1 utjamningsmandat.

Talet på stortingsrepresentantar som skal veljast frå kvart valdistrikt, blir utrekna på grunnlag av innbyggjartalet og flatevidda i distriktet i høve til innbyggjartalet og flatevidda i heile riket. I denne utrekninga gjev kvar innbyggjar 1 poeng og kvar kvadratkilometer 1,8 poeng. Utrekninga skal gjerast kvart åttande år.

Nærare føresegner om korleis riket skal delast i valdistrikt, og korleis stortingsmandata skal delast mellom valdistrikta, blir fastsette i lov.

§ 58

Valtinga blir haldne særskilt for kvar kommune. På valtinga blir det røysta direkte på stortingsrepresentantar med vararepresentantar for heile valdistriktet.

§ 59

Valet av distriktsrepresentantar er eit høvestalsval, og mandata blir delte mellom partia etter reglane nedanfor.

Røystetalet for kvart parti i kvart valdistrikt skal delast med 1,4; 3; 5; 7 og så bortetter. Det fyrste mandatet går til det partiet som får den største kvotienten, det neste mandatet går til det partiet som får den nest største kvotienten, og så bortetter til alle mandata er utdelte.

Listesamband er ulovleg.

Med sikte på best mogleg samsvar mellom røystetal og representasjon blir utjamningsmandata delte mellom dei partia som er med i utjamninga, på grunnlag av høvet mellom røystetala deira i heileSide 6 riket. Kor mange stortingsmandat kvart parti skal ha i alt, finn ein ved å nytte reglane for tildeling av distriktsmandat tilsvarande for heile riket for dei partia som er med i utjamninga. Så får kvart parti tildelt så mange utjamningsmandat attåt distriktsmandata det alt har fått, at det til saman utgjer så mange stortingsmandat som partiet skal ha i alt. Har eit parti alt ved utdelinga av distriktsmandata fått fleire mandat enn det skulle hatt etter framgangsmåten ovanfor, skal utjamningsmandata delast berre mellom dei andre partia, såleis at ein ser bort frå det røystetalet og dei distriktsmandata som det fyrstnemnde partiet har fått.

Ingen parti kan få utjamningsmandat utan å ha fått minst 4 prosent av det samla røystetalet for heile riket.

Nærare føresegner om korleis utjamningsmandata til partia skal delast mellom valdistrikta, blir fastsette i lov.

§ 60

Om og korleis dei røysteføre kan røyste utan å møte personleg på valtinga, blir fastsett i lov.

§ 61

Ingen kan veljast til representant utan å ha røysterett.

§ 62

Tenestemenn som er tilsette ved statsrådskontora, bortsett frå statssekretærar og politiske rådgjevarar, kan ikkje veljast til representantar. Det same gjeld medlemmene av Høgsterett og tenestemenn som er tilsette i utanrikstenesta.

Medlemmer av statsrådet kan ikkje møte på Stortinget som representantar så lenge dei har sete i statsrådet. Heller ikkje statssekretærane kan møte som representantar så lenge dei er i embetet, og dei politiske rådgjevarane ved statsrådskontora kan ikkje møte på Stortinget så lenge dei har stillingane sine.

§ 63

Den som blir vald til representant, har plikt til å ta imot valet, om vedkommande ikkje

a)er vald utanfor det valdistriktet der ho eller han har røysterett,
b)har møtt som representant på alle storting etter førre val,
d)er medlem av eit politisk parti og vald på ei valliste som ikkje går ut frå dette partiet.

Frist og framgangsmåte for å gjere retten til å nekte val gjeldande blir fastsett i lov.

Like eins skal det fastsetjast i lov når og korleis ein som er vald til representant for to eller fleire valdistrikt, skal gje fråsegn om kva val ho eller han vil ta imot.

§ 64

Dei valde representantane får tildelt fullmakter. Stortinget avgjer om fullmaktene er lovlege.

§ 65

Alle representantar og innkalla vararepresentantar får frå statskassa lovfastsett godtgjersle for kostnader til reiser til og frå Stortinget og frå Stortinget til heimen og attende under feriar på minst 14 dagar.

