Instruks for Vegtilsynet

DatoFOR-2012-06-15-523
DepartementSamferdselsdepartementet
PublisertI 2012 hefte 7
Ikrafttredelse20.06.2012
Sist endret
Endrer
Gjelder forNorge
HjemmelLOV-1963-06-21-23-§9
Kunngjort15.06.2012   kl. 15.15
KorttittelInstruks for Vegtilsynet

Kapitteloversikt:

Heimel: Fastsett av Samferdselsdepartementet 15. juni 2012 med heimel i veglov 21. juni 1963 nr. 23 § 9 fyrste ledd.

1 Organisering

Vegtilsynet er Samferdselsdepartementet si fageining som skal kontrollera og føra tilsyn med Statens vegvesen si verksemd knytt til riksveginfrastrukturen.

Vegtilsynet er direkte underlagt vegdirektøren, med eit organisatorisk og styringsmessig skilje mellom Vegtilsynet og resten av Statens vegvesen si verksemd.

2 Føremål

Vegtilsynet skal føra tilsyn med at krav om tryggleik knytt til riksveginfrastrukturen er teke i vare av Statens vegvesen.

Vegtilsynet skal arbeida for at Statens vegvesen si verksemd vert utøvd på ein sikker og føremålstenleg måte til det beste for trafikantane på vegen. Tilsynet skal vera ein aktiv pådrivar for eit sikkert og føremålstenleg vegnett i tråd med det overordna målet for transportpolitikken.

3 Avgrensing

Vegtilsynet sine oppgåver omfattar ikkje myndigheitsområde som høyrer inn under andre statlege kontroll- og tilsynsorgan, som Politiet, Direktoratet for samfunnstryggleik og beredskap og Arbeidstilsynet.

Vegtilsynet skal i naudsynt utstrekning samordna seg med, og samarbeida med statlege tilsynsorgan og andre verksemder for å byggja kompetanse der dette kan gi ein gevinst ut frå effektiv ressursbruk og brukarvenlegheit.

4 Arbeidsoppgåver

Vegtilsynet skal vera bygd opp som eit risikobasert systemtilsyn. For å få eit trygt vegnett, som førebyggjer skade på liv og helse for menneske og dei materielle og økonomiske verdiar som transport på veg representerer, skal vegtilsynet prioritera tilsynsverksemda si der risikoen for ulykker er størst.

Vegtilsynet skal m.a.:

-føra tilsyn med at Statens vegvesen har og bruker tilstrekkelege og effektive styringssystem for å ta i vare tryggleik i veginfrastrukturen for transport på riksveg. Styringssystem omfattar m.a. system for planlegging, bygging, drift, vedlikehald, beredskap og anna forvalting av riksveginfrastrukturen.
-ha tilgong til alle dokument det ønskjer frå Statens vegvesen.
-i tilsynssaker gi tilråding til aktuell driftseining i Statens vegvesen. Det kan setjast frist for tilbakemelding. Tilsynsrapporten er offentleg når den er avgjeven.
-informera om Vegtilsynet si verksemd.
-i samråd med vegdirektøren, delta i internasjonalt arbeid med sikte på å ta i vare Noreg sine interesser på Vegtilsynet sitt ansvarsområde, og delta i internasjonalt arbeid som har verdi for tilsynet sitt arbeid.
-ta initiativ til FoU-verksemd innanfor sitt område.
-foreslå endringar i regelverket så langt det er naudsynt for å betra tryggleik i veginfrastrukturen for transport på offentleg veg.

Vegtilsynet skal via vegdirektøren rapportera til Samferdselsdepartementet i løpet av året og i ein eigen årsrapport om tilsynsarbeidet og resultat. Saker av spesiell interesse skal rapporterast særskilt.

Vegtilsynet si verksemd skal utøvast innanfor gjeldande lover og reglar, og i samsvar med dei krava som er fastsette i styringsdialogen. Sakshandsaminga skal skje i samsvar med god forvaltingsskikk og etter dei reglane som gjeld for sakshandsaming i offentleg sektor.

5 Dagleg leiing

Den daglege leiinga av Vegtilsynet vert utøvd av ein direktør.

Vegtilsynsdirektøren skal:

-orientera og rapportera til vegdirektøren om viktige saker som gjeld Vegtilsynet sitt ansvarsområde.
-utarbeida utkast til årsrapport.
-syta for at Vegtilsynet vert drive effektivt i samsvar med gjeldande lover og reglar og i samsvar med dei krava som vert fastsette i styringsdialogen.
-syta for at det ligg føre dokumenterbare system for intern kontroll og risikostyring og at det vert gjennomført evalueringar om tilsynsverksemda si effektivitet, måloppnåing og resultat.
-gi tilrådingar i tilsynssaker.

6 Myndigheit til å fastsetja instruks

Samferdselsdepartementet har myndigheit til å fastsetja instruks eller foreta endringar i instruksen.

7 Ikrafttredelse

Instruksen trer i kraft 20. juni 2012.