Forskrift om piggtråd til gjerde, Naustdal kommune, Sogn og Fjordane.

DatoFOR-1946-05-21-2
PublisertI 1946 s 236, II 1946 s 163
Ikrafttredelse21.05.1946
Sist endret
Endrer
Gjelder forNaustdal kommune, Sogn og Fjordane
HjemmelLOV-1893-07-14-7-§1
Kunngjort
KorttittelForskrift om piggtråd til gjerde, Naustdal

Fastsatt av Landbruksdepartementet 21. mai 1946. 

I samhøve med lov frå 14. juli 1893 nr. 7, jfr. kgl.res. frå 7. desember 1923, stadfester departementet vedtak gjort av Naustdal heradstyre, Sogn og Fjordane fylke, 23. april 1946 om nye reglar for bruk av piggtråd som gjerde i heradet. Vedtaket lyder så:

1.Gjerde langs offentleg veg skal vera i samsvar med dei føresegner som til kvar tid vert fastsett av vegstyret i fylket.
2.Alle stader der det elles er lovleg å setja gjerde skal piggtråd nyttast som over- og understeng på nettinggjerde.
3.Brukt som gjerde åleine må piggtråd ikkje nyttast utan at grunneigarane i kvart høve er samde om det - og korleis gjerdet skal vera frå seg gjort. Som minste krav gjled likevel at gjerde millom grannar på innmark og i utmark og millom inn- og utmark skal vera på minst tre stenger og ikkje ligge lågare enn 1, 10 m.
4.I alle høve der det vert nytta piggtråd til gjerde må det synast aktsemd og skjønnsemd slik at den ålmene trygd og velferd ikkje vert truga. Det gjeld særleg i bratte og trongrømde terrengtilhøve der serskilde vanskar kan gjera at folk eller fe kan koma i naudstoda andsynes piggtrådgjerdet av årsak dei ikkje rår med. Der slike høve er til stades må piggtråd ikkje nyttast til gjerde åleine, og i serskild vande tilhøve heller ikkje som streng attåt netting.
5.Dei ved kgl.res. frå 28. juni 1897 godkjende føresegner for bruk av piggtråd til gjerde i heradet vert hermed sett ut av kraft.