Grunnlovsforslag 28 (2011-2012), Dok.nr.12:28 (2011-2012) Grunnlovsforslag frå Per Olaf Lundteigen, Lars Peder Brekk og Jenny Klinge om endring av § 57 i Grunnlova (berre norske borgarar skal reknast med ved mandatfordelinga)

Dato2012-09-28
Henvisninger i teksten Grunnlova (1814), §57

 

Side 1

Til Stortinget

BAKGRUNN

Etter Grunnlova skal stortingsmandata si fordeling mellom dei ulike valdistrikta gjerast kvart åttande år. Fylka er valdistrikta. Kommunal- og regionaldepartementet offentleggjorde 7. mai 2012 fordelinga som skal gjelda for stortingsvala i 2013 og 2017. Til grunn for denne fordelinga av stortingsmandat ligg innbyggjartalet i fylket og fylket sitt areal.

Berre norske borgarar kan verta valde som stortingsrepresentantar. § 50 i Grunnlova seier at berre norske borgarar kan røysta ved stortingsval. I § 57 er derimot omgrepet «Indvaaner» brukt. Kommunal- og regionaldepartementet si forståing av dette omgrepet gjer at det no er skilnad på grunnlaget for utrekning av mandatfordelinga til Stortinget og dei som har røysterett i valdistriktet. Det er ikkje noko som tyder på at valet av nemnde omgrep i § 57 var tilsikta å gje denne skilnaden. Forslagsstillarane ser det som viktig å få retta opp i dette gjennom eintydig omgrepsbruk.

Forslagsstillarane føreslår difor at § 57 i Grunnlova vert endra slik at det er talet på norske borgarar i valdistriktet, ikkje talet på registrerte innbyggjarar uavhengig av statsborgarskap, som saman med valdistriktet sitt areal, skal liggja til grunn for fordelinga av stortingsmandat.

FORSLAG

På denna bakgrunn vert det fremja følgjande 

forslag: 

§ 57 femte ledd skal lyda: 

Alternativ A (gjeldande målform):

Det Antal Storthingsrepræsentanter, som bliver at vælge fra hvert Valgdistrikt, bestemmes paa Grundlag af en Beregning af Forholdet mellem hvert Distrikts Antal norske Borgere samt Areal, og det hele Riges Antal norske Borgere samt Areal, naar hver Borger giver 1 Point og hver Kvadratkilometer giver 1,8 Point. Beregningen bliver at foretage hvert ottende Aar. 

Alternativ B (bokmål og nynorsk):

Det antall stortingsrepresentanter som skal velges fra hvert valgdistrikt, beregnes på grunnlag av forholdet mellom distriktets antall norske borgere samt areal, og hele rikets antall norske borgere samt areal. I denne beregning gir hver borger 1 poeng og hver kvadratkilometer 1,8 poeng. Beregningen skal foretas hvert åttende år.

Talet på stortingsrepresentantar som skal veljast frå kvart valdistrikt, blir utrekna på grunnlag av høvet mellom talet på norske borgarar og flatevidda i distriktet på den eine sida og talet på norske borgarar og flatevidda i heile riket på den andre sida. I denne utrekninga gjev kvar borgar 1 poeng og kvar kvadratkilometer 1,8 poeng. Utrekninga skal gjerast kvart åttande år. 

28. september 2012 

Per Olaf LundteigenLars Peder BrekkJenny Klinge
 

-----

Referert i Stortingets møte 28. september 2012.

«Forslaget blir under presidentens ansvar å bekjentgjøre ved trykken for å komme til avgjørelse på første, annet eller tredje storting etter neste valg.» 

Dag Terje Andersen
president