Utfyllande instruks om overføring av domfelte.

DatoFOR-1995-02-17-129
DepartementJustis- og beredskapsdepartementet
PublisertAvd I 1995 167
Ikrafttredelse17.02.1995
Sist endret
Endrer
Gjelder forNorge
HjemmelLOV-1991-07-20-67-§2, FOR-1993-02-12-101
Kunngjort
KorttittelUtfyllande instruks om overføring av domfelte

Kapitteloversikt:

Fastsett ved kgl.res. 17. februar 1995 med heimel i lov av 20. juli 1991 nr. 67 om overføring av domfelte § 2 og kgl.res. 12. februar 1993 nr. 101. Fremja av Justis- og politidepartementet. 

Instruksen omhandlar handsaming av overføringar med heimel i lova sine kap. 1, 2 og IV.

Omgrepet lova tyder i det følgjande «lov om overføring av domfelte 20. juli 1991 nr. 67». Instruksen vert gjort gjeldande straks.

§ 1.Ein kan berre fremja sak om overføring av straffeåtgjerd i form av fridomsstraff.
§ 2.Fridomsstraff kan etter overføringskonvensjonen fullbyrdast i Noreg i fall straffa er idømd i eit land som har ratifisert konvensjonen eller på annan måte inngått ei avtale med Noreg om overføring med heimel i § 2 i lova.
§ 3.Om ikkje båe statar gjev samtykkje, er det eit krav at den domfelte ved mottak av overføringssaka, i det minste har 6 månader att av straffa, rekna fram til den tid domfelte skal lauslatast på vilkår.
§ 4.Kven av dei to fullbyrdingsmåtane, nemnde i § 5 i lova, som skal nyttast ved overføring til Noreg, avgjer departementet. Som hovudregel skal framleis fullbyrding etter reglane i § 6 i lova nyttast.

Den utanlandske dommen kan gjerast om i medhald av reglane i § 7 i lova. Ved vurderinga skal det blant anna leggjast til grunn om den utanlandske dommen er mykje strengare enn den straffa domfelte ville ha vorte idømd i Noreg om saka hadde vore pådømd her.

Førespurnad frå departementet til påtalemakta etter §§ 6 og 7 i lova skal rettast til Riksadvokaten.

§ 5.Departementet skal gje melding til domslandet om kva måte fullbyrdinga av den utanlandske dommen vil skje på.
§ 6.Dersom departementet har avgjort at ein domfelt kan overførast til Noreg, og at straffa skal omgjerast i medhald av artikkel 11 i overføringskonvensjonen, skal saka leggjast fram for Riksadvokaten, som tek standpunkt til om varetekt skal krevjast i medhald av § 15 i lova.
§ 7.I dei høva den overførde får fridomsstraff, vert domfelte handsama etter gjeldande norsk fengselslov.
§ 8.Justisdepartementet skal melda frå til rett styresmakt i domslandet på den tid straffa er sona. Melding skal og gjevast i dei høva den dømde ikkje har møtt fram til soning eller har rømt frå fengslet før heile straffa er sona.
§ 9.I tilfelle ein domfelt idømd fridomsstraff i Noreg kan tenkjast overførd til ein annan stat, har den domfelte krav på utgreiing frå fengslet om kva for åtgjerder som kan iverksetjast, og om verknadene av overføring.
§ 10.Justisdepartementet skal fremja krav om overføring til rett styresmakt i domfelte sitt heimland dersom den domfelte set fram skriftleg krav om det. Kravet skal innehalde opplysningane rekna opp i artikkel 4. nr. 3.
§ 11.Domfelte skal ha skriftleg utgreiing om kva for tiltak domslandet eller fullbyrdingslandet vil setja i verk i medhald av artikkel 4. nr. 5.
§ 12.Fråsegn i medhald av artikkel 3, første led, pkt. d i overføringskonvensjonen, skal meddelast skriftleg til leiaren av fengslet. Den som tek imot fråsegna skal vera overtydd om at den dømde, eventuelt vedkomande si verje, har gjeve fråsegna friviljug og med full forståing av kva det tyder.
§ 13.Dersom det synest klårt at den mottakande stat ved ei eventuell overføring vil utmåle ei straff som ligg vesentleg under den straff som er idømd i Noreg, bør overføring som hovudregel ikkje finna stad. Det same gjeld om mottakarlandet sine reglar for lauslating på vilkår fører med seg at domfelte vil verte lauslaten mykje tidlegare enn vedkomande ville ha vorte ved fullbyrding i Noreg.
§ 14.Politiet skal i samråd med den framande stat si politistyresmakt fastsetje kva tid overføringa skal skje og korleis overføringa praktisk skal gjennomførast.
§ 15.Politiet skal vera med på heimsending av den domfelte ved transport til den utreisestad partane er vorte samde om. Som hovudregel skal transporten handsamast av politiet i det distrikt den domfelte har sona ein del av straffa.
§ 16.I samband med framsetjing av krav om overføring skal departementet med omsyn til spørsmålet om eventuell utvising, gi melding til vedkomande politikammer som tidlegare har handsama straffesaka.

Vedlegg

Følgjande statar har pr. 1. oktober 1994 ratifisert den europeiske konvensjon om overføring av domfelte :

Belgia

Danmark

Finland

Frankrike

Hellas

Irland

Island

Italia

Kypros

Luxembourg

Malta

Nederland

Portugal

Slovakia

Spania

Storbritannia

Sveits

Sverige

Tsjekkia

Tyrkia

Tyskland

Østerrike

Bahamas

Canada

USA