Forskrift om sams sauesanking, Luster kommune, Sogn og Fjordane.

DatoFOR-1949-08-12-5
PublisertI 1949 639 II 1949 501
Ikrafttredelse12.08.1949
Sist endret
Endrer
Gjelder forLuster kommune, Sogn og Fjordane
HjemmelLOV-1928-06-22-25-§65og§66
Kunngjort
KorttittelForskrift om sams sauesanking, Luster

Fastsatt av Landbruksdepartementet 12. august 1949. 

I medhald av §§ 65-66 i lov frå 22. juni 1928 om ymse jordspørsmål vert det pålagt alle interesserte i same mun som kvar har gagn av tiltaket, å gjeva tilskot til sams sauesanking i Heimdalen og Framdalen i Luster herad, Sogn og Fjordane fylke.

Feltet har desse grenser:

Austgrensa byrjar ved utgarden på Grindesletten, nordaust over til Berge seter, vidare etter toppen av Kindfokfjell. Går vidare nordvestover til Opsarvatn. Vidare nordvest til Kongsdalsnåse, litt vest um denne til Smådalane. Bøyger so litt søraust til Kilen seter. Går so rett vest til Våg seter. Bøyger so austover til Fivlenåse. Fylgjer Fivlenåse i sudaustleg retning til det bøyger av austover og ender i utgarden ved Grindesletten.