Forskrift om piggtråd til gjerde, Bø kommune, Telemark.

DatoFOR-1949-11-03-1
PublisertI 1949 813 II 1949 623
Ikrafttredelse03.11.1949
Sist endret
Endrer
Gjelder forBø kommune, Telemark
HjemmelLOV-1893-07-14-7-§1
Kunngjort
KorttittelForskrift om piggtråd til gjerde, Bø

Fastsatt av Landbruksdepartementet 3. november 1949. 

I samsvar med lov frå 14. juli 1893 og kgl.res. frå 7. desember 1923 vert hermed stadfest dette vedtaket gjort av Bø heradstyre, Telemark fylke, i møte 15. september 1949, om bruk av piggtråd til gjerder i heradet:

1.Piggtråd kan nyttast til gjerde på desse vilkåra:
a.Trådane må vera fest med krampar til stolpar som ikkje må stå meir enn 2,5 meter frå kvarandre.
b.Høgste piggtråden skal vera minst 1 meter over marka.

Avstandet mellom trådane skal ikkje vera meir enn 0,40 meter.

c.Gjerde med piggtråd skal setjast opp på forsvarleg måte og haldast godt i stand.
2.Piggtråd kan ikkje nyttast til gjerde mot annan manns eigedom utan samtykke frå eigaren, eller langs privat veg utan samtykke frå eigaren, eller dei som har bruksrett til vegen.
3.For gjerde langs offentleg veg gjeld dei føresegner som til kvar tid er fastsett av fylkesvegstyret.