Dessutan får dei lovfastsett godtgjersle for deltaking på Stortinget.

§ 66

På reisa til og frå Stortinget og medan dei er der, er representantane fritekne frå pågriping, om dei ikkje blir gripne i offentlege brotsverk. For meiningar ytra i forsamlingane til Stortinget kan dei ikkje dragast til ansvar utanfor desse forsamlingane. Alle har plikt til å rette seg etter den ordenen som er vedteken av Stortinget.

§ 67

Representantane som er valde på den ovannemnde måten, utgjer Kongeriket Noregs storting.

§ 68

Stortinget kjem i regelen saman i hovudstaden den fyrste kvardagen i oktober kvart år, om ikkje kongen på grunn av usedvanlege omstende, så som fiendsleg åtak eller smittsam sjukdom, vel ein annan by i riket. Ei slik avgjerd må gjerast kjend i tide.

§ 69

Når Stortinget ikkje er samla, kan kongen kalle det saman dersom han meiner det trengst.

§ 70

(Oppheva ved grunnlovsvedtak 29. mai 1990.)

§ 71

Dei valde representantane er medlemmer av Stortinget i fire år på rad.

§ 72

(Oppheva ved grunnlovsvedtak 29. mai 1990.)

§ 73

Stortinget utnemner ein president, fem visepresidentar og to sekretærar. Storting kan berre haldast dersom minst helvta av medlemmene er til stades.Side 7 Grunnlovsframlegg kan berre behandlast dersom minst to tredjedelar av medlemmene er til stades.

§ 74

Så snart Stortinget har konstituert seg, opnar kongen eller den han set til det, forhandlingane med ei tale om tilstanden i riket og dei emna han særleg vil gjere Stortinget merksam på. Inga drøfting må skje med kongen til stades.

Når forhandlingane i Stortinget er opna, har statsministeren og statsrådane rett til å møte i Stortinget og til liks med medlemmene der ta del i forhandlingane når dei blir haldne for opne dører, men utan å røyste. I saker som blir behandla for stengde dører, gjeld dette berre når Stortinget gjev løyve til det.

§ 75

Det høyrer Stortinget til

a)å gje og oppheve lover; å fastsetje skattar, avgifter, toll og andre offentlege bører, som likevel ikkje gjeld etter 31. desember året etter om dei ikkje blir uttrykkeleg fornya av eit nytt storting,
b)å ta opp lån på rikets kreditt,
c)å føre oppsyn med pengestellet i riket,
d)å løyve dei pengesummane som trengst til statsutgiftene,
e)å fastsetje kor mykje kongen skal få utbetalt til hoffstaten sin kvart år, og å fastsetje apanasjen til den kongelege familien, som ikkje kan vere i faste eigedommar,
f)å få seg førelagt protokollane frå statsrådet og alle offentlege meldingar og papir,
g)å få melding om dei folkerettslege avtalene som kongen har gjort med framande makter for staten,
h)å kunne gje kven som helst påbod om å møte for seg i statssaker, så nær som kongen og den kongelege familien; likevel kan dei kongelege prinsessene og prinsane kallast inn dersom dei har embete,
i)å revidere lister over mellombels løner og pensjonar og gjere dei endringane som Stortinget meiner trengst,
k)å utnemne fem revisorar som skal sjå gjennom statsrekneskapane kvart år og kunngjere utdrag av dei på prent; revisorane skal difor få rekneskapane innan seks månader etter utgangen av det året som Stortinget har gjeve løyvingar for; og å gje føresegner om ordninga av desisjonsmakta overfor rekneskapstenestemennene til staten,
l)å utnemne ein som ikkje er medlem av Stortinget, som etter nærare føresegner fastsette i lov skal føre kontroll med den offentlege forvaltninga og alle som er i offentleg teneste, for å hindre at det blir gjort urett mot den einskilde borgaren,
m)å gje innfødsrett.
§ 76

Alle lovframlegg skal fyrst gjerast på Stortinget, anten av ein stortingsrepresentant eller av regjeringa ved ein statsråd.

