Forskrift om piggtråd til gjerde, Haltdalen kommune, Sør-Trøndelag.

DatoFOR-1948-04-19-4
PublisertI 1948 327 II 1948 168
Ikrafttredelse19.04.1948
Sist endret
Endrer
Gjelder forHaltdalen kommune, Sør-Trøndelag
HjemmelLOV-1893-07-14-7-§1
Kunngjort
KorttittelForskrift om piggtråd til gjerde, Haltdalen

Fastsatt av Landbruksdepartementet 19. april 1948. 

I samsvar med lov frå 14. juli 1893 og kgl.res. frp 7. desember 1923 sstadfester ein hermed Haltdalen heradstyre, Sør-Trøndelag fylke, sitt vedtak dagsett 20. mars 1948 om bruk av piggtråd til gjerde i heradet sålydande:

1.For gjerde langs offentleg ved gjeld dei vilkår som til kvar tid er fastsett av Fylkesvegstyret.
2.Piggtråd kan nyttes til gjerde når det er same eigaren til grunnen på båe sider av gjerdet. Likevel må slikt gjerde ikkje settast opp nærare veg som andre har rett itl å ferdast på enn 2 1/2 meter frå vegkanten.
3.Høgste tråd i piggtrådgjerdet skal ikkje vera lægre enn 1, 20 meter frå marka. Dei andre trådane i gjerdet skal ikkje ha større avstand seg imellom og mellom lægste tråd og marka enn 30 cm.
4.Piggtrådgjerdet må settast opp og haldast ved lag på forsvarleg måte, slik at det ikkje valder skade på husdyr.