Grunnlovsforslag 27 (2011-2012), Dok.nr.12:27 (2011-2012) Grunnlovsforslag frå Per Olaf Lundteigen, Lars Peder Brekk, Jenny Klinge, Hallgeir H Langeland og Jette F. Christensen om ny § 38 (grunnlovfesting av kroner og øre som norsk pengeeining)

Dato2012-09-28
Henvisninger i teksten Grunnlova (1814)

 

Side 1

Til Stortinget

BAKGRUNN

Den amerikanske grunnlova frå 1787 er den eldste grunnlova i verda som har vore gjeldande utan avbrot. Ho var ei av inspirasjonskjeldene for vår eiga grunnlov. I den amerikanske grunnlova er det slått fast at USA skal ha sitt eige penge- og myntstell. Det høyrer den lovgjevande forsamlinga til å «coin Money, regulate the Value thereof, and of foreign Coin, and fix the Standard of Weights and Measure».

Noregs grunnlov er den nest eldste i verda som har vore gjeldande utan avbrot. I novembergrunnlova vart penge- og myntstellet grunnlovfest i § 110. Denne paragrafen lydde: «Norge beholder sin egen Bank og sit eget Penge- og Myntvæsen, hvilke Indretninger ved Lov bestemmes.» Paragrafen stod slik fram til 1911 då han vart endra for å grunnlovfesta Statens Reservefond.

Stortinget vedtok 17. april 1875 Lov om Pengevæsenet der § 1 (Pengeenheten og dens gullinnhold) fyrste ledd fyrste punktum lydde: «Grundlaget for Rigets Myntsystem er Guld og Pengeenheden skal være en Krone, som deles i 100 Øre.» Noreg endra med dette eining frå spesidalar og skilling til kroner og øre.

I dag er pengeeininga lovfest i sentralbanklova, § 4. Noregs Bank vart skipa ved lovsanksjon i Stortinget 14. juni 1816.

Forslagsstillarane ser det som grunnleggjande for ein suveren stat å ha råderett over sitt eige penge- og myntstell og tek til orde for å gje pengestellet konstitusjonelt vern ved å grunnlovfesta den norske pengeeininga i samsvar med sentralbanklova § 4.

FORSLAG

På denne bakgrunn vert det fremja følgjande 

forslag: 

§ 38 skal lyda: 

Alternativ A (gjeldande målform):

§ 38

Den norske Pengeenhed er en Krone. Kronen deles i hundrede Øre. 

Alternativ B (bokmål og nynorsk):

§ 38

Den norske pengeenhet er en krone. Kronen deles i hundre øre.

§ 38

Den norske pengeeininga er ei krone. Krona er delt i hundre øre.Side 2 

28. september 2012 

Hallgeir H LangelandLars P. BrekkPer Olaf Lundteigen
Jette F. ChristensenJenny Klinge
 

-----

Referert i Stortingets møte 28. september 2012.

«Forslaget blir under presidentens ansvar å bekjentgjøre ved trykken for å komme til avgjørelse på første, annet eller tredje storting etter neste valg.» 

Dag Terje Andersen
president