Forskrift om sams sauesanking, Jølster og Førde kommuner, Sogn og Fjordane

DatoFOR-1951-12-07-1
PublisertI 1951 s 985, II 1951 s 510
Ikrafttredelse07.12.1951
Sist endret
Endrer
Gjelder forJølster og Førde kommuner, Sogn og Fjordane
HjemmelLOV-1928-06-22-25-§65og§66
Kunngjort
KorttittelForskrift om sams sauesanking, Jølster m.fl.

Fastsett av Landbruksdepartementet 7. desember 1951. 

I medhald av §§ 65 og 66 i lov frå 22. juni 1928 om ymse jordspørsmål, vert det pålagt alle interesserte, i same mon som kvar har gagn av tiltaket, å gjeva tilskot til sams sauesanking i eit beiteområde i Jølster og Førde herader i Sogn og Fjordane fylke.

Beiteområdet har desse grenser:

I nord til Jølstervatnet og Dvergsdalen, i vest til Hovudvegen Vassenden-Førde, i syd til Holsavatnet og Haukedalsvatnet, i aust til Jostedalsbreen.