Forskrift om faredag for tilreding og fråtreding av forpakta eigedom, Rogaland.

DatoFOR-1967-03-14-1
PublisertI 1967 s 602, II 1967 s 151
Ikrafttredelse
Sist endret
Endrer
Gjelder forRogaland fylke
HjemmelLOV-1965-06-25-1-§5
Kunngjort
KorttittelForskrift om faredag, Rogaland

Fastsatt av Landbruksdepartementet 14. mars 1967. 

Med heimel i § 5 i lov om forpakting frå 25. juni 1965 har Landbruksdepartementet fastsett 15. mars som faredag for tiltreding og fråtreding av forpakta eigedom i Rogaland, om ikkje annan faredag er avtalt mellom partane. Denne føresegna gjeld for tiltreding og fråtreding av forpakting i 1968 og seinare.