Retningslinjer for lokalisering av statlege arbeidsplassar og statleg tenesteproduksjon

DatoFOR-2014-11-28-1487
DepartementKommunal- og moderniseringsdepartementet
PublisertI 2014 hefte 15
Ikrafttredelse28.11.2014
Sist endret
Endrer
Gjelder forNorge
Hjemmel
Kunngjort02.12.2014   kl. 15:10
KorttittelRetningslinjer for lokalisering av statlege arbeidsplassar mv.

Kapitteloversikt:

Fastsett ved kgl.res. 28. november 2014. Fremja av Kommunal- og moderniseringsdepartementet. 

Retningslinjene erstattar tidlegare retningslinjer, jf. kgl.res. 16. september 2011.1

1Ikkje kunngjort i Norsk Lovtidend.

1. Innleiing

Retningslinjene fastset formål for den statlege lokaliseringspolitikken, og vurderings- og prosedyrekrav i samband med lokalisering av statlege arbeidsplassar og statleg tenesteproduksjon.

2. Formål

Den statlege lokaliseringspolitikken skal, ved oppfølginga av desse retningslinjene, medverke til

-ei fordeling av statlege arbeidsplassar som bidreg til å utvikle robuste arbeidsmarknader i alle delar av landet
-lokalisering av statleg tenesteproduksjon som i størst mogleg grad sikrar befolkninga i alle delar av landet god tilgang til statlege tenester
-at nye og omlokaliserte statlege verksemder i hovudsak blir lokaliserte utanfor Oslo
-at kostnadseffektivitet og effektiv oppgåveløysing vert inkludert i vurderinga av lokaliseringsalternativ.

3. Ansvar og prosedyrar

Kommunal- og moderniseringsdepartementet (KMD) har det overordna ansvaret for å tolke og gi informasjon om retningslinjene.

Fagdepartementa har det overordna ansvaret for at retningslinjene blir gjort kjende i underliggjande verksemder som er omfatta av retningslinjene, og for at retningslinjene blir følgde.

Fagdepartementet skal gjere endeleg vedtak om lokalisering av underliggjande verksemder som er omfatta av retningslinjene. Dette gjeld ikkje universitet og høgskule, der styra kan gjere endeleg vedtak med heimel i universitets- og høyskoleloven. Ved avgjerd om lokalisering ved større strukturendringar og ved nyoppretting av statleg verksemd, skal saka leggjast føre regjeringa.

Fagdepartementet skal varsla KMD ved oppstart av prosessar innan eige ansvarsområde som er omfatta av retningslinjene.

Vurderingar av lokaliseringsalternativ i tråd med retningslinjene, jf. pkt. 5, skal sendast KMD før endeleg avgjerd blir teken. Fagdepartementa har ansvar for å sikre at dette skjer. KMD skal få ein rimelig frist på å avklare og gi tilbakemelding på om vurderingane oppfyller krava i retningslinjene.

4. Virkeområde

Retningslinjene gjeld for statsforvaltinga, det vil seie ordinære forvaltingsorgan, forvaltingsorgan med særskilde fullmakter og forvaltingsverksemder. Departementas eigen organisasjon er unnateken.

Retningslinjene gjeld ikkje for statlege stiftingar, statsføretak, særlovsselskap, statsselskap eller andre føretak som staten eig. Retningslinjene gjeld ikkje for Forsvaret si operative verksemd.

Retningslinjene gjeld ved

-oppretting av nye verksemder, inkludert nye statlege verksemder som blir etablerte på grunnlag av personale frå eksisterande verksemder
-omlokalisering av verksemder og oppgåver som følgje av bl.a. strukturendringar og rasjonalisering
-etablering av nye einingar eller utviding som følgje av nye oppgåver, under eksisterande verksemder.

Det kan gjerast unntak frå dei to siste punkta ved mindre endringar og justeringar i eiga verksemd.

Retningslinjene gjeld ikkje

-for klart tidsavgrensa eller mellombels oppretta arbeidsplassar
-for kollegiale organ som råd og utval
-ved omlokalisering som følgje av leigekontraktar som er utgåtte.

5. Krav til vurdering ved lokalisering av statlege arbeidsplassar.

5.1. Formelle krav til vurderinga

Ved prosessar som er omfatta av retningslinjene, skal ei skriftleg vurdering liggje til grunn for val av lokalisering. Ved oppretting av ny verksemd eller nye einingar skal vurderinga innehalde alternative stader til lokalisering. Minst tre alternativ bør vurderast, unntak frå dette skal grunngjevast. Ved omlokalisering av verksemder eller oppgåver som følgje av strukturendringar og rasjonalisering, skal moglegheitene i eksisterande regionstruktur vurderast.

