Forskrift om felles sauesanking, Strandvik og Varaldsøy kommuner, Hordaland.

DatoFOR-1950-05-19-3
PublisertI 1950 s 451, II 1950 s 100
Ikrafttredelse19.05.1950
Sist endret
Endrer
Gjelder forStrandvik kommune, Varaldsøy kommune, Hordaland
HjemmelLOV-1928-06-22-25-§65og§66
Kunngjort
KorttittelForskr. om felles sauesank., Strandvik m.fl.

Fastsatt av Landbruksdepartementet 19.05.1950. 

I medhald av §§ 65 og 66 i lov frå 22. juni 1928 om ymse jordspørsmål, vert det pålagt alle interesserte, i same mon kvar har gagn av tiltaket, å gjeva tilskot til sams sauesanking i dei nedanfor nemnde 2 beitefelt i Strandvik, Varaldsøy og Hålandsdal herader, Hordaland fylke.

Felta har desse grenser som og er merka av på eit framlagt kart:

Felt 1: Grensa for feltet tek til ved gnr. 101, Mjånes i Strandvik herad (punkt A) og fylgjer herfrå grensa for hamnehagane til gardane langs Sævareidfjorden og Henangervatnet i nordaustleg retning til gnr. 55, Kilen i Hålandsdal herad (punktB), vinklar her og fylgjer i sudaustleg retni grensa for hamnehagane til gardane på vestsida av Mundheimsdalen i Varaldsøy herad til Mundheim ved Hardangerfjorden (punkt C), vidare i same retning langs Hardangerfjorden fram til grensa mellom Varaldsøy og Kvinnherad (punkt D), vinklar her og fylgjer vestleg retning heradsgrensa mellom Kvinnherad og Strandvik fram til Sundvor ved Bjørnefjorden i Strandvik herad (punkt E), går så i nordleg retning langs hamnehagane til gardane langs Bjørnefjord attende til utgangspunktet.

Felt 2: Grensa tek til på «Hesten» (A.) litt sør for Fluedal og går i nordaustleg retning, fylgjer grensa for hamnehagen ti Øyerhamn til Hisfjorden (B.), fylgjer denne mot Haukenes (C.). Fylgjer grensa for hamnehagen til Våge. Går så i nordleg retning og fylgjer grensa for hamnehagen til gardane Kjærevik og Sandvik til utgangspunktet.