Etter at framlegget er vedteke der, skal Stortinget ta det opp til ny vurdering og anten godta eller forkaste det. Blir det forkasta, skal framlegget med merknader frå Stortinget takast opp til vurdering endå ein gong av Stortinget, som anten legg framlegget bort eller vedtek det med dei nemnde merknadene.

Mellom kvar slik behandling må det gå minst tre dagar.

§ 77

Når Stortinget har gjort same lovvedtaket to gonger på rad, går det til kongen med oppmoding om sanksjon.

§ 78

Godtek kongen lovvedtaket, skriv han under, og dermed blir det til lov.

Godtek han det ikkje, sender han det attende til Stortinget med dei orda at han for tida ikkje meiner det er tenleg å sanksjonere det. I så fall kan ikkje det stortinget som då er samla, leggje dette vedtaket fram for kongen att.

§ 79

Når to storting med eitt val og minst to storting imellom har gjort same lovvedtaket uendra utan at Stortinget i mellomtida har gjort avvikande endeleg lovvedtak, og det då blir lagt fram for kongen med dei orda at Hans Majestet ikkje vil nekte å sanksjonere eit lovvedtak som Stortinget etter ei grundig vurdering held for gagnleg, så blir det til lov endå om kongen ikkje sanksjonerer det før Stortinget skilst.

§ 80

Stortinget blir verande samla så lenge det sjølv meiner det trengst, og avsluttar forhandlingane når gjeremåla er fullførte.

I samsvar med reglar i Stortingets forretningsorden kan forhandlingane takast opp att, men dei blir avslutta seinast siste kvardagen i september.

Innan den tid kunngjer kongen for Stortinget avgjerda si om dei lovvedtaka som ikkje alt er avgjorde (jf. §§ 77-79), anten med å stadfeste eller forkaste dei. Dei han ikkje uttrykkeleg godkjenner, blir rekna som forkasta av han.

§ 81

Alle lover (så nær som dei etter § 79) blir utferda i namnet til kongen, under Noregs rikssegl og med desse orda: «Vi N.N. gjer kunnig at Oss er førelagtSide 8 vedtak frå Stortinget dagsett som lyder slik: (her kjem vedtaket). Vi godkjenner og stadfester dette vedtaket som lov, under Vår hand og riksseglet.»

§ 82

Regjeringa skal gje Stortinget alle dei opplysningane som trengst for behandlinga av dei sakene ho legg fram. Ingen medlemmer av statsrådet må leggje fram urette eller villeiande opplysningar for Stortinget eller eit stortingsorgan.

§ 83

Stortinget kan hente inn utgreiing frå Høgsterett om juridiske emne.

§ 84

Stortinget blir halde for opne dører, og forhandlingane blir kunngjorde på prent, så nær som i dei tilfella noko anna blir vedteke med røystefleirtal.

§ 85

Den som lyder eit påbod som har som føremål å skiple fridommen og tryggleiken til Stortinget, gjer seg skuldig i svik mot fedrelandet.

D. Om den dømmande makta
§ 86

Riksretten dømmer i fyrste og siste instans i dei sakene som Stortinget reiser mot medlemmer av statsrådet, Høgsterett eller Stortinget for eit strafflagt eller anna rettsstridig tilhøve når dei har brote sine konstitusjonelle plikter.

Dei nærare reglane om påtale som Stortinget reiser etter denne paragrafen, blir fastsette i lov. Det kan likevel ikkje setjast kortare foreldingsfrist enn 15 år for høvet til å gjere ansvar gjeldande ved tiltale for Riksretten.

Dommarar i Riksretten er 6 medlemmer valde av Stortinget og dei 5 etter embetsalder eldste fast utnemnde medlemmene av Høgsterett, mellom dei leiaren av Høgsterett. Stortinget vel medlemmene og varamedlemmer for 6 år. Ein medlem av statsrådet eller Stortinget kan ikkje veljast til medlem av Riksretten. I Riksretten har leiaren av Høgsterett forsetet.

