Forskrift om piggtråd til gjerde, Orkdal kommune, Sør-Trøndelag.

DatoFOR-1965-06-04-1
PublisertI 1965 s 1011, II 1965 s 494
Ikrafttredelse04.06.1965
Sist endret
Endrer
Gjelder forOrkdal kommune, Sør-Trøndelag
HjemmelLOV-1961-05-05-§18
Kunngjort
KorttittelForskrift om piggtråd til gjerde, Orkdal

Fastsatt av Landbruksdepartemenmtet 4. juni 1965. 

Landbruksdepartementet stadfester med dette Orkdal kommunestyre sitt vedtak den 16. mars 1965 der det med heimel i § 18 a i lov frå 5. mai 1961 om grannegjerde er fastsett desse føresegnene om bruk av piggtråd til gjerde innan Orkdal kommune, Sør-Trøndelag fylke:

1.Mot naboeigedom kan piggtråd berre nyttast når han vert sett ovanpå anna lovleg gjerde i minst 1,25 m over jorda, eller når naboen gjev løyve til å sette piggtråd på annan måte.
2.Langs ferekster som andre enn gjerdehaldaren har rett til å bruke, må piggtråd ikkje nyttast utan at dei som har slik rett, gjev løyve til det.
3.I utmark eller mellom innmark og utmark der andre enn gjerdehaldaren sine dyr kan koma til, må piggtråd ikkje nyttast uten at han vert sett 1,25 m over jorda.
4.Brot på desse føresegnene fører med seg straffansvar.

Desse føresegnene tek til å gjelda straks. Frå samme tid fell bort vedtekt om bruk av piggtråd i Orkdal, stadfest av fylkesmannen 17. november 1951.