5.2. Vurdering av alternative stader for lokalisering

Som grunnlag for val av og vurdering av alternative stader for lokalisering, skal vilkår for lokalisering, formålet med lokaliseringspolitikken og kostnadseffektivitet og effektiv oppgåveløysing leggjast til grunn. Dei ulike omsyna skal vegast mot kvarandre, og det skal gå fram av vurderinga korleis dei ulike omsyna påverkar kvarandre og på kva måte motstridande omsyn er tekne hand om.

5.2.1. Vilkår for lokalisering

1. Krav til nærleik til tenesta

Det er naturleg å skilje mellom staduavhengige og stadavhengige tenester etter kva grad tenesta krev fysisk nærleik til brukarane. Før avgjerd om (ny) lokalisering av verksemd, skal type og hyppigheit av publikumskontakt dokumenterast. Jo meir avhengig verksemda er av direkte kontakt med brukarane, desto nærare brukarane må verksemda vere lokalisert.

2. Kompetansekrav til dei som skal utføre arbeidsoppgåvene

I kor stor grad verksemda vil vere i stand til å rekruttere og ta vare på kvalifisert arbeidskraft, er eit viktig moment når ein skal ta stilling til lokaliseringa. Verksemda sitt kompetansebehov skal dokumenterast og grunngjevast. Dette må vurderast opp mot potensialet for at aktuelle lokaliseringsalternativ kan tilfredsstille verksemda sitt kompetansebehov.

3. Krav til infrastruktur, nærleik til andre typar fagmiljø, offentlege styresmakter m.m.

Enkelte verksemder stiller særskilde krav til fysisk og digital infrastruktur. Det kan til dømes vere nærleik til flyplass, jernbane, eller annan kommunikasjon. Ein del verksemder kan også ha behov for nærleik til særskilde offentlege styresmakter, forskingsmiljø osb. Verksemda sitt behov for nærleik til særskild infrastruktur eller spesielle typar fagmiljø, offentlege styresmakter eller anna skal dokumenterast og grunngjevast.

5.2.2. Særskilt om formålet med lokaliseringspolitikken

Ved oppretting av nye eller ved omlokalisering av statlege verksemder, skal det leggjast vekt på lokalisering i regionale sentra der verksemda har størst potensial for å bidra til det lokale tilbodet av arbeidsplassar, både med omsyn til omfang og breidde.

Nye statlege verksemder skal som hovudregel ikkje lokaliserast i Oslo kommune. Unntak frå dette skal vere særleg grunna. Dersom særlege grunnar tilseier lokalisering i Oslo, skal verksemda søkast lokalisert i Groruddalen, eller i tilsvarande område der verksemda vil gi størst bidrag til byutviklinga. Dette gjeld også når det er aktuelt å etablere nye arbeidsoppgåver og einingar på område der det allereie finst verksemder i Oslo. Ved omlokalisering av statleg verksemd som ligg utanfor Oslo, skal ho som hovudregel ikkje flyttast til Oslo.

Forslag om å etablere eller flytte statlege verksemder til Oslo skal alltid leggjast føre regjeringa.

5.2.3. Kostnadseffektivitet og effektiv oppgåveløysing

Eit av dei overordna måla for statleg forvalting er at ho skal vere kostnadseffektiv. Ved val av (ny) lokalisering av statleg verksemd skal kostnadene ved dei ulike lokaliseringsalternativa dokumenterast. Dette kan mellom anna vere kostnader knytt til husleige, løn, kvalitet i tenesta, men òg produktivitetsforbetringar gjennom realisering av potensielle effektiviseringsgevinstar ved omorganisering og utskifting av tilsette.

5.3. Særskilt om å gjere greie for konsekvensane for arbeidsmarknadar som mistar statlege arbeidsplassar

Ved forslag om å endre lokalisering av eksisterande statleg verksemd skal det gjerast greie for konsekvensane for arbeidsmarknaden(e) som mistar statlege arbeidsplassar.

Ved større strukturendringar har fagdepartementet ansvar for å vurdere behov for avbøtande tiltak.

6. Rapportering

KMD har ansvar for å rapportere på ein formålstenleg måte til regjering og storting om utviklinga i den regionale fordelinga av statlege arbeidsplassar.

KMD har ansvar for å orientere regjeringa om pågåande endringsprosessar som i sum kan ha konsekvensar for dei overordna formåla med lokaliseringspolitikken.