Dei som har teke sete i Riksretten som valde av Stortinget, blir sitjande sjølv om tida dei er valde for, går ut før Riksretten har avslutta saka. Like eins blir høgsterettsdommarar sitjande i Riksretten sjølv om dei går av som medlemmer av Høgsterett.

§ 87

Dei nærare reglane om samansetjinga av Riksretten og om saksbehandlinga blir fastsette i lov.

§ 88

Høgsterett dømmer i siste instans. Grenser for høvet til å få Høgsteretts avgjerd kan fastsetjast i lov.

Høgsterett skal vere samansett av ein leiar og minst fire andre medlemmer.

§ 89

(Oppheva ved grunnlovsvedtak 14. desember 1920.)

§ 90

Høgsterettsdommar kan ikkje i noko tilfelle ankast.

§ 91

Ingen kan utnemnast til høgsterettsdommar før ho eller han er 30 år gammal.

E. Allmenne føresegner
§ 92

Til embete i staten kan det berre utnemnast norske borgarar som talar Noregs språk og

a)anten er fødde i riket av foreldre som då var norske statsborgarar,
b)eller er fødde i utlandet av norske foreldre som då ikkje var statsborgarar i noko anna land,
c)eller har opphalde seg i riket i 10 år,
d)eller får innfødsrett av Stortinget.

Andre kan likevel utnemnast til lærarar ved universitetet og dei lærde skulane, til lækjarar og til konsular på framande stader.

§ 93

For å sikre internasjonal fred og tryggleik eller fremje internasjonal rettsorden og samarbeid kan Stortinget med tre fjerdedels fleirtal gje samtykke til at ein internasjonal samskipnad som Noreg er tilslutta eller sluttar seg til, på eit sakleg avgrensa område får råderett som elles ligg hjå dei statlege styresmaktene etter denne grunnlova, men likevel ikkje rett til å endre denne grunnlova. Når Stortinget skal gje sitt samtykke, skal minst to tredjedelar av medlemmene vere til stades, som ved behandling av grunnlovsframlegg.

Føresegnene i denne paragrafen gjeld ikkje deltaking i ein internasjonal samskipnad der avgjerdene berre har reint folkerettsleg verknad for Noreg.

§ 94

Ei ny allmenn sivillovbok og straffelovbok skal gjevast ut på det fyrste eller, om dette ikkje er mogleg, på det andre ordentlege stortinget. Til dess står dei nogjeldande lovene i landet ved lag, om dei ikkje strir mot denne grunnlova eller mot dei provisoriske lovene som måtte bli gjevne i mellomtida.Side 9

Likeins skal dei noverande faste skattane stå ved lag til neste storting.

§ 95

Ingen dispensasjonar, protektorium, moratorium eller oppreisningar må gjevast etter at den nye allmenne lova har teke til å gjelde.

§ 96

Ingen kan dømmast utan etter lov eller straffast utan etter dom. Pinefullt forhøyr må ikkje skje.

§ 97

Inga lov må gjevast tilbakeverkande kraft.

§ 98

Det må ikkje leggjast avgifter til statskassa på sportlar som blir betalte til dei som gjer teneste for retten.

§ 99

Ingen må fengslast utan i dei tilfella og på den måten som lovene fastset. Den som utan rett har arrestert nokon eller halde nokon ulovleg fengsla, står til ansvar for vedkommande.

Regjeringa har ikkje rett til å nytte militær makt mot innbyggjarane utan etter lov, med mindre ei forsamling skiplar den offentlege roa og ikkje skilst åt så snart den sivile styresmakta tre gonger har lese høgt og tydeleg for forsamlinga dei lovføresegnene som gjeld opprør.

§ 100

Ytringsfridom skal det vere.

Ingen kan haldast rettsleg ansvarleg for å ha motteke eller komme med opplysningar, idear eller bodskapar om det ikkje lèt seg forsvare halde opp imot den grunngjevinga ytringsfridommen har i sanningssøking, demokrati og den frie meiningsdanninga til individet. Det rettslege ansvaret skal vere fastsett i lov.

