Forskrift om piggtråd til gjerde, Voss kommune, Hordaland.

DatoFOR-1964-10-14-10
PublisertI 1964 s 1334, II 1964 s 642
Ikrafttredelse14.10.1964
Sist endret
Endrer
Gjelder forVoss kommune, Hordaland
HjemmelLOV-1961-05-05-§18
Kunngjort
KorttittelForskrift om piggtråd til gjerde, Voss

Fastsatt av Landbruksdepartementet 14. oktober 1964. 

Med heimel i § 18 i lov frå 5. mai 1961 om grannegjerde stadfester Landbruksdepartementet Voss kommunestyre sitt vedtak den 18. april 1964, der det er vedtatt:

I Voss herad, Hordaland fylke, skal det i merkesgjerde og gjerde mot sams utmark vera forbode å nytta piggtråd i lågare høgd enn 1 meter over marka.

Det skal vidare vera forbode å nytta piggtråd på toppen av risgjerde og steingjerde. For gjerde langs offentleg veg gjeld dei føresegner som måtte vera fastsett av fylkesvegstyret.

Det er sett straff for brot på desse føresegnene. Dei føresegner om bruk av piggtråd i Voss herad og Vossestrand herad som vart stadfest med skriv dagsett 4. mars 1927 frå Landbruksdepartemenetet og kgl.res. av 6. februar 1904 fell samstundes bort.