Forskrift om piggtråd til gjerde, Østre Gausdal kommune, Oppland.

DatoFOR-1946-11-13-1
PublisertI 1946 s 701, II 1946 s 548
Ikrafttredelse13.11.1946
Sist endret
Endrer
Gjelder forØstre Gausdal kommune, Oppland
HjemmelLOV-1893-07-14-7-§1
Kunngjort
KorttittelForskr. om piggtråd til gjerde, Østre Gausdal

Fastsatt av Landbruksdepartementet 13. november 1946. 

I samsvar med lov av 14. juli 1893 § 1 og kgl.res. av 7. desember 1923 stadfester ein hermed Østre Gausdal heradstyres vedtak, Opland fylke, i møte 19. oktober 1946 om bruk av piggtråd til gjerde i heradet solydande:

1.I Østre Gausdal skal det vera forbode å bruke piggtråd til gjerde mot utmark når gjerdet ikkje er mot frukt- eller bærhage. Mot slike hager kan ein nytta piggtråd over anna lovlegt gjerde, men piggtråden skal vera festa på jarn som vender inn mot hagen og minst 1,25 m over jordlina.
2.For gjerde langs offentleg veg gjeld dei reglar som til kvar tid måtte vera fastsett av fylkesvegstyret.
3.Millom grannar kan det nyttast piggtråd når partene er samde om det.
4.gjerde som er sett opp før må ikkje vølast med piggtråd i strid med dette vedtaket.
5.Brot mot desse reglane vert straffa med bøter.