Alle har rett til å ytre seg frimodig om statsstyringa og kva anna emne som helst. Det kan berre setjast slike klårt definerte grenser for denne retten der særleg tungtvegande omsyn gjer det forsvarleg halde opp imot grunngjevingane for ytringsfridommen.

Førehandssensur og andre førebyggjande åtgjerder kan ikkje nyttast om det ikkje trengst for å verne born og unge mot skadeleg påverknad frå levande bilete. Brevsensur kan ikkje setjast i verk anna enn i anstaltar.

Alle har rett til innsyn i dokumenta til staten og kommunane og til å følgje forhandlingane i rettsmøte og folkevalde organ. Det kan i lov setjast grenser for denne retten av omsyn til personvern og av andre tungtvegande grunnar.

Dei statlege styresmaktene skal leggje til rette for eit ope og opplyst offentleg ordskifte.

§ 101

Heretter skal ingen få nye og varige særrettar som legg band på næringsfridommen.

§ 102

Det må ikkje utførast husransakingar, så nær som i kriminelle tilfelle.

§ 103

Ingen som heretter går konkurs, får fristad.

§ 104

Ingen kan bli frådømd sin faste eigedom eller heile eiga si på grunn av eit brotsverk.

§ 105

Krev omsyn til samfunnet at nokon må gje frå seg fast eller rørleg eigedom til offentleg bruk, skal ho eller han få fullt vederlag av statskassa.

§ 106

Kjøpesummar og inntekter av det benefiserte godset til presteskapet skal berre nyttast til gagn for presteskapet og til å fremje opplysinga. Eigedommane til milde stiftingar skal berre nyttast til deira eige gagn.

§ 107

Odels- og åsetesretten må ikkje opphevast. Dei nærare vilkåra for korleis han skal stå ved lag til størst mogleg nytte for staten og gagn for landallmugen, blir fastsett av det fyrste eller andre stortinget.

§ 108

Heretter kan det ikkje skipast grevskap, baroni, stamhus eller fideikommiss.

§ 109

Alle statsborgarane har i regelen den same skyldnaden til å verne fedrelandet ei viss tid, utan omsyn til fødsel eller formue.

Korleis denne grunnsetninga skal gjennomførast, og kva unnatak ho skal ha, blir fastsett i lov.

§ 110

Dei statlege styresmaktene skal leggje til rette for at kvart arbeidsført menneske kan leve av arbeidet sitt.Side 10

Nærare føresegner om medråderetten til dei tilsette på arbeidsplassen blir fastsette i lov.

§ 110a

Dei statlege styresmaktene skal leggje til rette for at den samiske folkegruppa kan tryggje og utvikle samisk språk, kultur og samfunnsliv.

§ 110b

Alle har rett til eit helsesamt miljø og ein natur der produksjonsevna og mangfaldet blir haldne ved lag. Naturressursane skal forvaltast ut frå ein langsiktig og allsidig synsmåte for å tryggje denne retten for kommande slekter.

Borgarane har rett til kunnskap om korleis det står til med naturmiljøet, og om verknadene av planlagde og iverksette inngrep i naturen, slik at dei kan tryggje den retten dei har etter førre leddet.

Dei statlege styresmaktene gjev nærare føresegner for å gjennomføre desse grunnsetningane.

§ 110c

Dei statlege styresmaktene skal respektere og tryggje menneskerettane.

Nærare føresegner om gjennomføringa av traktatar om dette blir fastsette i lov.

§ 111

Forma og fargane på det norske flagget blir fastsette i lov.

§ 112

Viser røynsla at nokon del av denne grunnlova for Kongeriket Noreg bør endrast, skal framlegget om endring leggjast fram på det fyrste, andre eller tredje stortinget etter eit nytt val og kunngjerast på prent. Men det er fyrst det fyrste, andre eller tredje stortinget etter neste val som avgjer om endringa skal gjerast eller ikkje. Ei slik endring må likevel ikkje stri mot prinsippa i denne grunnlova, men berre gjelde modifikasjonar i einskilde føresegner som ikkje endrar ånda i denne konstitusjonen, og to tredjedelar av Stortinget må vere samde i ei slik endring.

