Vedtekter for Språkrådet

DatoFOR-2015-12-22-1914
DepartementKulturdepartementet
PublisertI 2016 hefte 7
Ikrafttredelse01.01.2016
Sist endret
EndrerFOR-2012-12-05-1139
Gjelder forNorge
HjemmelFOR-2004-12-14
Kunngjort27.05.2016   kl. 14.00
KorttittelVedtekter for Språkrådet

Heimel: Fastsett av Kulturdepartementet 22. desember 2015 med heimel i stortingsvedtak 14. desember 2004.

§ 1.Formål og oppgåver

Språkrådet er statens fagorgan i språkspørsmål og skal særleg arbeida med å styrkja det norske språkets status i notid og framtid og å forvalta dei to offisielle norske språknormene. Språkstyrkingsarbeidet omfattar både norsk språk generelt og den nynorske målforma spesielt.

Språkrådet skal verna om den kulturarven som norsk skriftspråk og talespråk representerer, fremja tiltak som kan auka kunnskapen om norsk språk, fremja toleranse og gjensidig respekt i forholdet mellom alle som brukar norsk språk i den eine eller andre varianten, og verna om dei rettane som kvar enkelt borgar har når det gjeld bruken av språket.

Språkrådet skal også ta omsyn til den totale språksituasjonen i landet, slik denne kjem til uttrykk gjennom dei språklege interessene til nordmenn med samisk eller minoritetsspråkleg bakgrunn eller tilknyting.

Språkrådet skal observera og analysera aktuelle utviklingstrekk i heile det norske språksamfunnet og bør på eige initiativ leggja til rette for tenleg samarbeid med både private og offentlege aktørar innanfor ulike samfunnssektorar.

Språkrådet skal driva utoverretta informasjonsverksemd og i rimeleg omfang gi råd og rettleiing til alle som vender seg dit med språklege spørsmål.

§ 2.Rammer for verksemda

Språkrådet er administrativt underlagt Kulturdepartementet. Det består av eit fast sekretariat under leiing av ein direktør tilsett av departementet. Den øvste leiinga ligg til eit styre oppnemnt av departementet. Verksemda i sekretariat og styre skal så langt råd er byggja på eit førebuande arbeid i eit system av fagråd oppnemnde av styret.

Språkrådet skal følgja opp språkpolitiske mål og strategiar som blir fastlagde av overordna styresmakt. I enkeltspørsmål kan Språkrådet uttala seg og gi råd etter eige skjøn om kva tiltak som best tener språkpolitiske mål.

Språkrådet har ansvar for å ta språkpolitiske initiativ overfor relevante styresmakter og skal uttala seg om spørsmål som andre styresmakter legg fram for det.

Språkrådet skal representera Noreg i nordisk og internasjonalt språksamarbeid.

§ 3.Normering av bokmål og nynorsk

Språkrådet kan gi råd om staving og bøying av nye og tidlegare unormerte ord og gjer bindande normeringsvedtak når språkutviklinga tilseier det. Føresegna gjeld også for transkripsjon av utanlandske namn. Språkrådet gir råd og rettleiing om tekniske skrivereglar og skal så langt det er tenleg, klargjera kva reglar som er obligatoriske for korrekt språk.

Etter opplæringslova § 9-4 fjerde ledd skal Språkrådet godkjenna ordlister og ordbøker til skulebruk.

Dersom faktisk språkbruk eller sterke systemomsyn tilseier det, kan Språkrådet vedta ny stavemåte og bøying av tidlegare normerte ord og justeringar i skrivereglane. Vedtak om gjennomgripande endringar eller systemendringar skal leggjast fram for departementet til godkjenning. Føresegnene i første og andre punktum gjeld tilsvarande for opptak av tyske og danske importord i nynorske ordlister og ordbøker, jf. andre ledd.

§ 4.Styret – samansetjing og oppgåver

Styret har det overordna ansvaret for verksemda i Språkrådet og skal behandla og avgjera alle viktige og prinsipielle spørsmål. Styret skal godkjenna alle vedtak som Språkrådet har fullmakt til å gjera etter § 3. Styret kan etter behov gi nærmare retningslinjer for ansvars- og arbeidsdelinga mellom styre og direktør.

Styret skal ha fem medlemmer og tre varamedlemmer. Av desse skal éin medlem og éin varamedlem oppnemnast etter val av og blant dei som er fast tilsette i sekretariatet i minst halv stilling, utanom direktøren. Dei to skal representera kvar si målform og vera respektive medlem og varamedlem i kvar sin halvdel av funksjonsperioden på fire år.

Det skal elles oppnemnast to representantar og i tillegg éin vararepresentant for kvar målform. Departementet peikar ut styreleiar blant dei to faste medlemmene frå den eine målforma og nestleiar frå den andre målforma.

Styret er vedtaksført når minst fire medlemmer eller varamedlemmer medrekna leiar eller nestleiar er til stades.

Direktøren har ansvaret for å førebu styremøta og er sekretær for styret.

§ 5.Fagråda – samansetjing og oppgåver

Det kan oppnemnast inntil fire fagråd. Fagråda har eit særleg ansvar for å sikra at Språkrådet har breiast mogleg samfunnskontakt for arbeidet sitt. Dei skal formidla synspunkt og impulsar frå det norske språksamfunnet til styre og sekretariat og skal på tenleg måte drøfta og førebu større saker som skal avgjerast i styret. Fagråda har høve til å ta sjølvstendige initiativ innanfor eige arbeidsområde.

Arbeids- og ansvarsområdet for kvart råd skal fastsetjast av styret, men det eine fagrådet skal behandla spørsmål som gjeld normering av bokmål og nynorsk, jf. § 3. Fag- og oppgåveprofilen deira kan elles justerast over tid avhengig av aktuelle utfordringar og strategiske prioriteringar. Etter behov kan styret også fastsetja nærmare retningslinjer for arbeids- og ansvarsdelinga mellom fagråda på den eine sida og styre og sekretariat på den andre sida.

Fagrådet som behandlar rettskrivingsspørsmål, skal ha åtte medlemmer, halvparten for kvar målform. Ein for kvar målform skal koma frå sekretariatet. Også leiar og nestleiar skal tilhøyra kvar si målform og alternera annakvart år. Normeringssaker som ikkje er felles for målformene, skal behandlast i den aktuelle halvdelen av fagrådet.

Dei andre fagråda skal kvar for seg bestå av inntil sju medlemmer, medrekna ein medlem frå sekretariatet i kvart råd. Sekretariatsmedlemmene skal også fungera som sekretær for vedkomande fagråd og skal delta i styremøta med talerett når styret behandlar saker som høyrer inn under fag- og ansvarsområdet til vedkomande fagråd.

Fagrådsmedlemmene skal ikkje oppnemnast som interesserepresentantar, men styret må sikra at kvart fagråd er breitt samansett og har nødvendig fagkompetanse.

Begge målformer må vera representerte i alle fagråda. Av det samla talet på fagrådsmedlemmer skal det vera tilnærma like mange representantar for kvar målform.

Medlemmene i kvart fagråd skal oppnemnast for fire år om gongen. Styret peikar ut leiar og eventuell nestleiar.

Dei i sekretariatet som til kvar tid er medlem av dei respektive fagråda, har i samråd med direktøren og fagrådsleiaren eit særleg ansvar for å leggja til rette for rasjonell koordinering og tenleg samarbeid mellom sekretariatet og fagrådet.

§ 6.Iverksetjing

Desse vedtektene tek til å gjelda frå 1. januar 2016. Samstundes blir tidlegare vedtekter 5. desember 2012 nr. 1139 for Språkrådet oppheva.