Forskrift om piggtråd til gjerde, Vestre Gausdal kommune, Oppland.

DatoFOR-1947-04-18-3
PublisertI 1947 s 230, II 1947 s 157
Ikrafttredelse18.04.1947
Sist endret
Endrer
Gjelder forVestre Gausdal kommune, Oppland
HjemmelLOV-1893-07-14-7-§1
Kunngjort
KorttittelForskr. om piggtråd til gjerde, Vestre Gausdal

Fastsatt av Landbruksdepartementet 18. april 1947. 

I samsvar med lov av 14. juli 1893 § 1 og kgl.res. av 7. desember 1923 stadfester ein hermed Vestre Gausdal heradstyres, Opland fylke, vedtak i møte 15. mars 1947 om bruk av piggtråd til gjerde i heradet solydande:

1.I Vestre Gausdal skal det vera forbode å bruke piggtråd til gjerde mot utmark når gjerdet ikkje er mot frukt- eller bærhage. Mot slike hagar kan ein nytta piggtråd over anna gjerde, men piggtråden skal vera festa på jarn som vender inn mot hagen minst 1,25 meter over jordlina.
2.For gjerde langs offentleg veg gjeld dei reglar som til kvar tid måtte vera fastsett av fylkesvegstyret.
3.Millom grannar kan det nyttast piggtråd når partene er samde om det.
4.Gjerde som er sett opp før må ikkje vølast i strid med dette vedtaket.
5.Brot på desse reglane vert straffa med bøter.