Ei grunnlovsføresegn som er vedteken på denne måten, skal underskrivast av Stortingets president og sekretær og sendast til kongen til kunngjering på prent som gjeldande føresegn i Kongeriket Noregs grunnlov.

Alternativ 2

Tittelen på Grunnlova skal lyde:

Noregs rikes grunnlov

Alternativ 3

§ 6 tredje ledd skal lyde:

Arverett har likevel berre dei som er fødde i rett nedstigande line frå den sist regjerande dronninga eller kongen eller hennar eller hans sysken, og dei som sjølve er hennar eller hans sysken.

Alternativ 4

§ 9 fyrste ledd skal lyde:

Så snart kongen, som myndig, tek til med regjeringa, gjer han denne eiden for Stortinget: «Jeg lover og sværger, at ville regjere Kongeriget Norge i Overensstemmelse med dets Konstitution og Love; saasandt hjælpe mig Gud den Almægtige og Alvidende!»

Alternativ 5

§ 14 andre punktum skal lyde:

Kvar statssekretær handlar på vegner av den medlemmen av statsrådet som han er knytt til, så langt denne medlemmen fastset.

Alternativ 6

§ 17 skal lyde:

§ 17

Kongen kan gje og oppheve provisoriske anordningar om handel, toll, næringsvegar og offentleg forvaltning og regulering. Dei må ikkje stri mot konstitusjonen eller dei lovene Stortinget har gjeve i samsvar med §§ 76, 77, 78 og 79. Dei gjeld provisorisk til neste storting.

Alternativ 7

§ 21 fjerde punktum skal lyde:

Dei kongelege prinsane kan ikkje ha sivile embete.

Alternativ 8

§ 22 fyrste ledd andre punktum skal lyde:

Det same gjeld for embetsmennene som er tilsette ved statsrådskontora eller i diplomatiet eller konsulatstellet, sivile overøvrigheitspersonar, sjefar for regiment og andre militære korps, kommandantar på festningar og høgstbefalande på krigsskip.

Alternativ 9

§ 25 fyrste ledd fyrste punktum skal lyde:

Kongen har høgste befalinga over land- og sjømakta til riket.

Alternativ 10

§ 28 andre punktum skal lyde:

Han skal ekspedere sakene i samsvar med avgjerda i statsrådet.

Alternativ 11

§ 29 fyrste ledd skal lyde:

Hindrar lovleg forfall ein statsråd frå å møte og målbere saker som høyrer til hans fagområde, skal dei målberast av ein annan statsråd, som kongen konstituerer til det.

Alternativ 12

§ 29 andre ledd skal lyde:

Hindrar lovleg forfall så mange frå å møte at ikkje fleire enn helvta av det fastsette talet på medlemmer er til stades, skal så mange andre kvinner eller menn som naudsynt konstituerast til å ta sete i statsrådet.

Alternativ 13

§ 30 tredje ledd fyrste punktum skal lyde:

Meiner nokon medlem av statsrådet at avgjerda til kongen strir mot statsforma eller lovene i landet, har han plikt til å ta kraftig til motmæle og skrive si meining i protokollen.

Alternativ 14

§ 41 fyrste punktum skal lyde:

Er kongen utanfor riket utan å vere i felt, eller er han så sjuk at han ikkje kan ta seg av regjeringa, skal den næraste arvingen til trona stå for regjeringa som mellombels utøvar av kongemakta, så framt han har nådd myndig alder for kongen.

Alternativ 15

§ 44 fyrste ledd skal lyde:

Den prinsessa eller prinsen som står for regjeringa i dei tilfella som er nemnde i § 41, skal skriftleg gjere denne eiden for Stortinget: «Jeg lover og sværger at ville forestaa Regjeringen i Overensstemmelse med Konstitutionen og Lovene, saa sandt hjælpe mig Gud den Almægtige og Alvidende!»

Alternativ 16

§ 45 skal lyde:

§ 45

Så snart statsstyringa deira er over, skal dei gjere rekneskap for henne til kongen og Stortinget.

