Forskrift om felles sauesanking, Samnanger kommune, Hordaland.

DatoFOR-1950-06-09-3
PublisertI 1950 s 513, II 1950 s 127
Ikrafttredelse09.06.1950
Sist endret
Endrer
Gjelder forSamnanger kommune, Hordaland
HjemmelLOV-1928-06-22-25-§65, LOV-1928-06-22-25-§66
Kunngjort
KorttittelForskrift om felles sauesanking, Samnanger

Fastsatt av Landbruksdepartementet 6. juni 1950. 

I medhald av § 65 og § 66 i lov frå 22. juni 1928 nr. 25 om ymse jordspørsmål, vert det pålagt alle interesserte, i same mon som kvar har gagn av vedtaket, å gjeve tilskot til sauesanking i det nedanfor nemnde beiteområde i Samnanger herad, Hordaland fylke.

Beiteområdet har desse grenser:

Grensa mot Haus tek til ved Langevatn og går i aust- og nordleg retning mot Holmevatnet til Trollabotshaugen. Beiteområdet er på motsett side her avgrensa av innmarka på gardane i Hisdal og Ådland.

Grensa mot Bruvik tek til i Trollabotshaugen og går i austleg og nordleg retning om Raunipo, Bogeskaret og Storefjell til Herfangen. Beitet er på motsett side her avgrensa av innmark og utslåtter på gardane i Norbygda, Gjerde, Steinsland, Tveit, Langeland, Grønsdal og Kvitingen.

Grensa mot Evanger går frå Herfangen i austleg retning til Stoliknausen. Beitet er på motsett side her avgrensa av innmark og utslåtter i Kvitingen.

Grensa mot Kvam går i sørleg retning frå Storliknausen om Svartevatn, Eikedalsvatn og Høgenova til Krokavatn. Beitet er her på motsett side avgrensa av utslåtter og innmark på gardane Høysæter, Børdal, Eikedal og Frøland.

Grensa mot Strandebarm går i sørleg retning frå Krokavatn om varden på Tveitakvitingen til Knutshaugen. Derifrå går grensa mot Hålandsdal i vestleg retning om Gjønakvitingen til vestre kant av Haugsfjellet. Beitet er her på motsett side avgrensa av innmarka på gardane Jarland og Haug.