Forskrift om piggtråd til gjerde, Eigersund kommune, Rogaland.

DatoFOR-1965-05-28-3
PublisertI 1965 s 969, II 1965 s 468
Ikrafttredelse28.05.1965
Sist endret
Endrer
Gjelder forEigersund kommune, Rogaland
HjemmelLOV-1961-05-05-§18
Kunngjort
KorttittelForskrift om piggtråd til gjerde, Eigersund

Fastsatt av Landbruksdepartementet 28. mai 1965. 

Landbruksdepartementet stadfester med dette vedtak i Eigersund kommunestyre den 3. desember 1964, der det med heimel i § 18 a i lov frå 5. mai 1961 om grannegjerde er fastsett følgjande føresegner om bruk av piggtråd til gjerde:

Innan Eigersund kommune, Rogaland fylke, skal det vera forbode å bruka piggtråd til gjerde utan i desse høve:

1.I gjerde på eigen innmark der ingen annan enn eigaren har rett til å sleppa eller driva dyr.

Til delegjerde når grannane er samde om det.

3.På jarn som er bøygde innover i minst 45 grader med vertikallinje kan det strekkjast piggtråd når gjerdet er minst 1,40 høgt.

Til vøling av tidlegare oppsette piggtrådgjerde som ikkje er i samsvar med desse føresegnene, må det brukast glatt tråd eller anna ikkje farleg vyrke.

Det er straffbart å bryte føresegnene.

Desse føresegnene tar til å gjelda straks. Samstundes fell bort skriv dagsett 13. februar 1937 frå Landbruksdepartementet om bruk av piggtråd til gjerde i tidligare Helleland kommune og vedtekt stadfest av fylkesmannen den 20. mai 1959 om bruk av piggtråd til gjerde i Eigersund kommune.