Forskrift om sams sauesanking, Kyrkjebø, Sogn og Fjordane

DatoFOR-1949-06-24-4
PublisertI 1949 452 II 1949 275
Ikrafttredelse24.06.1949
Sist endret
Endrer
Gjelder forKyrkjebø kommune, Sogn og Fjordane fylke
HjemmelLOV-1928-06-22-25-§65og§66
Kunngjort
KorttittelForskrift om sams sauesanking, Kyrkjebø

Fastsatt av Landbruksdepartementet

I medhald av §§ 65-66 i lov frå 22. juni 1928 om ymse jordspørsmål, vert det pålagt alle interesserte, i same mun som kvar har gagn av tiltaket, å gjeva tilskot til sams sauesanking på nordsida av Sognefjorden i Kyrkjebø herad, Sogn og Fjordadne fylke.

Feltet har desse grenser:

Vest mot Hovlandselva. Videre i nordaustleg leid til Storevatnet. Aust til Øvre-Breidalsvatnet. Der ifrå rett til Håland-Høyang. Ellers er grensa mot sør Sognefjorden.