Alternativ 17

§ 49 skal lyde:

§ 49

Folket utøver den lovgjevande makta ved Stortinget.

Alternativ 18

§ 50 fyrste ledd skal lyde:

Røysterett ved stortingsval har dei norske borgarane, kvinner og menn, som har fylt 18 år eller fyller 18 år i det året valtinget blir halde.

Alternativ 19

§ 59 andre ledd fyrste punktum skal lyde:

Røystetalet for kvart parti i kvart valdistrikt skal delast med 1,4; 3; 5; 7 og så bortetter til det er delt så mange gonger som talet på mandat vedkommande parti kan ventast å få.

Alternativ 20

§ 62 fyrste ledd andre punktum skal lyde:

Det same gjeld medlemmene av Høgsterett og tenestemenn som er tilsette i diplomatiet eller konsulatstellet.

Alternativ 21

§ 63 fyrste ledd bokstav a skal lyde:

a)er vald utanfor det valdistriktet der han har røysterett,

Alternativ 22

§ 63 tredje ledd skal lyde:

Like eins skal det fastsetjast i lov når og korleis ein som er vald til representant for to eller fleire valdistrikt, skal gje fråsegn om kva val han vil ta imot.

Alternativ 23

§ 66 fyrste punktum skal lyde:

På reisa til og frå Stortinget og medan dei er der, er representantane fritekne frå personleg hefting, om dei ikkje blir gripne i offentlege brotsverk.

Alternativ 24

§ 71 skal lyde:

§ 71

Medlemmene av Stortinget er valde for fire år på rad.

Alternativ 25

§ 75 h skal lyde:

h)å kunne gje kven som helst påbod om å møte for seg i statssaker, så nær som kongen og den kongelege familien; likevel kan dei kongelege prinsane kallast inn dersom dei har embete;

Alternativ 26

§ 81 andre punktum skal lyde:

Di har Vi godkjent og stadfest, slik Vi med dette godkjenner og stadfester dette vedtaket som lov, under Vår hand og riksseglet.»

Alternativ 27

§ 91 skal lyde:

§ 91

Ingen kan utnemnast til medlem av Høgsterett før han er 30 år gammal.

Alternativ 28

§ 92, innleiinga til punktoppstillinga i fyrste ledd skal lyde:

Til embete i staten kan det berre utnemnast norske borgarar, kvinner eller menn, som talar språket i landet og

Alternativ 29

§ 94 skal lyde:

§ 94

Ei ny allmenn sivillovbok og straffelovbok skal gjevast ut på det fyrste eller, om dette ikkje er mogleg, på det andre ordentlege stortinget. Til dess står dei nogjeldande lovene i landet ved lag, om dei ikkje strir mot denne grunnlova eller mot dei provisoriske lovene som måtte bli gjevne i mellomtida.

Alternativ 30

§ 94 fyrste ledd skal lyde:

Ei ny allmenn sivillovbok og straffelovbok skal gjevast ut på det fyrste eller, om dette ikkje er mogleg, på det andre ordentlege stortinget. Til dess står dei nogjeldande lovene i landet ved lag, om dei ikkje strir mot denne grunnlova eller mot dei provisoriske anordningane som måtte bli gjevne i mellomtida.

Alternativ 31

§ 96 andre punktum skal lyde:

Det må ikkje nyttast tortur under forhøyr.

Alternativ 32

§ 104 skal lyde:

§ 104

Jord og bulut kan ikkje i noko tilfelle forbrytast.

Alternativ 33

§ 105 skal lyde:

§ 105

Krev omsyn til samfunnet at nokon må gje frå seg sin faste eller rørlege eigedom til offentleg bruk, skal han få fullt vederlag av statskassa. 

28. september 2012 

Per-Kristian FossAnders Anundsen
 

-----

Referert i Stortingets møte 28. september 2012.

«Forslaget blir under presidentens ansvar å bekjentgjøre ved trykken for å komme til avgjørelse på første, annet eller tredje storting etter neste valg.» 

Dag Terje Andersen
president