Grunnlovsforslag 26 (2011-2012), Dok.nr.12:26 (2011-2012) Grunnlovsforslag frå Per Olaf Lundteigen, Lars Peder Brekk, Jenny Klinge, Hallgeir H Langeland og Aksel Hagen om endringar i § 49 og § 75 i Grunnlova (grunnlovsfesting av kommunalt sjølstyre)

Dato2012-09-28
Henvisninger i teksten Grunnlova (1814), §49, §75

 

Side 1

Til Stortinget

BAKGRUNN

Forslagsstillarane viser til at den norske Grunnlova i motsetnad til andre europeiske konstitusjonar er den einaste som ikkje uttrykkjer kommunalt sjølvstyre gjennom ei føresegn.

Det har opp gjennom åra vore fremja ei rekkje grunnlovsframlegg med ulik ordlyd for nettopp å uttrykkja kommunen og det kommunale sjølvstyret i Grunnlova. Stortinget har handsama og avvist alle, seinast Dok.nr.12:13 (2007-2008) våren 2012. I tilhøyrande Innst.298 S (2011-2012) vart det påpeikt av fleirtalet at det i dette framlegget ikkje var gjort klårt kva type lokaldemokrati som skulle grunnlovsfestast, og at dette kunne leggja ei statisk ramme rundt dagens modell og slik frysa den dynamiske relasjonen mellom forvaltningsnivåa, noko som igjen ville avgrensa lokaldemokratiet.

Stortinget avviste våren 2012 framlegget om å grunnlovsfesta lokaldemokratiet. Dette gjorde Stortinget sjølv om representantar for alle dei politiske partia på Stortinget hadde skrive under framlegget i 2008.

Gjennom Stortinget si ratifisering av Europarådet sitt charter om lokalt sjølvstyre har Stortinget på mange vis plikta seg til å kodifisera prinsippet om lokalt sjølvstyre i Grunnlova. Gjennom ei grunnlovsfesting vil det lokale sjølvstyret vera verna fordi det som er fastsett i Grunnlova, kan ikkje endrast eller fråvikast ved vanleg lov. Dette er òg eit minimumskrav i Europarådet sitt charter. Men nærare reglar om omfanget og formene av det lokale sjølvstyret vert fastsett gjennom vanleg lov.

Det kommunale sjølvstyret i Noreg har visse institusjonelle grunntrekk: Frie val, kommunane sin status som sjølvstendige rettssubjekt, skattleggingsretten og retten til å ta på seg oppgåver som korkje er forbodne eller ligg til andre organ. Kommunalt sjølvstyre føreset ein stat. Kva funksjon det kommunale sjølvstyret skal ha, er opp til folket sjølv gjennom praksis og slik dei folkevalde til kommunestyra gjer vedtak om.

Det kommunale sjølvstyret står sterkt i vårt folk. Formannskapslovene gjorde det mogleg å mobilisera folket som rådgjevarar og har vore eit sterkt gode for vårt demokrati. Det kommunale sjølvstyret har gjeve og gjev framleis meirverdi for staten: Folkevalde utfører eit arbeid som staten elles måtte ha hatt mange statsbyråkratar til å utføra, og dei folkevalde gjer mykje godt arbeid. Det kommunale sjølvstyret avspeglar interessefellesskapet og dei nære tillitsbanda mellom topp og botn i styringssystemet. Lokalt politisk skjønn er òg viktig når den nasjonale politikken skal realiserast lokalt.

Ei grunnlovsfesting av det kommunale sjølvstyret skal ikkje vera til hinder for at staten i framtida framleis kan vera aktiv og stilla krav til kommunane for å omsetja nasjonale ambisjonar til lokal praksis, slik staten har medverka til å gjera det kommunale sjølvstyret meir slagkraftig. Stortinget skal difor òg i framtida ha makt til å omforma kommuneinstitusjonen ut frå endra behov og føresetnader.Side 2

FORSLAG

På denna bakgrunnen vert det fremja følgjande 

forslag: 

I

§ 49 nytt andre ledd skal lyda: 

Alternativ A (gjeldande målform):

Det kommunale Selvstyre skal bestyrke vort Folkestyre 

Alternativ B (bokmål og nynorsk):

Det kommunale selvstyret skal styrke vårt folkestyre.

Det kommunale sjølvstyret skal styrke vårt folkestyre.

II

§ 49 nytt andre ledd skal lyda: 

Alternativ A (gjeldande målform):

Lokale Sager udøves gjennem kommunalt Selvstyre. 

Alternativ B (bokmål og nynorsk):

Lokale saker utøves gjennom kommunalt selvstyre.

Lokale saker vert utøvde gjennom kommunalt sjølvstyre.

III

§ 75 ny bokstav n skal lyda: 

Alternativ A (gjeldande målform):

n.at respektere og sikre det kommunale Selvstyre. 

Alternativ B (bokmål og nynorsk):

n)å respektere og sikre det kommunale selvstyre.

n)å respektere og sikre det kommunale sjølvstyret. 

28. september 2012 

Aksel HagenLars Peder BrekkPer Olaf Lundteigen
Hallgeir H LangelandJenny Klinge
 

-----

Referert i Stortingets møte 28. september 2012.

«Forslaget blir under presidentens ansvar å bekjentgjøre ved trykken for å komme til avgjørelse på første, annet eller tredje storting etter neste valg.» 

Dag Terje Andersen
president